Hopp til innhold

Assistent-trenarane bryr seg ikkje om tabellplasseringa

Måndag møtast tabelltopp Sogndal og tabelltoar Rosenborg til oppgjer. – Dette er jo per definisjon ein toppkamp, ler assistenttrenar Terje Skjeldestad.

Terje Skjeldestad

TRUR PÅ SIGER: Assistenttrenar Terje Skjeldstad trur Rosenborg skal vere gode for å slå Sogndal. Sjølv får han ikkje sett kampen på Lerkendal.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Han seier sogningane er i rute før tredje runde i eliteserien. Kampen blir spelt på Lerkendal 2. påskedag. Etter ein god start på sesongen, ligg altså Sogndal øvst på tabellen. Men dette vil ikkje Terje Skjeldestad leggje så mykje vekt på.

– Tabellplasseringa får vere som den er. Vi skal jo uansett møte alle laga to gonger. Men det er klart det er gøy å få ein god start føre ein lang sesong, seier han.

Sogndal har ikkje statistikken med seg når det gjeld Rosenborg. Trønderane har vunne alle kampane dei har spelt mot sogningane på Lerkendal.

– Historia talar for seg, men vi kan ikkje tenkje på dette. Fotball er fotball. Vi må senke skuldrene og tenkje at det vi gjer held mål.

Tabellen i eliteserien

PÅ TOPP: Slik ser tabellen ut etter to kampar.

Foto: Skjermdump NRK.no

Kollektivt press

Han seier dei først og fremst må halde fram det gode kollektive presset dei har hatt dei to første kampane.

– Vi har fått vist oss fram. No handlar det om å gjere jobben vår 100 prosent framover. Vi har vist at vi kan spele ball med dei beste. Gjer vi jobben vår skikkeleg i morgon, skal Rosenborg vere gode for å slå oss.

Håvard Flo

OFFENSIVE: Håvard Flo er klar til å gi Rosenborg tøff motstand.

Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

Heller ikkje den andre assistenttrenaren, Håvard Flo, bryr seg så mykje om tabellplasseringa.

– Det er jo tidleg i sesongen, men vi kan jo glede over oss at vi er på topp. Ein bra start er ikkje å forakte. No reiser vi til Lerkendal for å vere offensive, men vi er budde på at det blir ein tøff kamp, seier Flo.

Mecinovic står over

Jasmin Mecimovic ut med skade. Kim Are Jacobsen til høgre.

TRAKKA OVER: Jasmin Mecinovic måtte gi tapt etter ein overtramp i kampen mot Hønefoss førre helg.

Foto: Ole André Rekkedal

Når det gjeld skadesituasjonen i laget, er den nye midstopparen Jasmin Mecinovic ute.

– Han trakka over sist kamp, så vi har bestemt oss for å spare han til kampen mot Haugesund, seier Flo.

Per Egil Flo står også over kampen i morgon. Han er tidlegast klar til kampen neste helg. Thomas Eriksen Ness, Espen Næss Lund og Eivind Daniel Røed er ute i lengre tid.

– Eirik Bakke har slite med ein kranglete fot, men er med i troppen. Ørjan Hopen har ein sår akilles, men er rapportert klar til kamp, seier han.

Får ikkje sett kampen

Terje Skjeldestad trur laget får ein flott kamp 2. påskedag. Det er heilt spesielt å spele på Lerkendal, med mykje folk og god stemning. Sjølv får han ikkje bli med til Trondheim.

Eg er på veg til Tsjekkia med G16-landslaget, men eg skal nok halde meg oppdatert om korleis det går, seier han.