Hopp til innhold

Løken trur Sogndal klarer seg, men åtvarar mot Sandnes Ulf

– Måndagens 1–0 siger over Vålerenga, sikra Sogndal langt på veg fornya kontrakt i Eliteserien, seier NRK sin fotballekspert Karl-Petter Løken.

Patronen

JUBEL: Hannu Patronen vert tiljubla av lagkameratar etter den viktige scoringa.

Foto: Snæland, Alf Vidar / NTB scanpix

I kampens siste sekund, tre minuttar på overtid, dukka finske Hannu Patronen opp og stanga inn sigersmålet.

Sigeren gir Sogndal eit aldri så lite pusterom i nedrykksstriden. Karl-Petter Løken trur Jonas Olsson sine disiplar har gjort nok til å starte førebuingane mot klubbens tredje strake eliteseriesesong.

– Det styrker Sogndal sine aksjar monaleg. No har dei eit veldig godt utgangspunkt og kan avgjere dette sjølve, seier NRK sin fotballekspert.

Trur på Sogndal

Karl-Petter Løken

HAR TRUA: Karl-Petter Løken.

Foto: NRK

– Det verste dei kan hamne på er kvalifiseringsplass, men eg trur dei styrer unna begge deler, held Løken fram.

Sogndal starta sesongen forrykande og kniva lenge heilt i toppen av tabellen. Ein svært dårleg periode førte laget nedover tabellen og langt inn i nedrykksstriden. Mot slutten av sesongen har poengfangsten igjen teke seg opp og laget ser no ut til å gå mot fornya kontrakt.

Måndag kveld pusta både heimepublikum og sogndalsspelarar letta ut då det vart tre, og ikkje eitt, poeng mot Martin Andresen sine Vålerenga-spelarar.

(Artikkelen held fram under avrøystinga)

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

– Som å vere i himmelen

– Det var magisk. Ei heilt fantastisk kjensle. Eg hadde gløymt kor god den er, stråla keeper Kenneth Udjus.

Hannu Patronen stråla om kapp med sola etter å ha sett inn si andre scoring for sesongen. Ei scoring som sendte heile Fosshaugane til himmels, og ei scoring han sjølv skildra som hans viktigaste nokosinne.

– Det er som å vere i himmelen, gliste han etter kampen.

– Sandnes Ulf er i form

Men både spelarar, supporterar og trenarapparatet er vel klar over at sesongen framleis ikkje er over. Det poengterer også Karl-Petter Løken når han heller kaldt blod i vatnet til alle som er glade i Sogndal.

For medan det meste burde vere ordna med tanke på eliteseriestatus også i 2013, har Sandnes Ulf tre kampar att. Sogndal har to kampar. Det skil dei to laga fem poeng.

– Sandnes Ulf har prestert bra i det siste, men har fått dårleg betalt, og vil nok ta ein del poeng på dei tre siste kampane. Dei vinn nok ikkje all tre, men at dei vinn ein eller to kan godt hende, seier Løken og er trygg på at Sandnes Ulf er den av dumpekandidatane som kan ta att Sogndal.

Matchball

– Fredrikstad har eit beintøft program att, Rosenborg på Lerkendal og Molde heime. Fredrikstad kan kanskje vinne ein av dei, men ikkje begge to. Når Sogndal allereie har fire poeng på Fredrikstad, så kjem Fredrikstad aldri til å ta att Sogndal, seier han skråsikkert.

Første matchball, med Sogndal-auge, blir allereie onsdag når sandnesgauken tek imot Tromsø på heimebane.

Overkommeleg program

Siger til dei lyseblå løftar Sandnes Ulf til kvalifiseringsplass og minskar avstanden til Sogndal til to poeng.

Når kampen onsdag er over, står alle lag med to kampar att av sesongen. Og Løken meiner Sogndal, som har att middelhavsfararane Brann og allereie nedrykksklare Stabæk, har eit godt utgangspunkt til å avgjere nedrykksstriden til sin fordel.

– Dei har veldig gode moglegheiter til å vinne begge kampane. Stabæk slit defensivt og slepp inn alt for mange enkle baklengsmål. Og Brann har dei gode moglegheiter til å ta heime, meiner Løken.