Hopp til innhold

Småbryggeri slit med salssvikt og høge råvareprisar – tør ikkje auka ølprisane

Fleire bryggeri har permittert tilsette for å halde seg flytande. No krev bransjen hjelp frå staten.

 Espen Lothe i Kinn bryggeri

TØFFE TIDER: Espen Lothe i Kinn Bryggeri kryssar fingrane for at dei har lagt bak seg den verste prisstiginga.

Foto: Sander Eide Aase / nrk

– Dei har vore litt rare desse siste åra, seier dagleg leiar Espen Lothe i Kinn bryggeri.

Då pandemien kom i 2020 frykta dei det verste, men det synte seg å verte eit bra år for bryggeriet i Florø.

For då folk ikkje kunne reise utanlands, auka også salet av øl innlands.

Men då samfunnet opna opp og nordmenn reiste utanlands att, gjekk salet ned.

No slit bryggeriet også med høge produksjonskostnader, men dei torer ikkje å auke prisane.

Auka råvarekostnader

Prisane på råvarer har auka mykje. Malt har stige med 40 prosent, og glasflaskene dei tappar ølet på har stige med heile 50 prosent.

Når du plussar på galopperande straumprisar merkast det på botnlina hjå bryggeria.

kinn bryggeri

Trass utfordringane enda fjorårets rekneskap i null for bryggeriet i Florø.

Foto: Sander eide aase / nrk

– Vi håpar at vi har lagt den verste prisstiginga bak oss, seier Lothe.

For marginane til bryggeria er pressa, og det er ikkje berre å ta inn igjen denne meirkostnaden på prisen ut til kunden.

– Kundane har det jo heller ikkje så bra, for lønningane har ikkje auka i takt med prisstiginga, seier han.

Etterlyser tiltak

Bryggeriet i Florø er langt frå dei einaste som no strevar med kostnadsauke og sviktande sal.

– Det vi høyrer frå Kinn, er eit bilete vi kjenner igjen frå heile landet, seier Erlend Vagnild Fuglum, direktør i Bryggeriforeningen.

Bryggerinæringa har lagt bak seg fleire år med ganske kraftige kostnadsaukar på råvarer, transport og emballasje. I tillegg fekk bransjen den ekstreme prisauken på straum på toppen.

Det gjorde fjoråret til eit svært tøft år for mange små og mellomstore bryggeri.

– Vi er svært spente på kva det nye året vil bringe. Vi veit at det er fleire som har permittert ein god del no på nyåret.

Erlend Vagnild Fuglum, direktør i Bryggeri- og drikkevareforeningen til NRK.

Erlend Vagnild Fuglum, er direktør i Bryggeriforeningen.

Foto: Siri Saugstad / NRK

Straumkostnadane gjer at mange bryggeri no reduserer produksjonen i håp om halde seg flytande til sommaren.

– Vi er litt redde for korleis biletet vil sjå ut om eit år, seier Vagnild Fuglum.

Bransjen etterlyser no meir handling frå regjeringa og Stortinget.

– Å seie at vi er skuffa er ei underdriving. Det regjeringa og Stortinget har gjort så langt med tanke på straumprisane er langt frå nok til å hjelpe mine medlemsbedrifter. I tillegg ser vi at grensehandelen er på full fart opp igjen til rekordnivået i 2019, seier Vagnild Fuglum.

Har måtte seie opp tilsette i Drammen

For Haandbryggeriet i Drammen har prisauken på råvarer, men særleg straum, har ført til raude rekneskapstal for 2022.

– Auken på straumutgiftene svarar til to heile stillingar, så vi har måtte seie opp tilsette, seier dagleg leiar Egil Hilde.

Dei merkar også at folk handlar mindre øl, og trur handelslekkasje til Sverige er ei årsak.

Den same utfordringa opplever Nøisom bryggeri i Fredrikstad.

Dei fryktar dei går mot eit underskot.

– Situasjonen på lang sikt er på ingen måte berekraftig, seier dagleg leiar Mikael Wenzell.

Kinn bryggeri

Bryggeri over heile landet slit med dei same utfordringane som bryggeriet i Florø.

Foto: sander eide aase / nrk

Han trur bransjen kan stå ovanfor ei rekkje avviklingar om ikkje situasjonen betrar seg.

Bryggeriet Bådin i Bodø fekk derimot omsetningsrekord i fjor.

Likevel går dei i minus av same grunnar som andre bryggeri, men også fordi dei gjekk frå tre til sju heiltidstilsette.

Les også Utlendingar tørstar etter norsk øl

Anders Kleinstrup

– Vi veit at det kjem til å bli tøft, men vi kan ikkje berre gi opp av den grunn, seier bryggerisjef Andreas Myrvold.

Snur alle steinar

I Florø snur bryggeriet alle steinar for å gjere drifta så lønsam som mogleg.

Trass store utfordringar klarar dei å kome i mål med eit rekneskap i null for fjoråret.

– Det tykkjer vi er bra med tanke på at vi har hatt både nedgang i salet og stor auke i utgiftene. Men det er ikkje haldbart i lengda, seier Lothe.