Hopp til innhold

Snøskredfare mange stader i landet no

Mykje vind og mildare ver gjev auka snøskredfare i store delar av landet. I delar av Nordland og Sogn og Fjordane er det no raudt varsel for stor snøskredfare.

bVK2Fsoj6gw

MYKJE VIND: Fokksnø som følgje av mykje vind er det som no skaper aukande skredfare mange stader i landet (arkivfoto).

Foto: Gorm Kallestad

– Faren her er aukande dei to neste dagane på grunn av veret som er meldt, nedbør og vind som aukar på. Dette kan føre til naturleg utløyste skred på grunn av vinden som fraktar all snøen over i lesider, seier vaktleiar Andreas Hatlestad i snøskredvarslinga.

Det er fleire stader i landet som allereie har betydeleg faregrad, eller det som og blir kalla faregrad tre.

For området Indre Fjordane aukar faregraden til stor, eller faregrad fire, på onsdag. Det kan komme skred utløyste både naturleg og av skiløparar. Unngå alt skredterreng, er oppmodinga frå skredvarslingstenesta då.

Det kan sjå ut til per no at faren blir størst på torsdag og faregraden for onsdag kan bli justert ned for deretter auke torsdag.

– Per no ser det ut til at faren er størst på torsdag på grunn av vind og nedbør. Det kan komme naturleg utløyste flakskred i høgda der nedbøren kjem som snø kombinert med vind. I låglandet er det våt snø og naturleg utløyste våtsnøskred.

I dag er det stor fare snøskred fleire stader i Nord-Noreg. For Helgeland, Ofoten, Salten og Svartisen kan det komme naturleg utløyste skred i både fokksnø og våt snø.

Hatlestad seier at når det gjeld skredfaren, er det veret som styrer mykje.

– Det er store skilnader kor i landet du er. Vi oppmodar alle om å sjekke varsom.no for å sjekke den regionen dei tilhøyrer eller der dei skal på tur

Overøyestolen Stordal

SKREDFARE: Det er store fare for snøskred fleire stader i Noreg. (Arkivfoto)

Foto: Olaug Bjørneset / NRK

Vel trygge område

Han seier folk bør følgje oppmodingar om å velje moderat terreng og unngå høg risiko med den situasjonen vi er inne i no.

– Kom deg gjerne ut, men unngå å oppsøke dei bratte stadene når faren er høg. Ver ute på trygge stader og hald god avstand til skredterreng.

Han seier at ein må unngå terreng brattare enn 30 grader og passe på utløpssoner.

– Ein del stader der skred kan losne av seg sjølv, må ein ta omsyn til kor langt snømasssene kan nå. Store skred kan komme utover flate område, seier han.

Frå har hovudredningssentralen vore ute og sagt at folk ikkje må utløyse redningsaksjonar no medan koronapandemien legg press på helsevesenet.

– Som eit ledd i den nasjonale dugnaden vi no går inn i, ønskjer vi ikkje at folk skal ta dei turane som utløyser redningsaksjonar, sa Jarle Øversveen som er avdelingsdirektør ved Hovudredningssentralen i Sør-Noreg til NRK førre veke.

Laster Twitter-innhold