Hopp til innhold

Kvar månad tek seks unge menn livet sitt – mange av dei heilt utan forvarsel

Kvar månad tek i snitt seks unge menn mellom 20 og 30 år livet sitt i Norge, mange av dei heilt utan at pårørande har visst at dei har slite med ei psykisk liding på førehand.

Rasmussen

NYTT: Forskar Mette Lyberg Rasmussen fortel at funna strir med det ein tidlegare har meint, at sjølvmord heng saman med psykisk liding.

Foto: Sara Johannessen/FHI / Scanpix/FHI

– På Folkehelseinstituttet har vi teke utgangspunkt i sjølvmord der det ikkje ligg føre noko kjent psykisk liding hjå menneske som ikkje har vore i kontakt med psykisk helsevern i forkant, fortel Rasmussen.

Bakgrunnen for forskinga er at dei som psykologar har opplevd at etterlatne har opplevd at dei ikkje har sett noko teikn på psykisk sjukdom før hendinga.

Medan tidlegare studiar ofte har teke utgangspunkt i at sjølvmord er eit symptom på psykisk liding, har denne studien ved Folkehelseinstituttet intervjua mødrer, fedrar, søsken, venner og tidlegare kjærastar til unge menn mellom 18 og 30 år som plutseleg har teke livet sitt, og som ikkje tidlegare hadde vore i kontakt med psykisk helsevern eller gjort sjølvmordsforsøk.

Såg ikkje dei teikna dei trudde skulle vere der

Dei nære etterlatne hadde ikkje sett teikn på alvorleg psykisk liding før sjølvmordet.

– Det er litt i motsetnad til det vi har vorte lærde opp i, at sjølvmord heng saman med psykisk liding. Men vi blir fortalde om att og om att frå etterlatne at dei opplevde at sjølvmorda kom frå lyn frå klar himmel, seier Rasmussen.

Måndag fortalde NRK historia til Hildegunn Støve frå Stryn, som opplevde at både broren og sonen tok sitt eige liv, heilt utan forvarsel. No syner det seg at mange etterlatne, til liks med Støve, har opplevd at dei ikkje har sett noko teikn på psykisk liding i forkant av sjølvmordet.

På førehand var forskarane spente på om dei pårørande i etterkant har sett teikn på at noko ikkje var som det skulle.

– Men det var snarare tvert om. Det var ikkje dei teikna som dei trudde skulle vere i forkant av eit sjølvmord, seier Rasmussen.

Har intervjua 61 personar

Dei etterlatne fortalde om unge flinke gutar som meistra, men som kanskje heller hadde ei sårbarheit fordi dei hadde lagt mykje av sjølvkjensla si på det å nettopp prestere.

– At den dagen dei ikkje klarte å levere slik dei hadde sett føre seg og tenkt livet skulle sjå ut, så var dei veldig sårbare, seier Rasmussen.

Undersøkinga baserer seg på eit kvalitativt materiale av 61 djupneinitervju og seks avskjedsbrev relatert til sjølvmord hjå ti unge menn mellom 18 og 30 år.

I kvart sjølvmord vart det analysert fire til åtte djupneintervju med nære etterlatne om korleis den avdøde stod fram for dei, og korleis dei forstod sjølvmordet, samt avskjedsbrevet.

– Vi har lurt litt på kva det er som gjer desse unge mennene spesielt sårbare, og kva som gjer at ikkje dei har klart seg. Det er ei kjempeutfordring med tanke på førebygging, seier Rasmussen.

Treng å finne ut meir

Ho legg til at det er utfordrande med tanke på den førebyggingsmodellen ein har hatt til no, der ein rettar mykje av førebyggingsarbeidet inn mot psykisk helsevern.

– Våre funn peikar på at vi må tenkje mykje breiare. Vi må tenkje ut mot alle. Vi er alle viktige aktørar i det sjølvmordsførebyggjande arbeidet, seier Rasmussen.

Men frå funna i studien, er det ein veg å gå til korleis ein skal kunne gjere dette reint praktisk. Rasmussen meiner det er viktig å finne ut meir om kvifor unge menn, som tilsynelatande står fram som velfungerande, brått og uventa for omgjevnadene, vel å avslutte livet.

– Den første biten, som vi akkurat er i gang med, er å samle inn meir kunnskap og få meir forståing for kvifor folk tek livet sitt. Når vi spør dei etterlatne om kva teikn dei har sett, sett i ettertid, så fortel mange at det var ei kjensle av at han var stressa like før det skjedde, seier Rasmussen.

Fleire pårørande har fortalt at den unge mannen, før sjølvmordet, har repetert på noko som han meinte han burde gjort annleis.

– Mange fortel at han stadig kom tilbake til den avgjerda om noko som burde vore gjort annleis. Ein del fortalde også at desse mennene kanskje hadde snakka om døden og sjølvmord, utan at ein hadde klart å ta tak i det, seier Rasmussen.

Beklager, vi kunne ikke vise innholdet.
Se «Selvmordsstatistikk 1972-2012» i nytt vindu

Må tore å bry oss meir

Ho understrekar at funna i studien ikkje fortel om dei store teikna som pårørande kan ta tak i. Men det er likevel ein viktig peikepinn på at alle har eit ansvar til å følgje meir med.

– Viss ein opplever at nokon står fast i noko, blir ståande å kverne og ikkje kjem vidare, eller at nokon pratar slik at vi blir urolege, så er det viktig at ein tek tak i det, seier Rasmussen.

Det handlar både om å tore, men også om å bry seg.

– Det er det vi har i første omgang. Vi må bry oss litt meir, og tore å konkret adressere det. Det er ikkje nok at vi berre oppmodar folk om å søkje hjelp, vi må vere direkte og tore å gå i ein dialog, og tole dei svara vi får, seier Rasmussen.

Har grobotn frå barndommen

Sosiolog og forskar ved Senter for krisepsykologi, Kari Dyregrov, har forska på sjølvmord i over 20 år.

Ho har vore rettleiar for Rasmussen i forskinga hennar. Ho har også rettleia Parvin Kiamanesh i hennar forsking, og seier funna er interessante.

Kari Dyregrov

SKAM: Forskar og sosiolog, Kari Dyregrov, seier funna i doktoravhandlinga avdekkjer ei særleg sårbarheit for å oppleve seg som avvist.

Foto: Senter for krisepsykologi

– Dei har gjort to doktorarbeid som vi har jobba saman med dei om på Folkehelseinstituttet. Funna i den eine doktoravhandlinga avdekkjer ei særleg sårbarheit for å oppleve seg som avvist og å ikkje ha lukkast med sine mål, seier Dyregrov.

I studien har ein sett på unge menn i alderen 18–30 år.

– Ein ser at det har oppstått ei sterk kjensle av skam, ledsaga av eit kraftig sinne og ei utruleg hjelpeløyse. Så har ein mangla eit repertoar for å komme seg ut av den situasjonen, kor sjølvmordet har vorte utvegen, seier Dyregrov.

Ho peikar på at denne type sårbarheit har grobotn i oppveksten.

– Altså frå heilt lite barn og opp. Det har ei utvikling som er ganske kompleks, seier Dyregrov.