Hopp til innhold

Sagna kan erstatte Badji

Den senegalesiske midtbanespelaren Sidy Sagna frå den franske toppklubben St. Etienne kan bli Stephane Badji sin erstattar i Sogndal.

Sidy Sagna på Sogndal-trening 05.03.13

MIDTBANEANKER: Sidy Sagna trenar med Sogndal denne veka og kan bli klubben sitt nye midtbaneanker.

Foto: Arve Uglum / NRK

- Det ser bra ut. Treningane er gode, og folk er greie, seier den 1,81 meter høge 23-åringen som har vore under kontrakt med St. Etienne sidan 2010.

Det har vorte smått med speletid, og kontrakten hans i Frankrike går ut 31. juli i år. Går det godt på treningane denne veka kan han vere Sogndal-spelar lenge før den tid.

Sogndal ser det an

- Han er ein bra spelar med godt blikk og som dekker store rom. Vi får sjå. Han spelar truleg ei stund i treningskampen mot Strømsgodset på fredag, og det er veldig avgjerande for meg, seier Sogndal-trenar Jonas Olsson.

Sportsleg leiar Håvard Flo seier at sjølv om Sagna kjem frå ein av dei største klubbane i Frankrike har han tru på at ein overgang vil løysa seg reint økonomisk, dersom dei bestemmer seg for å gå for denne spelaren.

Eirik Bakke, Tor Arne Ness, Håvard Flo og Egil B. Mundal

MANNSTERKE: Speidar Eirik Bakke, styreleiar Tor Arne Ness, sportsleg leiar Håvard Flo og dagleg leiar Egil B. Mundal var alle på plass for å sjå Sagna.

Foto: Arve Uglum / NRK

Utgåande kontrakt

- Det trur eg kan løysast. Han er inne i siste perioden av kontrakten sin, så me har fått innspel på at dette kan løysast på ein ok måte. Men vi må vite at det er dette vi vil. Han skal vere her nokre dagar til så vi får gjere oss endå betre kjent med han.

Sogndal selde nyleg den viktige midtbanespelaren Stephane Badji til Brann for i underkant av sju millionar kroner. Samtidig er første seriekamp heime mot Tromsø berre 12 dagar unna. Det betyr at dei har pengar å bruke, hol å fylle og dårleg tid. Det er ikkje alltid den beste kombinasjonen.

Kan vente litt til

- Han er ein bra spelar med gode individuelle ferdigheiter. Eg trur omgjevnadene er litt ukjende for han så det må vi ta med i betraktninga, men han er definitivt ein interessant spelar.

- Kor lenge kan de venta?

- Det er litt usikkert. Når vi søker i marknaden no må vi vere så sikre som vi kan vere på at dette er riktig. Eg er usikker på om ein «quick-fix» er det rette for oss no. Men det er klart at seriestarten er rett rundt hjørnet no. Men overgangsvindauget er ope til 5. april, så vi har tid enno, seier Flo.

Defensiv midtbanespelar

På si andre Sogndal-trening framstod Sagna som ein disiplinert midtbanespelar med mest fokus på det defensive. Favorittposisjonen synest å vera som eit skjold framfor forsvaret. Jonas Olsson legg ikkje skjul på at det er akkurat denne spelartypen dei ser etter. Samtidig utelukkar han ikkje at det kjem fleire kandidatar på Sogndal-trening med det første.

- Kjem det nokon er det fordi vi har stor tru på at det skal gå i boks. Det kan bli nokre til, men vi får sjå. Vi har fått tilbake spelarar også, Ørjan Hopen for eksempel. Han ligg betre an enn eg trudde.

- Berre vent og sjå...

Sidy Sagna er god kamerat med Sogndal-spelar Malick Mane, og får han bestemma er det ingen tvil om at det blir landsmannen Sagna som erstattar Badji.

- Dei er veldig like. Sagna og Badji er same type spelarar. Han er ein defensiv spelar som kan angripe også, berre vent og sjå, gliser Mane.

Sidy Sagna og Malick Mane

KOMPISAR: Sidy Sagna er kamerat med landsmannen og Sogndal-spelaren Malick Mane frå før.

Foto: Arve Uglum / NRK