Hopp til innhold

Ny forsking syner at støy betrar læringa for born med ADHD

Den svenske psykologen og forskaren Göran Söderlund ved Høgskulen i Sogn og Fjordane, har funne ut at born med ADHD presterer betre med skurrande støy på øyret.

ADHD

KAN HJELPE: Forskinga til Göran Söderlund syner at støy kan hjelpe born med ADHD til å lære betre.

Foto: Pixtal

– Dei har vanskeleg for å få det til, vanskeleg for å sitje i ro og når læraren gir lange, munnlege instruksjonar, så er dei borte vekk i løpet av ti-15 sekund, fortel den svenske psykologen og forskaren Göran Söderlund ved Høgskulen i Sogn og Fjordane.

Han var difor interessert i å finne ut meir om korleis merksemda til born med ADHD artar seg, og korleis ein skal kunne hjelpe borna som slit med dette.

Forsking som Söderlund har gjennomført, syner at konsentrasjonen og læringa deira blir betre dersom borna vert utsette for ein viss type støy.

Men forskingsresultatet overraska også forskaren.

– Eg hadde feil på alle mine hypotesar, seier Söderlund.

Trudde dei ville gjere det dårlegare

På førehand trudde han at born med ADHD skulle vere lettare å forstyrre med lyd. Men forskinga synte stikk motsett.

– Dei vart jo mykje betre av denne «white noise- støyen», seier Söderlund.

Göran Söderlund

TOK FEIL: Forskar Göran Söderlund fekk feil i alle hypotesane sine, men kom fram til banebrytande forsking for born med ADHD.

Foto: Eva Marie Felde / NRK

Støyen det er snakk om kan minne om lyden som kjem frå ein TV når det ikkje lenger er sending.

Han trudde borna med ADHD ville gjere det dårlegare enn andre born på hukommelsestestar, spesielt om dei fekk inn eit uromoment som støy, men der tok han feil.

Trur støy gjer det same som dopamin

Born med ADHD har lågare dopaminnivå. Det stoffet styrer aktiviteten i hjernen. Funna tyder på at svake hjernesignal blir forsterka av støyen, og Söderlund trur dette påverkar nervesystemet.

– Det verkar som at støyen i hjernen gjer det same som dopamin. Det får nervecellene i hjernen til å prate betre med kvarandre, seier Söderlund.

Tal frå organisasjonen ADHD i Norge peikar på at om lag 35000 born og unge har diagnosen. Desse borna slit med konsentrasjon, impulsivitet og kan vere hyperaktive. Medan konsentrasjonen blir betre kan nok ikkje støyen hjelpe på alle områda, fortel forskaren.

– Det finst annan problematikk innan ADHD, som til dømes impulsivitet. Eg har vanskeleg for å tru at støy hjelper på det, seier Söderlund.

I forsøka brukte dei lyden frå ein gamal tv som går i svart. Til no er det berre den lyden han har testa, men Söderlund trur lyden av brusande fossar kan ha liknande effekt.

Lyden må komme på slump

Det viktigaste er at lyden kjem på slump. Forskaren trur at slik støy også kan gjere at andre presterer betre.

– Det syner seg at effekten av støy ser ut til å verke på ei stor gruppe som har dårleg merksemd, seier Söderlund.

No arbeider han med å lansere ein app der du og eg kan teste om støy er noko som betrar konsentrasjonen vår.

– Så kan du sitje med den når du gjer skulearbeid. Bakdelen er at du kanskje ikkje høyrer kva læraren seier, seier Söderlund.

Håpar dette kan vere eit nytt hjelpemiddel

ADHD er ei nevrologisk forstyrring, som i stor grad er arveleg. Diagnosen er livsvarig. Men ein kan få betre kontroll over symptoma ved hjelp av medisin.

Mange blir betre av medisin, men medisinbruk er også omstridd. På ti år har medisinbruken tredobla seg. Söderlund håpar støyen kan vere eit nytt hjelpemiddel.

– Medisinske hjelpemiddel og farmakologiske hjelpemiddel er stimulerande preparat der dette påverkar dopamin-systemet, og mange reagerer på at ein gir så unge born medisinar. Kan ein finne andre moglegheiter, så er det interessant. Så får vi sjå korleis det går, seier Söderlund.