– Eg må berre beklage. Eg slit med å følgje med.
Det sa den 29 år gamle fotballdommaren då han blei konfrontert med Snapchat- og Facebook-samtale i retten tysdag.
Fleire av samtalene blanda dommarpreik og seksualisert innhald.
27 gutar er fornærma i saka mot dommaren som har hatt ei sentral rolle i NFF Hordaland.
Utfordra gut til å gjere seksuelle handlingar
Første gang han skal ha utnytta stillinga i dommarmiljøet til å skaffe seg sex, var for fem år sidan.
I eit forsøk på å rekruttere nye fotballdommarar la tiltalte til ein då 14 år gamal gut på Facebook.
Mannen hadde høyrd at denne guten var interessert i å begynne som dommar.
TILTALT: Her sat den 29 år gamle mannen og forklarte om utnytting og misbruk av fleire unge gutar.
Foto: Adrian Nyhammer Olsen / NRKI forkant av ein fotballcup på Sørlandet hadde dei preika på Facebook om dommarrolla. Tiltalte forklarte i retten at han prøvde å støtte guten som hadde opplevd motgang i starten av dommarkarrieren.
I bilen på veg til denne fotballcupen begynte samtalen for første gong å bli seksualisert.
«Du så min»
På veg heim utfordra tiltalte den unge guten til å gjere seksuelle handlingar med seg sjølv i bilen, og sa at han ikkje trudde at han våga å gjere det.
– Det skulle eg sjølvsagt ikkje sagt. Eg tvilte på at han ville gjere det, fortalde mannen i retten.
Undervegs på E39 kneppa guten opp buksa, fortalde mannen vidare.
Seinare snakka dei om dette på Snapchat og Facebook Messenger:
Tiltalte blanda òg saman sexpreik med ting som handla om dommarvervet. Fotball.no er ei side ein kan sjå fakta om fotballkampar, som til dømes kva dommar som er sett opp til forskjellige kampar:
Braut tillit
Mannen er tiltalt for å ha misbrukt stillinga si og utnytta eit avhengigheits- og tillitsforhold mellom han og guten.
Mannen fungerte som overordna dommar for guten. Samstundes skal dei ha møttest ved fleire høve og gjort seksuelle handlingar.
I retten sat mannen og gret då aktoratet gjekk gjennom chatloggar mellom han og den unge dommaren.
– Vi har hatt mange gode samtalar, og blitt godt kjent gjennom dømminga og på den måten også møttest utanfor. Derfor gjer det ekstra vondt at eg har brote det tillitsforholdet som eg har, sa han.
VARSEL: NFF fekk varsel om 29-åringen i 2018 her på Idrettens Hus i Bergen.
Foto: Alrik Velsvik / NRKTildelte kampar
Fire år etter legg mannen til ein ny 14-åring på Facebook.
På tidspunktet hadde mannen ein leiande rolle i dommarstanden i NFF Hordaland (Hordaland fotballkrets). Mellom anna var tiltalte med på å tildele kampar til forskjellige dommarar.
– Eg var fersk dommar og kjente han ikkje. Han var ein slags leiar i kretsen. Han kunne mykje om dømming og sånn, forklarte guten.
I samtaler på sosiale medium fortalde mannen om korleis barndommen hans var, ifølgje guten. Dei møttest etter kampar, snakka på telefonen og chatta.
– Han gav meg tips og sånn til dømminga. Om kva som er viktig, om god trening, fortalde guten.
STOR SAK: Politiadvokat Christine Møen Wisløff og etterforskningsleiar Andreas Lervik i Vest politidistrikt informerte om saka på ein pressekonferanse på politihuset i Bergen 15. august i fjor.
Foto: Marit Hommedal / NTBFølte seg tvungen til å sende nakenbilete
Etter kvart begynte samtalen å bli meir og meir seksualisert. Tiltalte sende og nakenbilete til guten, som følte seg tvungen til å sende tilbake.
– Eg ville ikkje gjere det, men måtte nesten berre, elles blei han sur. Han maste og maste, fortalde guten.
Etter at avhøyret blei lese opp, fekk tiltalte spørsmål om han var einig i attgivinga til den fornærma guten.
– Dei tinga som har skjedd er heilt forkastelege. Eg skammar meg endelaust for det eg har vore med på å utsette han for. I beste fall er det nokon nyansar eg på det tidspunktet sat att med ei anna oppleving av.
– Eg kjente meg ikkje heilt igjen at eg skal ha tvunge han, men det er fleire som har sagt at eg har blitt oppfatta som pågåande, vedgjekk tiltalte.