Hopp til innhold

Møt parkeringsvakta som helst ikkje vil skrive ut bøter

Det er mange som er sinte på parkeringsvaktene. Men Tormod Lien vil sjølv dei argaste bilistane få problem med å hate.

 I Åndalsnes er det slutt på tida då ein ikkje trengte å bry seg om parkeringsreglane.
No er parkeringsverten på plass. Han kan skrive bøter, men vil aller helst sleppe...

Han har fått jobb som parkeringsvert på Åndalsnes i Rauma, og bedyrar at han helst ikkje vil skrive ut ei einaste parkeringsbot. Men måndag formiddag blei historiens første knallgule lapp lagt på ei frontrute også der.

Tormod Lien skriv ut historiens første parkeringsbot på Åndalsnes

Tormod Lien skriv ut historiens første parkeringsbot på Åndalsnes i Rauma.

Foto: Roar Strøm

Eg brukte god tid no, i håp om at vedkomande kunne kome. Då skulle eg forklart sjåføren at han kan gå inn på næraste butikk og hente seg ei urskive, seier Tormod Lien, i det han festar bota på 300 kroner under vindaugssviskaren.

Les også:

Har vore ein fristad

Astrid Øverland

Astrid Øverland trur det går greit med nye parkeringsreglar, fordi parkeringsverten er så grei.

Foto: Roar Strøm

Åndalsnes har status som by, og har fram til i dag vore ein fristad for dei som ikkje følgjer parkeringsreglane. Men no er det slutt. I juli blei det delt ut parkeringsskiver til alle innbyggjarane i området, med beskjed om at alle kan parkere i tre timar.

Parkering er framleis gratis, men alle må ha parkeringsskive i frontruta. Dei som ikkje har skaffa seg ei slik, får frå i dag av bot. Men han som skal skrive ut eventuelle bøter, skremer førebels ingen.

– Han Tormod er ein jovilal kar, så det går nok bra, seier Astrid Øverland.

Får hjelp frå parkeringsvakta

Hans Den Dikken

Hans Den Dikken skryt av parkeringsverten på Åndalsnes i Rauma.

Foto: Roar Strøm

Måndag formiddag møtte Lien mange åndalsnesingar som ikkje hadde fått med seg kravet om å ha ei stillbar parkeringsskive i frontruta. Men dei aller fleste fekk berre råd og vink om korleis dei skal bruke parkeringsskivene korrekt.

– Ja, eg har fått god hjelp.

– Er han ei snill vakt?

– Ja, då, ei snill vakt, konstanterer Hans Den Dikken.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL