Hopp til innhold

Soad risikerer å verte skild frå dottera ho ammar

LEIKANGER (NRK): Styresmaktene meiner at mannen til Soad ikkje har jobba lenge nok til at familien får bli i Noreg. No vil dei sende ho ut, utan at dottera har reisedokument.

Soad Mousa med dotter manway og delshah mousa med son Ali

FAMILIEN: Mamma Soad Mousa, med dottera Manwr (åtte månader) og pappa Delshah med sonen Ali (3,5 år)

Foto: Ragnhild Myklemyr / NRK

Soad Mousa og den tre år gamle sonen hennar Ali må kome seg ut av landet innan fristen 20. juli. Dottera Manwr (åtte månader gammal) må bli att i Sogn saman med faren.

Den vesle jenta er nemleg født i Noreg og har ikkje reisedokument eller tysk opphaldsløyve, slik som mora og broren.

– Alt me ber om er meir tid, slik at dottera vår i det minste kan bli med mora. Familien min kan ikkje reise no, seier far Delshah Ali Mousa.

Saka blei først omtalt i Sogn Avis.

Avslo familiegjenforeining

Delshah Ali Mousa har dei siste åra skapt sitt eige levebrød med Fjordkroa på Leikanger. Han har norsk opphaldsløyve, og har budd i landet over 10 år.

Delshah og kona har begge flykta frå Syria.

Fram til ho blei gravid med yngste dotter deira, budde ho og sonen i Tyskland. Under den siste graviditeten flytta familien saman på Leikanger.

Draumen er å skape ei framtid for dei alle her, men søknaden om familiegjenforeining er avslått to gonger.

Delshah Ali Mousa Fjordkroa Leikanger

TØFF TID: Delshah Ali Mousa driv Fjordkroa på Leikanger, og har dei siste åra jobba for at heile familien skal kunne etablere seg her.

Foto: Ragnhild Myklemyr

– Må kunne løfte blikket

Advokat for Mousa, Jan M. Birkelund, seier at det per no berre er usemje om klienten hans oppfyller kravet til fire års heiltidsarbeid.

– Me meiner å ha dokumentert dette, men Utlendingsnemnda (UNE) er ueinig, seier han.

Soad fekk endeleg avslag på søknaden om midlertidig opphaldsløyve for familieinnvandring 11. mai.

Birkelund seier dei i etterkant har lagt fram bevis dei håpa ville føre til av vedtaket blei omgjort, men nyleg kom avslaget.

– Ved alle avgjerder må myndigheitene kunne løfte blikket for å sjå kva som blir resultatet i nær framtid. I denne saka er det openlyst at vilkåra vil vere oppfylt innan veldig kort tid.

Soad Mousa med dotter manway og delshah mousa med son Ali

Mamma Soad Mousa, med dottera Manwr (åtte månader) og pappa Delshah med sonen Ali (3,5 år)

Foto: Ragnhild Myklemyr / NRK

– Ikkje forskjellsbehandling

– Men vil ein kunne omgjere vedtaket for denne familien, samstundes som ein står ved slutninga om at dokumentasjonen om samanhengande arbeid, ikkje er tilstrekkeleg?

– Ja, det vil ikkje medføre forskjellsbehandling av denne familien i høve andre familiar. UNE har moglegheit til å omgjere vedtaket på bakgrunn av ny dokumentasjon rundt barna.

Birkelund meiner det blir nytta lite skjønn i saker som dette

– Omsyn til born skal vere grunnleggjande og avgjerande moment ved alle avgjerder som UNE fattar. Eg meiner dette vedtaket er i strid med både grunnlova og barnekonvensjonen.

Vurderer i notid

Fungerande avdelingsleiar i Utlendingsnemnda, Ingvild Solberg, bekreftar til NRK at det er mangelen på dokumentasjon for å oppfylle fireårskravet som er det sentrale i saka.

– Når me vurderer saker om familieinnvandring, tek me stilling til om vilkåra er oppfylt på tidspunktet for vårt vedtak. Me vurderer ikkje om vilkåra vil bli oppfylt på eit seinare tidspunkt enn når me har saka til handsaming.

Solberg seier det er opp til foreldra å avgjere om dottera skal bli att med faren i Noreg, eller om ho blir med mora til Tyskland for å søkje opphaldsløyve der.

– Både omsynet til barnet sitt beste og sterke menneskelege omsyn har blitt vurdert i sonen og mora sine saker. Me meiner at familien sin situasjon ikkje er vesensforskjellig frå det som er situasjonen i andre samanliknbare saker, seier Solberg.

Ho viser til at UNE kan gi personar som har fått avslag på familieinnvandring lov til å bli i Noreg om dei skal sjå på sakene på ny.

Det vil også UDI kunne vurdere å gjere når det er snakk om ein ny søknad. Dersom det er snakk om å forlenge utreisefristen, må politiet ta stilling til dette.

Vibeke Johnsen

VIL HALDE FAMILIEN SAMLA: Vibeke Johnsen seier dei framleis jobbar for å gjere om utsendingsvedtaket. – Sidan familien er samla, meiner me dei framleis må få vere det på Leikanger.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

– Firkanta og byråkratisk

Varaordførar i Sogndal, Vibeke Johnsen (SV), er mellom dei som har engasjert seg i saka for familien Mousa

– Om det er så firkanta og byråkratisk at mor og son må ut av landet, til alt det formelle er på plass, må ein i det minste vente til dottera også har reisedokument. Ein kan ikkje skilje ammande mor og born.

Etter at det endelege avslaget på omgjering kom, har fleire i bygda gått saman for hente inn ytterlegare dokumentasjon i saka.

– Eg meiner me har henta ny informasjon som underbyggjar mogelegheitene faren har til å drive bedrifta og samstundes forsørgje familien. Me legg også vekt på tilknytinga til Noreg og treåringen si gode utvikling med norsk språk og det sosiale i barnehagen.

Støtte frå bygda

Mousa legg ikkje skjul at han er prega av situasjonen familien no står i. Om berre få dagar kan han stå med fullt ansvar for både bedrifta og ein diande baby på åtte månader.

– Folk kjem innom kroa kvar dag for å seie at dei tenkjer på oss og at dei ynskjer å hjelpe. Men eg veit ikkje kva meir eg eller andre her kan gjere, seier han.

– Guten min lærer seg norsk og har mange vener. Kvar morgon vaknar han og gler seg til å leike med naboguten og reise i barnehagen.