Hopp til innhold

Meiner små institusjonar forskar like bra som store

Små forskingsmiljø har like god kvalitet i arbeidet sitt som større. Det meiner dei tre største forskingsinstitusjonane i Sogn og Fjordane.

Merete Lunde i Vestlandsforskning

FULLT PÅ HØGDE: Direktør ved Vestlandsforsking, Merete Lunde, meiner det ikkje er samanheng mellom storleik på institutta og publiseringsaktivitet.

Foto: Eva Marie Felde / NRK

Vestlandsforsking, Helse Førde og Høgskulen i Sogn og Fjordane har dei seinaste åra fått meir merksemd om kring forskinga si, og publisert fleire artiklar i anerkjende tidsskrift.

Samstundes blir forskingskvalitet trekt fram som eit argument for samanslåing.

– Sjølv om vi er små, publiserer vi fullt på høgde med dei større institutta, så her er det ingen samanheng mellom storleik og publiseringsaktivitet, seier direktør ved Vestlandsforsking, Merete Lunde.

Har opplevd stor auke

Å få publisert forskinga si i anerkjende tidsskrift og bøker gjev ikkje berre godt omdøme og publisitet – det fører også til pengar i kassa for institusjonane.

Etter visse kriterium kan ein artikkel eller ei bok gje mellom 30 000 og 200 000 kroner i statleg støtte. Også i Helse Førde har dei jobba målretta med å få forskinga si på trykk, seier forskingsleiar, Marit Solheim.

Marit Solheim, forskingsleiar i Helse Førde

PROSESS: Forskingsleiar i Helse Førde, Marit Solheim fortel at forsking er ein prosess for forskarane, spesielt i mindre miljø.

Foto: Eva Marie Felde / NRK

– Vi opplever ein stor auke i publiserte artiklar, samt at vi også sjølve vert spurde om å vurdere artiklar, seier Solheim.

Men samstundes som Helse Førde, Vestlandsforsking og Høgskulen i Sogn og Fjordane har sett opp forskingsfarten og sikra seg meir pengar på grunn av artiklane sine, så er miljøa under sterkt press.

Dårleg kvalitet på forsking blir trekt fram som eit argument for å slå saman forskings- og utdanningsinstitusjonar.

Ikkje gode nok på å byggje spissa miljø

Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen, frå Høgre grunngjev det med behov for robuste og sterke miljø.

– Ein av dei tinga vi ikkje er gode på er å byggje opp spissa miljø. Viss vi skal klare det, må vi konsentrere ressursane våre meir enn i dag. Vi må også ha forskingsmiljø som er robuste, seier Isaksen.

Torbjørn Røe Isaksen

SPISSA: Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen meiner forskingsmiljøa ikkje er nok spissa i Norge.

Foto: Roald, Berit / NTB scanpix

Han understrekar også at liten ikkje betyr dårleg.

– Vi har gitt beskjed til alle institusjonar i Norge om at ein må sjå på samarbeid og sterke og svake sider. Så må ein vurdere om ein gjennom å samarbeide eller slå saman, kan byggje opp under det ein er god på og prioritere tydelegare, seier Isaksen.

Kvalitetssikringa er lik for alle

Direktøren i Vestlandsforsking meiner dei har konsentrert seg om mange av dei viktigaste forskingsspørsmåla i tida framover.

– Vestlandsforsking har forskingstema innanfor mange av dei store utfordringane, både når det gjeld klima, miljø, energi, informasjons- og kommunikasjonsteknologi, regional utvikling og reiseliv. Vi er på mange av dei relevante områda, seier Lunde.

Å avgjere kva som er kvalitet kan vere vanskeleg, men kriterium som at forskinga må vere original, vere solid, ha fagleg relevans og vere av samfunnsmessig eller praktiske nytteverdi.

– Det fine med kvalitetssikringa innanfor forsking er den same, om du er stor eller liten, seier viserektor for forsking og utdanning ved Høgskulen i Sogn og Fjordane, Erik Kyrkjebø.

Må ofte sende inn fleire gonger

Forskinga skal også vere etterprøvd, og kvaliteten blir også sikra gjennom fagfellevurdering.

Det vil seie at andre anerkjende forskarar går gjennom resultata og artikkelen og kjem med tilbakemelding. Han meiner det er ei grei ordning.

– Då les dei gjennom og kjem med kritiske kommentarar, eller seier at det er bra. Så vert det sleppt gjennom etter ein revisjon. Då er vi sikra ved at den kvaliteten vi leverer, er heilt på høgde med det som alle andre leverer innan forskingsresultat, seier Kyrkjebø.

Erik Kyrkjebø, viserektor for forsking og utvikling ved Høgskulen i Sogn og Fjordane

LIK: Viserektor ved Høgskulen i Sogn og Fjordane, Erik Kyrkjebø, peikar på at kvalitetssikringa i forskinga er lik, om du er liten eller stor.

Foto: Eva Marie Felde / NRK

Dei tre forskingsinstitusjonane i fylket har sakte, men sikkert auka talet på slike forskingsartiklar. Men det er ein krevjande prosess for forskarane, spesielt i mindre miljø, seier Marit Solheim i Helse Førde.

– For å få fram ein artikkel må ein gjerne sende den inn fleire gonger. Gjennom den prosessen, går ein gjennom ei sosialisering. Det vi har klart betre dei siste åra, er at vi jobbar saman for å komme gjennom denne skjærselden som det er, og vi lærer oss å publisere, seier Solheim.