Hopp til innhold

Snart tomt for flybillettar heim til jul

Har du planar om å fly eller ta tog heim til jul? Då må du vere rask, elles kan det vere at du må gjere slik som Chris Rea syng.

Widerøe på Tromsø lufthavn

FLY: Skal du fly heim til jul bør du vere rask med å bestille billett.

Foto: Jan Harald Tomassen

«Driving home for Christmas» er ei kjent låt for mange nordmenn, men det kan også bli realiteten for fleire.

For det nærmar seg årets travlaste reisedagar: 21. og 22. desember.

Dei aller fleste vil nok som Maria Mena, «Home for Christmas», og då er fly kanskje den einaste måten å komme seg dit.

Bergen-Bodø: 5625 kroner

Widerøe melder at det kan bli vanskeleg å finne flybillettar mellom sør og nord i dagane før jul.

– Julebestillingane har tatt seg opp frå i fjor med eit byks på 7 prosent, seier Christian Skaug, kommersiell direktør i Widerøe.

Det er særleg på Widerøe-avgangane som går frå Bergen til Bodø, Bergen til Trondheim, Bergen til Tromsø, Torp til Trondheim og Trondheim til Tromsø som fyller seg opp.

Eit raskt søk viser at skal du fly frå Bergen til Bodø 22. desember er det berre éin ledig billett igjen, og den kostar 5625 kroner.

Les også Camilla (21) betaler mer for å reise hjem til jul enn for en weekendtur til London

Camilla Holst studerer geografi ved Universitetet i Bergen.

Norwegian aukar talet avgangar

Hos Norwegian har dei også sett at folk har vore tidleg ute for å sikre seg ønska reisedato.

I tillegg har flyselskapet i perioden frå 15. desember til 6. januar auka talet på avgangar mellom fleire byar, både innan- og utanriks.

– I Noreg er det rutene mellom Oslo og Evenes, Tromsø, Kirkenes og Bergen som er forsterka med fleire flygingar, og der vi ventar å sjå at det vil bli mange reisande, seier Eline Hyggen Skari, senior kommunikasjonsrådgjevar i Norwegian.

Fly

Norwegian aukar fleire avgangar og forventar fleire reisande i perioden som kjem.

Foto: Tore Ellingseter / NRK

Dei oppmodar folk som vil heim til jul om å vere tidleg ute med bestilling, då dei reknar med at fleire av avgangane blir utseld.

Dei ser også ein ny trend med at fleire kanskje har begynt å nynne til Feliz Navidad.

– Nytt av året ser det ut til ar nordmenn blir lengre i utlandet enn i fjor, fordi heimreisene strekker seg heilt til andre veka etter jul, seier Hyggen Skari.

Tenerife, Gran Canaria, Malaga og Alicante har stått øvst på ønskelista til nordmenn som bestiller via Norwegian.

Mennesker som soler seg på stranda

Nordmenn har kjent på den norske vinteren på kroppen og bestemt seg for lengre juleferie i utlandet.

Foto: Petter Strøm / NRK

Ledige togbillettar

Det kan bli ein gledeleg jul heime hos dine kjære om du tek toget, for der finst det framleis ein del ledige billettar.

– Det byrjar å fylle seg opp på toga, og det blir ein meir sentrert utreise i år enn elles sidan julaftan fell på ein søndag i år, seier kommunikasjonssjef i Vy, Åge-Christoffer Lundeby.

Også her blir 21. og 22. desember den store utfartsdagane. Skal du reise mellom Oslo-Bergen kan du framleis få billett desse dagane.

– Det er ledige billettar igjen, men rådet er å bestille no, slik at ein er fleksibel til når på dagen du skal reise, seier Lundeby.

Ein togbillett frå Oslo til Bergen er mogleg å få kjøpt 22. desember, men du må ut med 5000 kroner for ein heil kupé (for inntil 6 personar) om du skal komme fram same dag.

VY L4 Arna på Bergen stasjon

Skal du ta tog heim til jul er det framleis ledige billettar, men det kjem til å koste.

Foto: Simon Skjelvik Brandseth / NRK

Frå fjord og fjære

Julesalmen til Magnus B. Landstad passar perfekt for dei som tek kysten i bruk for komme heim til jul.

Men på hurtigbåtane har ikkje billettsalet tatt heilt av – enno.

– Så langt er 20 prosent av kapasitet booka på ettermiddagsturane frå Bergen til Selje og Sogndal desse datoane, seier Cathrine Gjertsen, kommunikasjonsdirektør i Norled.

Der byrjar nordmenn å bestille like før avreise.

– Folk bestiller gjerne seint og tett opp mot avgang, så om det blir utseld skjer det først 1–2 dagar før avgang, seier Gjertsen.

Ekspressbåtane Vingtor og Njord

Skal du ta ekspressbåt dit du skal i jula er sjansen god for å sikre deg billett.

Foto: Norled