Hopp til innhold

Sandnes legg press på Sogndal

Sandnes Ulf nedsabla Tromsø 5-1 i den viktige, utsette eliteseriekampen onsdag. – Det var ikkje slik vi håpa det skulle gå, seier sogndalspelar Henrik Furebotn.

Henrik Furebotn

OVERRASKA: Henrik Furebotn var mellom Sogndal spelarane som benka seg framfor TV-skjermen for å følgje Sandnes Ulf- Tromsø i kveld.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Med sigeren knappar Sandnes-laget på kvalifiseringsplass inn Sogndal sitt forsprang til to poeng med to kampar att av sesongen.

Det ligg med andre ord an til ein meir spennande sesonginnspurt enn det dei fleste hadde trudd på etter at Sogndal slo Vålerenga 1-0 på måndag.

– Men det er framleis opp til oss sjølve. Vi må ha ein siger til, og det er jo kjekt å ha noko å spele for, seier midtbaneterrier Henrik Furebotn.

– Litt overraskande

Dei fleste med kjensler for Sogndal benka seg nok framfor fjernsynsskjermen for å følgje det viktige oppgjeret i Sandnes. Siger til Tromsø ville meir eller mindre sikra Sogndal fornya eliteseriekontrakt.

– Då skulle det mykje til for at vi ikkje skulle klare oss, vedgår Furebotn. Men heimelaget Sandnes Ulf levna liten tvil om at dei ikkje gir seg utan kamp.

Det som var 2-0 til pause, enda til slutt i heile 5-1 då dommaren blåste for full tid.

– Det var litt overraskande. Tromsø plar vere solide bak, men det såg ikkje ut som om dei ville vere der. Det er jo litt underleg når dei reiser så langt, humrar Furebotn.

– No må vi fullføre

Midtbanespelaren seier resultatet ikkje endrar noko på situasjonen for Sogndal. Det betyr fullt fokus fram mot Stabæk-besøket kommande helg, og ikkje minst «storebrorbesøk» frå Bergen neste helg.

– Sandnes Ulf har jo Strømsgodset i helga, og dei får det tøft mot eit lag i gullkampen. Samstundes blir det vanskeleg for oss også, sjølv om det på papiret skal sjå greitt ut. Eg tenkjer nok at Stabæk vil revansjere 0-6 mot Fredrikstad i helga, seier Furebotn og ikkje føler noko ytterlegare press i sesonginnspurten etter sandnesgauken sin overtydande siger.

– Vi har jo heile tida hatt som utgangspunkt at dette er noko vi skal klare sjølve, og ikkje la andre styre. No handlar det om å fullføre det vi har starta på.