– Mange som får eit parkeringsgebyr eller ei tilleggsavgift, flyttar bilen, for så å komme tilbake seinare og parkere på same plass, med bota på ruta, fortel parkeringsbetjent i Bergen kommune, Siw Bakka.
På sine 25 år som parkeringsbetjent i Bergen kommune, har ho sett litt av kvart på rundane. Gjenbruk av bøter blir meir og meir vanleg. Kvar veke finn Bakka gamle bøter på ruta til bilistar som prøver å lure trafikkbetjentane.
– Det er ikkje noko bestemt gruppe som gjer dette. Både godt vaksne menn og kvinner, forretningsfolk og studentar prøver seg, seier trafikkbetjenten.
LES OGSÅ:
– Folk stel andre sine bøter
– Me fører ikkje statistikk, men grovt rekna vil eg tru det er snakk om rundt 30 stykk i månaden, seier fagdirektør i trafikketaten i Bergen kommune, Øyvind Haga.
Kvart år skriv trafikketaten i Bergen kommune ut til saman 55.000 gebyr og tilleggsgebyr. Haga åtvarar bilistar mot å bruke den gamle bota for å sleppe ein ny.
– Det er jo ikkje lov. Parkering forbode-skilta er der av ein grunn, for at det skal vere mogleg å komme seg fram i gatene, seier Haga.
Gjenbruk av bøter er langt frå det einaste trikset bilistane har i ermet.
– Me har jo høyrt om at enkelte stel parkeringsbøter og set dei på bilen sin, i håp om å unngå parkeringsavgift. Eg trur ikkje det er så vanleg i Bergen, men me får inn ein del folk som seier dei ikkje kan finne parkeringsbota si. Om det skuldast at andre har tatt den for å unngå eiga bot, veit eg ikkje, seier Haga.
LES OGSÅ:
Gjenbruket kan bli dyrt
Andre vel den sokalla «innsamlingsmetoden».
– Me har faktisk opplevd å komme inn i heisen til lokala våre, og blitt møtt av 10–20 parkeringsbøter som nokon har samla inn og lagt der. Det finst mange kreative menneske, seier Haga.
Om dette er ein protest mot systemet er fagdirektøren usikker på. Men det går utover andre bilistar som ikkje får betalt bota si i tide, seier han.
Forsøket på å lure seg frå bota kan også bli dyrt for dei som prøver seg. Bilistar som blir tatt får eit nytt gebyr i tillegg til det fyrste. I verste fall blir bilen taua bort.
LES OGSÅ:
|