Hopp til innhold

Krev strengare reglar i idretten: – Vaksne og barn skal ikkje ha kvarandre på Snapchat

FØRDE (NRK): Retningslinjene mot seksuelle overgrep har ikkje blitt oppdatert på 10 år. Ekspert meiner idretten heng langt etter på sosiale medium.

Trond Berge Høvik

DIGITALT SPERREBAND: Smiso (Senter mot incest og seksuelle overgrep) og Trond Berge Høvik vil ha opp eit «digitalt sperreband» mellom vaksne og barn idretten.

Foto: Roy Raasholm Fauske / NRK

– Det er ikkje han der tannlause, tynne mannen i ein kvit varebil. Det er ein som kjenner ungen din, og som kjenner deg.

På svarte konferansestolar i Førdehuset sit idrettsleiarar, trenarar, politi og foreldre og høyrer om overgrep mot barn. Trond Berge Høvik har jobba med førebygging mot seksuelle overgrep i årevis, og er på rundreise for å fortelje.

På lerretet framfor dei lyser skrifta fram:

«Internett har blitt et eldorado for overgriparar som vil finne sårbare barn».

Gjennom kurset «Trygg på trening» har han fortald 153 idrettslag om korleis dei kan førebygge overgrep, og avdekke dei fort dersom dei først skjer.

Målet er at barn skal bli sett og høyrt, og seksuelle overgrep skal bort. Nøkkelen er etiske retningslinjer og ein beredskapsplan, meiner Høvik.

Krev oppdaterte retningslinjer

Norges idrettsforbund har sidan 2000 hatt retningslinjer mot seksuell trakassering og overgrep i idretten. Retningslinjene som gjeld i dag blei vedtekne i 2010.

Der står det at ein ikkje skal ha kontakt med utøvarar i private rom utan at det er fleire til stades, eller at det er avtalt med føresette eller idrettsleiinga.

Dette må utvidast til òg å gjelde sosiale medium, meiner Høvik.

– Vaksne og barn i idretten skal ikkje ha kvarandre på Snapchat og Messenger. Ingen kommunikasjon skal skje i lukka fora.

Han meiner og at mange ikkje veit om retningslinjene som ligg ute på nettsidene til Idrettsforbundet, og foreslår at vaksne må skrive under på reglane før dei nærmar seg eit treningsfelt.

Fotballdommer tiltalt for overgrep, viser chatlogg fra Messenger

SEXCHAT: Skjermdumpane viser korleis dommaren blanda dommarpreik og seksualisert chatting. Dette er NRK sin gjengiving av det som blei lest opp i retten denne veka.

Illustrasjon: Alrik Velsvik / NRK / montasje

Veit ikkje om retningslinjene

Samstundes går ei alvorleg sak for retten i Bergen. Ein 29 år gammal fotballdommar er tiltalt for seksuelle overgrep og krenkande åtferd mot 27 gutar.

Fleire av dei fekk han kontakt med gjennom å vere rettleiar på dommarfeltet, og snakka med dei på Snapchat og Messenger.

Her blanda han preik om dømming med seksualisert innhald, kom det fram i retten denne veka. Aktor i saka ber om sju års fengsel for 29-åringen.

– Saka illustrerer at ting ikkje er på plass. Idretten må ta innover seg verkelegheita. Dette kunne vore unngått, eller iallfall stoppa mykje tidlegare, meiner Høvik.

Hadde dommaren i Bergen skrive under på dette før han begynte, kunne dei følgt det opp med ein gang dei først oppdaga denne kontakten, meiner han.

I salen i Førde sat Kjersti Regine Støfring og høyrde etter. Ho er styremedlem i Vestland gymnastikk- og turnkrets, og blei skaka av det ho fekk høyre.

– Det er skremmande at det er ein slik problematikk som dette. Det har eg ikkje visst om før, seier ho.

– Vi som jobbar i idretten kan alt for lite om dette. Vi treng meir kunnskap og at nokon fortel oss og gir oss nokre verktøy for å hjelpe barn som kjem ut for dette.

Fasaden til Brann stadion og Idrettens hus i Bergen

VARSEL: NFF fekk varsel om 29-åringen i 2018 her på Idrettens Hus i Bergen.

Foto: Alrik Velsvik / NRK

– Eit større problem enn vi trur

Ansvarleg rådgivar i Idrettsforbundet, Håvard Øvregård, fortel at dei sidan 2011 har sett av ei eiga stilling til å førebyggje og følge opp overgrep i idretten.

Dei siste åra, sidan Metoo-hausten i 2017, har dei sett ei dobling i talet på saker dei får inn kvar månad.

– Idretten speglar samfunnet, og det er truleg verken meir eller mindre overgrep her enn i resten av samfunnet. Det er eit større problem enn dei fleste trur, både i samfunnet og i idretten, seier han.

På spørsmål om fråværet av sosiale medium-reglar i retningslinjene, svarer han at administrasjonen i forbundet no førebur oppdaterte retningslinjer. Der er kontakt på internett eit tema.

– Sosiale medium er eit område det er behov for å auka medvitet rundt, seier han.

Samstundes er det kvart enkelt idrettslag som må ta avgjerder, seier han. Idrettsforbundet ønsker å gi råd og tilby informasjon som den rettleiaren dei har på sine nettsider.

– Det er dei enkelte idrettslaga som avgjer korleis ting skal reagerast på. Retningslinjene gjeld for heile den norske idretten, akkurat som norsk lov gjeld for heile den norske idretten. Men det er det enkelte idrettslag som må vurdere reaksjonen, seier han.