Hopp til innhold

Fleire klubbar permitterer tilsette – toppklubbane i Noreg har allereie tapt 50 millionar

Både Sogndal og Vålerenga varslar permitteringar av tilsette i korona-krisa. No fryktar fotballpresidenten enno raudare tal i den viktige april-månaden.

M_EmnWc2qhQ fotballpresident, Terje Svendsen.

BEKYMRA: Fotballpresident Terje Svendsen i NFF meiner store tiltak må til frå myndigheitene, for å redde norsk toppfotball. Fleire klubbar har alt byrja å permittere tilsette.

Foto: Vidar Ruud

– Situasjonen er så alvorleg at dei økonomiske løysingane må komme frå myndigheitene, seier fotballpresident Terje Svendsen i NFF til NRK.

Måndag vart det kjent at toppserieklubben Arna-Bjørnar må permittere både spelarar og administrasjon på grunn av økonomiske utfordringar.

Tysdag gjer 1.-divisjonsklubben Sogndal det same. Også Vålerenga permitterer heile A-laget på kvinnesida, skriv VG. I Bergen vurderer Sportsklubben Brann liknande tiltak.

I eit estimat frå NFF gjekk 50 millionar tapt for norske toppklubbar i løpet av mars månad, mellom anna som følgje av arrangement-avlysingar, og kampnekt.

Fotballpresidenten ser allereie mørkt på april.

– April er første månad i ein sesong og normalt sett ein viktig inntektsmånad for klubbane. Tapa for denne månaden vil vere på eit heilt anna nivå enn for mars, seier Svendsen.

Raude tal

Han er, i likskap med andre, redd for at fleire klubbar må permittere i tida som kjem.

For Sogndal har mykje av den siste tida handla om å komme på rett kjøl igjen, økonomisk, etter eit tøft år med raude tal på boka i fjor.

Dagleg leiar Rasmus Mo tykkjer det er utfordrande for klubben som endeleg hadde byrja å kome i balanse.

– Me må berre føye oss til krava som er stilt. Det er det viktigaste. Samstundes hadde me eit forventa inntektstap på 350.000 kroner i løpet av mars månad. Det håpar me vert kompensert.

Med 15–16 personar frå administrasjon og utviklingsavdelinga i permisjon er klubben prega av alvorets stund.

– Eg håpar det vil gå over. Men det uføreseielege i dette er skremmande.

Rasmus Mo

TUNGT: Store økonomiske tap har ført til at leiar Rasmus Mo og Sogndal ikkje har sett seg noko anna val enn å permittere fleire tilsette i klubben.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Brann vil tapa to millionar kvar kamp

Også Sportsklubben Brann vurderar kva dei skal gjere i tida som kjem. Dei økonomiske tapa vil etter kvart verte for store, dersom sesongen ikkje kjem i gang.

– Me har estimert at me vil tape rundt to millionar kroner for kvar kamp som vert spelt utan publikum. Blir dei avlys vert summen høgare, seier dagleg leiar Vibeke Johannesen.

Ho seier at klubben no vurderar om dei skal permittere, slik Sogndal og Arna-Bjørnar har gjort.

Vibeke Johannessen ser på Branns nye tribune

TOMT: Dagleg leiar Vibeke Johannesen i Brann, må nok sjå langt etter fulle tribunar denne våren.

Foto: SIMON SKJELVIK BRANDSETH

Får 100.000 private kroner

For toppserieklubben Arna-Bjørnar er situasjonen blitt litt lysare tysdag, etter varselet om permittering i går.

– Me har allereie fått donert 100.000 kroner frå eit firma, som ønsker å bidra til å hjelpe oss gjennom dette. Det er rett og slett fantastisk, seier presseansvarleg Kjell-Åge Kvamme i Arna Bjørnar.

Men sjølv om gåvepakker kan hjelpe enkeltklubbar å komme seg gjennom tronge tider, meiner fotballpresidenten at det er regjeringa som sit med dei viktigaste korta for kva som vil skje med norsk toppfotball.

– Tilstrekkelege ordningar må til, som kan sikre at vi har berekraftige klubbar, også etter koronaviruset, seier Terje Svendsen.