NRK Meny
Normal

Sogndal kjempar mot klokka

I dag er det to veker til Sogndal og Tromsø skal kjempe om årets første eliteseriepoeng på Fosshaugane. Men bana er langt frå speleklar.

Fosshaugane Campus laurdag

LAURDAG: Slik såg kunstgrasmatta på Fosshaugane ut laurdag, medan Sogndal-spelarane slo Fyllingsdalen 2-1.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Medan Sogndal i går slo Fyllingsdalen FK 2-1 på ei grøn kunstgrasmatte i Sognahallen , ligg kamparenaen til eliteseriestarten framleis frosen og kvit på Fosshaugane.

For sjølv om bana skal ha undervarme, er det berre ein liten del av bana som ligg grøn. Og det er ikkje takka vere undervarme.

Egil B Mundal (til venstre) og Rasmus Mo

LEIAR: Egil B. Mundal.

Foto: Elin Moen Karlsen / Norsk Plan

– Status er som det har vore, at ein jobbar med å få i gang undervarmen. Den fungerer framleis ikkje slik produktet var kjøpt, stadfestar dagleg leiar Egil B. Mundal i Sogndal Fotball.

Varmematter

For eliteserieklubben er det no ein kamp mot klokka og dagane for å få heimebana klar. Serien startar 17. mars med heimekamp mot Tromsø, men undervarmen har ikkje fungert sidan dei fekk installert det nye anlegget i fjor sommar.

Dei siste vekene har elektrikarar jobba på spreng for å få i gang undervarmen. Då det ikkje har lukkast, må slangar fyllt med varmtvatn og varmematter takast i bruk.

(Artikkelen held fram under biletet)

Fosshaugane Campus

TINAR: Slik blir matta på Fosshaugane tina 200 kvadratmeter i slengen.

Foto: NRK.no-tipsar

– Så lenge elektronikken ikkje står oss bi på undersida, så må vi varme opp frå oversida, seier Mundal.

Ventar rapport

Om ein ikkje kjem opp med andre gode idear, så vil grasmatta bli tint med 200 kvadratmeter i slengen. Kvar seksjon tek truleg minimum 12 timar å tine.

Med ei bane på nær 9.000 kvadratmeter vil det gå dagar med tining døgnet rundt.

– Einaste fokus vi har på bana, er å få den klar til første serierunde. Om det er frå undersida og opp, eller frå oversida og ned, er ikkje så viktig, seier Mundal og seier han måndag vil få ein ny statusrapport på arbeidet.

Førde må vente

– Vi ventar rapport måndag på status og korleis Desso har tenkt å løyse det. Så tek vi dialog med fotballforbundet, legg Mundal til og seier erstatningskrav mot leverandøren ikkje er det dei tenkjer mest på no.

Det er ikkje berre i Sogndal dei har problem med undervarmen til nylagt kunstgrasbane.

Også i Førde må spelarane til 2. divisjonslaget vente på ta i bruk idrettsparken i vinter. Ifølgje Firda seier det hollandske selskapet HSI at dei først vil gjere seg ferdige i Sogndal før dei tek til på arbeidet i Førde.

Siste nytt

  • Beskyldes for å ha dopet hundene

    Ledelsen for Iditarod-løpet i Alaska i USA anklager Dallas Seavey, som har vunnet løpet fire ganger, for å ha dopet hundene sine. Selv nekter 30-åringen for å ha gitt forbudte stoffer til dem i årets løp, og han har trukket seg fra neste års løp i protest.

    Dallas Seavey
    Foto: Mark Thiessen / AP
  • New York Rangers tapte igjen

    Mats Zuccarello og New York Rangers gikk på nok en smell da de tapte 1-4 mot San Jose Sharks natt til tirsdag. Lørdag fikk Rangers en kjærkommen opptur med en 4-2-seier, men mandag ble det nytt tap. Laget har nå tapt åtte av sesongens ti kamper.

    Feiret scoring
    Foto: Adam Hunger / Ap
  • Ronaldo ble årets spiller

    Cristiano Ronaldo ble kåret til årets spiller under FIFAs prisutdelingsgalla i London mandag. Real Madrid-stjernen har vunnet priser på løpende bånd de siste sesongene. Mandag stakk han av med en ny gjev utmerkelse – i kamp med Barcelonas Lionel Messi og Paris Saint-Germains Neymar.

    FBL-FIFA-AWARDS
    Foto: GLYN KIRK / AFP

Sendeplan

Kl. Program Kanal
VM-kvalifisering fotball, kvinner: Nederland - Norge
4-4-2 VM-kvalifisering fotball kvinner: Nederland - Norge
VM-kvalifisering fotball: Nederland - Norge