Hopp til innhold

Utlendingar tørstar etter norsk øl

På fire år har eksport av norsk øl bortimot dobla seg, og det er ølet frå dei små bryggeria utlendingane helst vil ha.

Anders Kleinstrup

Sjef på Lervig Aktiebryggeri i Stavanger, Anders Kleinstrup, har god grunn til å glisa. Etterspurnaden etter ølet deira er større enn det dei klarer å produsera. Nå skal dei dobla kapasiteten.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

Simin Van den Daele ammar sin nyfødde son medan ho tar seg ein god slurk øl. Guten er to veker gamal og skal tidleg krøkast forklarer far.

– Det er tradisjon i England at me tek eit glas Guiness etter fødselen, seier Jack Cand Den Daele.

Dei er på den nystarta baren «Beer Merchant Tap» på austkanten av London, der dei har kjøleskapet fullt av øl frå Stavanger-bryggeriet Lervig. Dei nybakte foreldra får smaka.

– Herleg, denne likar eg, seier Simin.

Jack Cand Den Daele og Simin Van den Daele

Jack Cand Den Daele og Simin Van den Daele kosar seg med norsk øl på den nye trendy ølbaren «Beer Merchants Tap» i London.

Foto: Øyvind Nyborg / NRK

– Ein hype

Dei er ikkje aleine om å drikka norsk øl i London denne tysdag ettermiddagen.

– Skandinavisk øl har blitt ein stor «hype» her i England, forklarar ein annan bargjest, Tim O`Rourke.

Påstanden gir meining, om me ser på eksporttala for norsk øl dei siste åra.

I fjor blei det eksportert nesten tre millionar liter norsk øl, i 2014 var talet 1,5 millionar liter. Og det er øl frå mindre bryggeri, som Lervig, Ægir og Austmann, som nå har blitt dominerande.

1,6 millionar liter av det som blei eksportert i 2017 kom frå små aktørar, ifølgje tala frå SSB og Landbruksdirektoratet.

Må dobla kapasiteten

Det er Danmark og Sverige som kjøper mest øl frå Noreg, men England har blitt viktigare og viktigare ifølgje sjefen på Lervig Aktiebryggeri Anders Kleinstrup.

– På sommarhalvåret i fjor sende me ein trailer med øl i veka til England. Dei vil ha meir øl enn det me klarer å produsera, seier han.

Eksportøl som skal til Ungarn og Slovakia

Denne pallen med Lervig-øl skal til Ungarn og Slovakia. England og Asia er også store importørar av Stavanger-ølet.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

Nå skal dei dobla kapasiteten på bryggeriet sitt. Han meiner at årsaka til at Noreg slår an som ølnasjon i utlandet er enkel. I 2014 var det 14 norske bryggeri som eksporterte øl, medan det nå er heile 28.

– I Noreg har me fått mange mindre bryggeri dei siste åra, og det har kome ein heilt sinnssjuk bryggekultur der me stadig utfordrar kvarandre på smak og kvalitet, seier han.

Petter Nome

Petter Nome er direktør for Bryggeri- og Drikkevareforeningen. Han seier at småbryggeria i Noreg har gitt norsk øl høg status i Noreg.

Foto: Anniken Mihle / NRK

To av ølsortane til Lervig kom nyleg med på ei liste over dei hundre beste ølsortane i verda, noko han meiner er viktig for eksporten deira.

Kan bli færre bryggeri

– Handverksølbølgja har ikkje berre slått til i Noreg, men i veldig mange andre land, seier direktør for Bryggeri- og Drikkevareforeningen, Petter Nome om dei høge eksporttala.

Han gler seg over det gode ryktet norsk øl har fått i utlandet, men trur likevel at det nå er for mange aktørar på den norske ølmarknaden.

– Det er fleire som nå må dela kaka. Eg trur nok det vil vera færre småbryggeri om nokre år, men at marknaden likevel vil halda fram med å veksa ei god stund framover, seier han.

På fire år har eksport av norsk øl bortimot dobla seg, og det er ølet frå dei små bryggeria utlendingane helst vil ha.

Jonny Garret serverer norsk øl i den nye ølbaren sin i London. Han meiner at norske bryggeri har vore spesielt flinke på å fornya seg.