– Dette er veldig gode nyheiter om det kan bidra til at andre kan slepp å oppleve det vi gjorde. Eg mista fire gode vener på grunn av dårlege vegar, seier John Kolloen.
Han var trommeslagar i musikkgruppa New Jordal Swingers, eitt av dei mest populære banda i Noreg på den tida.
18. februar 1982 kravde eit steinras langs riksveg 5 mellom Førde og Florø fire menneskeliv.
FØRAR: John Kolloen køyrde ulukkesbilen den skjebnesvangre dagen. Fire omkom, og tre vart alvorleg skadde.
Foto: Alf-Einar KvalavågMedan dei var på turné hamna bandet midt i raset som gjekk like vest for Kvieneset.
– Det byrja med små sandkorn som risla på taket. Det var det første varselet vi fekk. Vi såg på kvarandre, og så gjekk alt i svart. Eg hugsar ikkje meir, seier han.
2,1 milliardar til sikring
Han var førar av ulukkesbilen den skjebnesvangre dagen. Fire omkom, og tre vart alvorleg skadde.
Nesten 40 år seinare har ein av dei mest rasutsette vegane på Vestlandet fått plass i Nasjonal Transportplan.
– No skal vi ruste opp vegen med både rassikring og tunnel. Det er sett av 2,1 milliardar for å gjere nettopp dette. Det er ein gledas dag, seier Jan Henrik Nygård i Vestland Venstre.
KØYR STREKNINGA: Her kan du sjå video frå strekninga vestover på RV5 langs Førdefjorden.
Han får støtte frå Olve Grotle (H), ordførar i Sunnfjord kommune.
– I dag må vi vere glade og fornøgde. Ny tunnel vil gjere det trygt for bilistar å køyre mellom Førde og Florø, seier han.
Pengane er sett av, men no ventar ein lang prosess.
– Det vil ta litt tid, men no skal bilistane sleppe å sitte med hjarte i halsen, seier ordføraren, som også trekk fram at dette vil gjere reisevegen kortare.
Redd på veg til jobb
Silje Sunde har i mange år pendla dagleg med buss frå Florø til Førde. Då set ho seg alltid på den sida som er lengst unna fjellveggen.
– Eg set meg på denne sida fordi eg tenker raset kjem frå andre sida. Så eg vel side heilt bevisst, fortalde ho til NRK i 2018.
No jublar ho over dagens nyheiter.
– Dette er fantastisk! Ein stor fordel med pandemien har vore at eg ikkje vore nøydd til å kjenne på den daglege uroa for ras. Dette betyr mykje, seier ho.
DAGPENDLAR: Silje Sunde bur i Florø og jobbar i Førde. Ho vel alltid sete på pussen lengst frå fjellveggen.
Foto: Fredrik HellandVegen er ikkje berre rasutsett, den er også blant dei mest trafikkerte i Sogn og Fjordane. 4500 køyrer dagleg forbi den rasutsette strekka, ifølgje Vegvesenet.
I 2016 hadde Statens vegvesen skissert opp ei tunnelløysing på eige initiativ. Den innebar å leggje heile Naustdalsstranda i tunnel – ei løysing som kostar mellom 1 og 2 milliardar.
Då regjeringa la fram forslag til NTP i 2017 vart 24 milliardar sett av til rassikring. Då var ikkje riksveg 5 mellom Førde og Florø inkludert i planen.
OPPRUSTING: Det er sett av 2,1 milliardar til rassikring og ny tunnel på rv. 5 mellom Florø og Førde.
Foto: Alf Vidar SnælandTilfelle avgjorde
Fleire kubikkmeter stein rasa 100 meter oppe i fjellsida då det rasa i februar 1982. Ei steinblokk på kring sju tonn trefte og knuste turnébussen.
Den same steinblokka som kravde fire menneskeliv, berga truleg livet til dei tre overlevande. Steinen la seg framfor bussen og hindra den i å gå rett i Førdefjorden.
– Då seier det seg sjølv at det hadde blitt endå meir tragisk, fortalde Kolloen, vel vitande om at det var tilfella som rådde då steinane trefte turnébussen.
Han fortel at det var tungt å kome seg vidare.
– Men heldigvis har vi mange gode minne saman. Dei tek vi med oss, seier han.
BANDET: Frå venstre: Finn John Andresen, Eigil Berg, Håkon Vellesvik, John Kolloen, Ivar Hovden.
Foto: Bjørn Inge Karlsen