Hopp til innhold

Sogndal sikra seg opprykk

Med 2-0 siger over tabelltoar Fredrikstad onsdag kveld sikra Sogndal seg tre veldig viktige poeng. No kan laget endeleg juble over plass i eliteserien neste sesong.

- SKRIV INN DI HELSING NEDST I SAKA -

Sogndal 2-0 mot Fredrikstad

Sogndal-spelarane jublar etter 2-0 målet. Servert av Tommy Øren.

Foto: Ole Ramshus Sælthun / NRK

- Dette er det beste eg har vore med på, seier ein jublande glad Sogndal-trenar Harald Aabrekk til NRK rett etter kampslutt.

  • Send di gratulasjonshelsing neders i saka

Tok seg saman i andre omgang

For det var etter ein mållaus første omgang at Sogndal tok grep og skåra to mål i andre omgang.

Fredrikstad klarte aldri å svare og i Sogndal var det nok mange supporterar som fekk varmen i seg når dommaren bles i fløyta.

- Det hjelpte med snø, men det var i hovudsak kollektivet som var der ute som gjorde jobben, noko eg er stolt over, seier Aabrekk som sjølv kom til Sogndal før sesongen med store ambisjonar.

7 av 11 frå Sogn og Fjordane

Det var ein spesielt viktig kamp som onsdag kveld vart spelt på Fosshaugane Campus i Sogndal. I lett snødrev kjempa Sogndal-spelarane med nebb og klør om å sikre siger, tre poeng og opprykk. Og etter full tid kunne laget endeleg sleppe jubelen laus.

Det er eit Sogn og Fjordane lag som no er klare for den tøffaste ligaen for fotballag i Norge. For med 7 av 11 spelarar på bana frå fylket er Sogn og Fjordane igjen tilbake i det gode selskap.

Flo og Øren på skåringslista

Også på skåringslista syner fotballgutane frå fylket att.

For medan stryningen Per Egil Flo starta ballet med si 1-0 skåring etter 59 minutt, var det ein sogning som plussa på til 2-0.

Etter 68 minutt spel var det altså Tommy Øren sin tur, då han elegant plasserte ballen i mål bak Fredrikstadkeeperen.

NRK Sogn og Fjordane kjem attende med meir.

Skriv di gratulasjonshelsing til Sogndal-spelarane i kommentarfeltet under.