«Vi kan ikkje ha slike store debattar som dette kvar gong, dei riv fylket i fillebitar»

Frank Willy Djuvik (Frp) er klar på at fylket for ein kvar pris må unngå så opprivande debattar som ein har om strukturen i den vidaregåande skulen.

Fylkesutvalet

DESSE BESTEMMER: Deler av fylkesutvalet som var i møte på Hermansverk i ettermiddag. F.v. Trude Brosvik (KrF), Marit Barsnes Krogsæter (V), Frank Willy Djuvik (FrP), Noralv Distad (H) og fylkesrådmann Tore Eriksen.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

– Vi kan ikkje ha slike store debattar som dette kvar gong, dei riv fylket i fillebitar, sa Djuvik til NRK etter at fylkesutvalet i dag gjekk inn for mellom anna å oppretthalde dei vidaregåande skulane i Stryn og Høyanger.

Den røynde politikaren er uroa for at desse debattane vil repetere seg ofte i åra framover, der kløfta mellom kommunar og fogderia berre vil bli steilare, som ein følgje av usemje om kva skular som har ei framtid.

Legg ned i Luster

– Vi kan ikkje ha det slik at desse kampane skal takast år for år, opp att og att. Vi må eit system som gjer at kommunar, næringsliv og elevar får moglegheit til å vere med og definere dei lokale tilboda og styrke seg på den måten, meiner Djuvik.

I fylkesutvalet vart i dag full semje om at fylkesrådmannen sitt forslag til nedleggjing av fire skular vert for drøyt å svelgje. I staden valde politikarane å tilrå ei omfattande smørbrødliste, der ein kuttar og flyttar klassar etter ostehøvelprinsippet.

Fylkesutvalet går og inn for å leggje ned den vidaregåande avdelinga på Vassenden, samt ei full nedleggjing av Luster vidaregåande skule. Jordbruksskulen på Mo blir lagt inn under Øyrane vidaregåande skule.

– Bør vere automatikk

I åra framover meiner Frp at det vil vere mykje opp til skulane å syne fram at dei har livets rett, både i høve fagleg tilbod, elevgrunnlag og evna til å samarbeide med lokalsamfunnet.

– Det bør nesten vere automatikk at dei skulane som då ikkje klarer å trekkje til seg elevar og skape eit tilbod, ikkje får med vidare i neste runde Vi skal i denne saka få så tydelege og klare liner for korleis dette skal gå vidare, at vi slepp å ta desse kampane på nytt, meiner Djuvik.

– Stor politisk semje

Fylkesrådmann Tore Eriksen ville ikkje kommentere om han er nøgd eller ikkje nøgd med politikarane har blitt samde om, men han peikar på at dei trass alt har blitt samde om ei viss innsparing. 17 millionar totalt, slik opplegget ligg føre no.

– Det verkar jo som at det er relativt stor semje på politisk side, men det er jo og signalisert at det forslaget som no ligg frå fylkesutvalet kan bli litt justert i fylkestinget. Men eg går ut frå at fylkestinget sitt vedtak kjem til å liggje nær opp til det som er fylkesutvalet si tilråding i dag, trur Eriksen.

– Må starte eit arbeid

Han trur likevel det vil vere heilt naudsynt med ein ny, omfattande gjennomgang av dei vidaregåande skulane alt om eitt og eit halvt år.

– Det vi ser er at det som ligg i fylkesutvalet si tilråding er at ein etablerer ein skulestruktur som skal vere på plass i 2016 / 2017. Så seier ein samstundes at ein vil gå ned i tal klassar etter det. Det betyr jo at vi om eitt og eit halvt år, i alle høve rimeleg tidleg før det, må starte eit arbeid for å ruste oss på ytterlegare nedgang i elevtalet, trur fylkesrådmannen.

Ikkje auke i talet på linjer

Fungerande fylkesordførar i fylkesutvalet i dag, Jenny Følling (Sp), vel å tru at den politiske semja som kom fram i dag, og vil syne att når fylkestinget møtast i Førde komande veke.

– Eg vonar at den prosessen blir slik at vi ikkje aukar talet på linjer, for då svekker vi økonomien i det vi alt har lagt opp til. Men vi vil sjå på at ein kan gjere naturlege justeringar som vil passe godt inn i byte mellom skulane, sler Følling fast.