Hopp til innhold

Åtvarar mot meir snø og vanskelege køyreforhold i fjellet

Det er kvitt i fjellet i Sør-Noreg og fleire fjellovergangar er stengde. Statens vegvesen oppmodar folk om å bruke vinterdekk.

Rv 7 Skulevika 1182 moh

HARDANGERVIDDA: På riksveg 7 over Hardangervidda er det snødekke over 1000 meter.

Foto: Statens vegvesen

Siste:

  • Rv. 7 over Hardangervidda: Vegen er brøyta og salta, men det er venta meir snø og Statens vegvesen tilrår vinterdekke på alle fjellovergangar som ligg over 1000 meter over havet
  • Fv. 243 Aurlandsfjellet og Fv. 258 Gamle Strynefjellsvegen er stengde

Fylkesveg 243 over Aurlandsfjellet og Gamle Strynefjellsvegen på fylkesveg 258 vart stengt onsdag føremiddag på grunn av snøfall. På riksveg 7 over Hardangervidda melde Vegtrafikksentralen om snø over 1100 meter, og her køyrer ein brøytebil på toppen av fjellovergangen.

Dyranut 1250 moh 12.09.18

DYRANUT: På riksveg 7 over Hardangervidda er det snødekke over 1100 meter. Her frå Dyranut 1250 moh.

Foto: Statens vegvesen

– Det er i ferd med å legge seg snø i fleire fjell no, men det er nok ikkje er aktuelt å stenge andre fjellovergangar, sa trafikkoperatør ved Vegtrafikksentralen i Bergen, Kristian Fauskan.

Må rekne med snø

Tindevegen mellom Årdal og Turtagrø har åtvara om sludd og snø på dei høgste punkta dei neste dagane.

Meteorologisk institutt melder om snøfall på Sognefjellet dei neste dagane, men den lågaste snøgrensa er i dag, på om lag 1200 meter.

– Folk må rekne med å møte på snø eller stengde fjellovergangar viss dei skal til fjells, seier statsmeteorolog Kristin Seter.

Tindevegen bomstasjon

TINDEVEGEN: Her er bomstasjonen på Tindevegen litt over klokka 10 onsdag morgon.

Foto: Tindevegen

Det har vore meldt store mengder nedbør på vestlandet dei neste dagane, og med bygevêr kjem ofte snøen litt lenger ned enn ein skulle tru.

– Ein må nok ta atterhald om at det kan falle snø ned til 1000 meter dei neste dagane, men det ser ut til å krype sakte oppover mot 1400 meter før helga, seier Seter.

Sjekk ver og føre

Vegtrafikksentralen i Lærdal oppmodar om å sjekke ver og føre før ein drar ut på langtur og skal køyre over fjellet.

– Det er tida for å forvente snø, og då er det greitt å vere førebudd om ein skal over fjellet og vere vekke i fleire dagar, seier trafikkoperatør Roger Nedreberge Hille.

– Det har vore mykje nedbør i det siste og det var meld minusgradar fleire stader, så det er ikkje så unaturleg at det kjem litt kvitt i staden for blautt.

Sognefjellshytta 12.09.18

SOGNEFJELLSHYTTA: Slik ser det ut 1400 meter over havet.

Foto: Statens vegvesen