Hopp til innhold

Begge Aase-brørne returnerer til Florø

Berre månader etter at kanskje to av landets største fotballtalent signerte for Sogndal, er dei attende i moderklubben Florø.

Sogndalspelar Stefan Aase

REISER HEIM: Sogndalspelar Stefan Aase sat på benken for Sogndal i helga. Dei neste månadene skal han spele 3. divisjonsfotball med moderklubben Florø.

Foto: Stig Høynes

Med det er begge brørne, som i fjor varsla overgang frå Florø SK til Sogndal , attende i moderklubben.

Begge skulle etter planen gå på vidaregåande skule i Sogndal.

– Med Stefan går det på at han ikkje føler at han har hatt den utviklinga han ynskte i vinter. Vi skal sjå om vi kan hjelpe han å finne attende til gløden og gje han kamptrening, fortel FSK-trenar Terje Rognsø.

Langt frå A-laget

Brørne Peter og Stefan Aase vert rekna som to av landets største fotballtalent i si årsklasse. I fjor haust vart heimlengsla for stor for Peter, og han valde å flytte heim att til kystbyen.

Det gjer også bror hans, Stefan, etter at han i helga sat på benken då Sogndal knuste Odd Grenland 4–0 i serieopninga i eliteserien.

– Forklaringa er vel så pass enkelt at han er for langt unna A-laget til Sogndal, så det kan kanskje vere rett å ta eitt steg tilbake, spele på seg sjølvtillit att og å få kamptrening, seier Rognsø.

Trenar med Sogndal

Det har ikkje lukkast NRK å få kontakt med spelaren sjølv. Rognsø seier at begge brørne skal vere attende i Sogndal seinast 1. august i år.

– Kva trur du dette får å seie for utviklinga til Stefan Aase?

– Det er snakk om ein så kort periode, at eg trur ikkje det får noko å seie. Saman med Sogndal har vi prøvd å lage ein god plan for perioden. Begge skal framleis hospitere i Sogndal og vere med på øktene det er viktig å vere med på, seier Rognsø.

Stor overgang

For spelarane som er eit stykke frå A-laget til Sogndal, er alternativet 4. divisjonsspel med Sogndal 2. Det er framleis ei tid att til sesongen startar 22. april.

Såleis blir ikkje kamptilbodet dårlegare for Aase-brørne. Toppspelarutviklar og assistenttrenar Håvard Flo vedgår at det er ein stor overgang å kome frå ein utviklingsklubb til ein toppklubb.

– Det å gå frå ein 3. divisjonsklubb til ein eliteserieklubb er ei mangeårig utdanning i seg sjølv. Even Hovland trengde tid og Mats Solheim trengde tid. Det må ein ta med seg. Samstundes er det viktig å spele fotball når ein er 16 år gamal, seier Flo.

Viser fin utvikling

Ifølgje Flo var det spelaren sjølv som tok initiativ til ein utlånsavtale med moderklubben for å få kamptrening.

– Vi hadde eigentleg håp, og var i dialog med Stefan og FSK, på at han framleis skulle vere med oss og tilpasse seg. Då Ole Jørgen Halvorsen reiste til Fredrikstad, var det eit hinder mindre for Stefan. Men vi har imøtekome ynsket hans, seier Flo.

Heller ikkje toppspelarutviklaren fryktar at utviklinga til Aase-brørne vil stagnere om dei no skal spele 3. divisjonsfotball dei neste tre-fire månadene.

– Peter var med oss nedover til La Manga og viste at han er i fin utvikling.