Langeland skisenter ser ut som ein byggeplass. Grusmassar ligg i haugar og ei gul gravemaskin og ein dumper arbeider med å køyre det bort. Om eit år håpar styreleiar i Langeland skisenter, Kjetil Joar Bjørset, at ein her skal kunne gå på rulleski.
– Det er planar vi har jobba med i fleire år som no blir realisert. Førde har det største langrennsmiljøet i fylket, og også i Gaular er det eit veksande skimiljø der stadig fleire bruker rulleski som sommartrening.
Sikkerheit
Det har dei siste åra vore fleire ulukker der rulleskikøyrarar har vore blanda inn. Ei av desse enda med at ein 51 år gamal mann miste livet i Florø i 2012. Bjørset trur det kan vere bra å få rulleskikøyrarar bort frå vegane.
– Det er stygge hendingar som me ikkje ønskjer. Så særleg det å få unge bort frå vegen er bra for sikkerheita.
- Les også:
Står att
Det er ingen fastsett dato for når rulleskianlegget skal opne. I vinter vert anleggsarbeidet stogga medan vintersesongen på ski går føre seg. Prosjektleiar for bygginga, Ole Jakob Sande, seier det framleis står att ein del arbeid.
– No held vi på med bortkøyring av pukk. I tillegg så står det att arbeid på stadionområdet og ei bru. Vi skal og ha på eit topplag av grus samt asfalt.
Mykje pengar
Prosjektet har ein prislapp på ni millionar kroner og har vore planlagt i fleire år. Bjørset seier at det er eit stort prosjekt å ta på seg for ein frivillig organisasjon. men at dei har klart seg utan å låne pengar.
– Det kostar mykje å bygge veg i eit slikt område, så det er heilt klart eit stort prosjekt. Vi har fått midlar frå både stat, kommune og private aktørar. Mellom anna har vi fått to millionar av Trond Mohn. Det gjer at vi no kan fullføre prosjektet utan å måtte ta opp lån.
Dugnad
Langeland skisenter har tradisjonelt vore drive ved hjelp av dugnadar. Bjørset fortel at det framleis er viktig med frivillige.
– Akkurat i dette prosjektet har det vore naudsynt å leige inn folk, men dugnad er framleis viktig. Vi driv med å utvide snøproduksjonsanlegget og reise nye lyktestolpar. I begge dei prosjekta har vi fått mykje hjelp frå frivillige.