Hopp til innhold

Smittetalet opp i 25 etter utbrotet i Sogndal: – Ikkje dra på fest, ber kommuneoverlege

Etter smitteutbrotet med utspring i Sogndal har Morten Larsen, vikarierande kommuneoverlege i Luster ei bøn til ungdomen: Held dokker vekke frå fest.

Koronavaksinering, illustrasjonsfoto.

VAKSINERTE: Og framleis potensielt smitteberande. Smittevernlegen i Sogndal minner om at det framleis er risiko for å spreie smitte sjølv om du er vaksinert.

Foto: Oddmund Haugen

– Vi er mektig imponert over befolkninga som i fellesskap har klart å halde smitta so låg i regionen heilt fram til i dag, seier Larsen.

Men no ser Sogndal og Luster kommune seg nøydde til å be befolkninga om hjelp, før det må setjast inn kraftigare tiltak. Totalt har 25 menneske blitt smitta etter utbrotet som stamma frå utestaden Meat Point i Sogndal.

Sogn Avis skreiv først om saka.

Oppmodinga kjem fram i ei melding på Luster kommune sine heimesider.

– Vi er nøydde til å be befolkninga i Sogndal og Luster om å ta på seg ein større innsats enn vi eigentleg kan krevje av dei og be dei vaksinerte om å oppføre seg som om dei ikkje er vaksinerte, seier Larsen.

Bakgrunnen er det pågåande smitteutbrotet i Sogndal som har spreidd seg til kommunane i omegn.

Morten Larsen, vikarierende smittevernoverlege i Luster

BØN TIL BEFOLKNINGA:– Eg vart utruleg rørt når eg fekk vite at ein ungdomsgjeng i Jostedalen hadde avlyst planane sine for kvelden av smitteomsyn, seier Larsen

Foto: Smilla Rosager

Ber om dugnad

– Vi er interessert i å få stoppa dette utbrotet snarast. Derfor er det viktig å få ut informasjon om at også vaksinerte blir smitta, seier smittevernlege Jan Ove Tryti i Sogndal til Bergens Tidende

Han er uroa over at vaksinerte som er fritekne for karantene kan bli smitteberarar etter smitteutbrotet i kommunen.

Smitteutbrotet i Sogndal gir oss grunn til å tru at vaksine gir dårleg vern mot smitte, skriv kommunen på sine heimesider.

Ein del av problematikken Tryti peiker på er at nærkontaktar som er vaksinerte ikkje kan påleggast karantene.

Delvaksinerte nærkontaktar som tok første dose for over tre veker sidan kan heller ikkje påleggast karantene om dei tek koronatest mellom dag 3 og 7 etter eksponering for smitte.

– Dei som er vaksinerte får eit lett sjukdomsgang med veldig lite eller ingen symptom og når ein er smitta utan å vite det sjølv er det lett for å smitte andre vidare, seier Tryti.

Av dei 11 som er smitta i Sogndal var det berre 3 som ikkje var vaksinerte.

Anslagsvis er det rundt eit par hundre som er i karantene i Sogndal no ifølge smittevernlegen.

Sogndal sentrum

SOGNDAL: Om innbyggarane i Sogndal og Luster står saman i dugnaden kan vi få kontroll på smitteutbrotet, seier Larsen.

Foto: Veri media

Utbrotet byrja på ein utestad i Sogndal

I ettertid har det spreia seg til mellom anna omsorgstenesta.

At vaksinerte vert smitta overraskar ikkje FHI, over 500 fullvaksinerte har fått påvist korona ifølge FHI si oversikt.

– Dette er forventa og ikkje urovekkande, seier Preben Aavitsland, professor og overlege ved FHI.

Men etter kvart som fleire vert vaksinerte i landet byrjar kanskje også skuldrene å senke seg blant befolkninga.

– Man blir mindre sjuk enn man elles kunne blitt. Det viktigaste formålet med vaksinasjon er å endre denne sjukdommen frå ein livsfarleg hending til ein mild eller fråverande sjukdom, seier han til NRK.

Vi har hatt tett kontakt med FHI gjennom utbrotet vi har hatt i Sogndal seier smittevernlegen i Sogndal.

I Luster gler Larsen seg over at ungdomane som til no har betalt den største prisen, også uoppfordra viser den største dugnadsånda.

– Det er verkeleg ikkje ungdomen si skuld at vi har eit smitteutbrot, ungdomen har betalt den største prisen av oss alle men det er for tidleg å sleppe opp tiltaka no, seier Larsen.