Kvar gong Sogndal spelar kamp i eliteserien går det med 36 tusen liter vatn for at kunstgraset skal vere godt og trygt å spele på.
Kvar dag må samtidig millionar av menneske verda over gå store avstandar for å ha nok vatn til å overleve.
– Når ein ser på kontrastane er det ganske vilt eigentleg, seier spiss og sogndalsspelar Ulrik Flo.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
Audmjuk over lett tilgang
Med vassfylte bøtter stilte spelarar og tilsette i Sogndal Fotball opp på Fosshaugane Campus for å illustrere denne kontrasten – og samtidig støtte opp om årets TV-aksjon.
– Me ønskjer å visa at me er særdeles audmjuke over at me har så lett tilgang på ein ressurs som vatn, seier Rasmus Mo, marknadssjef i Sogndal Fotball.
Stuntet illustrerer samtidig kor absurd det ville vore dersom vatnet som går med under ein eliteseriekamp skulle ha blitt henta i tilitersbøtter.
– Med tjue mann hadde me brukt 37,5 døgn berre for å levera vatn til den eine kampen. I seg sjølv sikkert god trening, men det hadde ikkje blitt mykje fotballferdigheiter, seier Mo.
Umogleg oppgåve
Så mange som 780 millionar menneske har ikkje tilgang på reint vatn.
Kristin Sandal, fylkesleiar for TV-aksjonen her i Sogn og Fjordane, seier det ikkje er så mykje som skal til før det monnar.
– Gjev du to hundre kroner kan du hjelpe eitt menneske til å få tilgang til reint vatn. Målsetninga med TV-aksjonen er at ein million menneske skal få varig tilgang på reint vann, seier ho.