Det kostar 5,5 millionar kroner å legge kunstgras, men marknadsansvarleg Rasmus Mo i Sogndal Fotball meiner det ikkje var nokon veg utanom.
– Det er ein merkedag for fotballen i Sogn og Fjordane, det er eit stort steg å ta, men no er vi i gang.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
(Artikkelen held fram under biletet).
- VEMODIG, MEN GODT: Eigedomssjef Tom Idar Teigen i Sogndal Fotball tek dei siste stega på naturgraset.
Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK– Vemodig, men godt
Eigedomssjef Tom Idar Teigen vedgår at det var litt blanda kjensler då det heile var i gang.
– Det er klart det er litt vemodig, men det skal bli godt å få kunstgras. Vi treng det, for kvaliteten på denne bana har vore så som så i det siste, vi ser fram til kunstgras.
– Kva skal gjerast?
– Først skal jordlaget på ca seks centimeter skavast av, under jordlaget er det sand, det vart fylt med sand då dei bygde Fosshaugane. Det er ideelt for kunstgras. Så må vi lage ei drensgrøft rundt heile vegen slik at det er god drenering for kunstgraset, vi skal legge ny vatning og så planere til att etter nye reglar. Det betyr i praksis at bana skal senkast litt på midten og byggjast opp litt på sidene.
– Kva skjer med graset?
– Det blir berre køyrt vekk på fylling, men er det nokon som vil ha seg litt torv så er det fritt fram.
(Artikkelen held fram under biletet).
INGEN VEG UTANOM: Marknadsansvarleg Rasmus Mo i Sogndal Fotball (t.v.) saman med maskinkøyrar Arvid Fredheim.
Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK– Etterlengta og fornuftig
Marknadsansvarleg Rasmus Mo seier at det nye dekket er etterlengta.
– Ja, det er klart at det underlaget vi har spelt på dei siste åra er modent for utskifting. Så er det vel nokon som meiner at saftbygda Sogndal ikkje bør ha kunstgras. Men med seriespel frå mars til november har vi ikkje klima til å halde ei naturgrasbane ved like.
Ein del av spelarane i Sogndal har vore kritiske til kunstgras, mellom dei Eirik Bakke, men i følgje Mo er denne diskusjonen eit tilbakelagt stadium
– Vi greier ikkje, korkje økonomisk eller praktisk å halde ei grasmatte i så mange månader med så mykje vinter som det trass alt er i Sogn. Dette er det einaste fornuftige no.
Fekk ikkje trene på kamparenaen
– Eg kan nemne at i fjor trena laget to gonger på eige gras, altså på Fosshaugane Campus. Då er vi nesten like mykje på bortebane som gjestene våre. Med kunstgras kan vi trene og spele kampar på same underlaget. Vi skal og legge nytt kunstgras i Sognahallen, slik at vi får like trenings- og kampforhold.
Og no er det ikkje berre eliteseriekampar som skal avviklast på Fosshaugane Campus.
– Ikkje minst så kan Fosshaugane Campus no brukast som kamparena i aldersfastlagd fotball, og det er kjekt. Det er i god Campus-ånd at denne arenaen skal leve heile tida. Det er landets desidert mest besøkte arena fordi det er ope nesten 24 timar i døgeret , det er 3500 elevar og studentar som fritt går her.
– Det at grasmatta vår nesten har vore ein freda plett det skurrar litt. No får vi ein levande arena frå morgon til kveld, og det er det vi ønskjer.
(Artikkelen held fram under biletet).
STARTAR I EIT HJØRNE: Snart er naturgraset på Fosshaugane historie.
Foto: Arve Uglum / NRKGjerne konsertar på Fosshaugane
Og Rasmus Mo ser ikkje bort frå at Fosshaugane Campus kan brukast til andre arrangement enn fotball, til dømes konsertar.
– Ei kunstgrasmatte gir grunnlag for slike arrangement. Vi har storskjerm og fasilitetar for å lage store produksjonar. Det er berre fantasien som set grenser for kva vi kan finne på.
I tillegg til kunstgrasbana skal Sogndal Fotball og bruke pengar på digitalisering av reklamen rundt bana, også innandørs skal det gjerast ein del. I alt skal det brukast 10 millionar kroner.
– Det er delvis bidrag frå gode aktørar pluss låneopptak. Vi har tradisjon i Sogndal for at vi ikkje brukar pengar vi ikkje kan gjere opp for. Vi har jobba knallhardt i eitt år for å skaffe pengar til å legge denne bana. 10 millionar er mykje for ein klubb som Sogndal, men finansieringa er i orden.