Hopp til innhold

Dette bør du gjere viss du skal lys-pynte til jol

Desember og januar er dei store brann-månadane i Noreg. Eigaren av «Noregs finaste jolehus» har eitt klart råd til deg som vil lyse opp mørketida.

Julehus i Høyanger

JOLEHUS: Huset til Jarl Henning Norevik i Høyanger er lyst opp av tusenvis av ljospærer.

Foto: Lars Jonas Pedersen

Dei siste vekene har jolehus poppa opp over heile landet. Nokre nøyer seg med å setje ljos på eit tre eller ei flaggstong, andre tapetserer huset med ljoslenkjer. Då kan gode råd vere dyre.

– Det er betre å setje opp stikk-kontaktar enn å bruke mange skøyteleidningar, seier Jarl Henning Norevik.

Du drar kanskje kjensel på huset hans? Huset i Høyanger har nemleg vunne fleire kåringar for å vere «årets flottaste jolehus».

Norevik er sjølv elektrikar, og huset hans er lyst opp av tusenvis av ljospærer. Han kallar det ein hobby, og denne har han hatt i over 15 år.

Han er ikkje spesielt engsteleg for brann, men har sjølv tatt sine forholdsreglar. Han har mellom anna sett opp 30 stikkontaktar ute.

Tidlegare år har belysninga stått på døgnet rundt, men no er dei programmert slik at dei står på til bestemte tidspunkt.

– Eg har alltid lika jol og synest det er fint med pynt, seier han.

Julehus i Høyanger

Jolehuset til Jarl Henning Norevik i Høyanger.

Foto: Jonas Pedersen / NRK

Les også O jul med din lysende glede

Julepynten til Inger-Johanne Pedersen

Brannmånadane desember og januar

Belysninga du brukar ute skal vere eigna for utandørs bruk og dimensjonert for den belastinga utebelysninga påfører straumnettet, seier administrerande direktør i Brannvernforeininga, Rolf Søtorp.

Tal frå Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap viser at brannvesenet har rykt ut til over 1500 bustadbrannar så langt i år. Samtidig er det slik at vintermånadene desember og januar toppar statistikken over antal bustadbrannar

Søtorp er klar på at vi no er inne i høgsesong for bustadbrannar. Det er vintermånadane desember og januar som toppar statistikken over tal bustadbrannar.

Han ber alle husstandar om å setje branntryggleiken høgt i vekene framover, både før, under og etter feiringa av jul og nyttår.

Det er viktig at leidningar ikkje kjem i klem i dører eller vindauge, så det ideelle er å ha utekontakt der skøyteleidninga kan koplast til.

Farleg kombinasjon

Nordmenn er glad i å tenne ljos og forbruket er høgt. Mange har behov for å lyse opp heimane sine i mørketida, og i desember brukar nordmenn fleire titals millionar stearinljos og teljos.

Open eld og bruk av levande ljos er blant dei vanlegaste årsakene til brann i bustadar. Brannvernforeininga åtvarar mot å bruke levande ljos i kombinasjon med brennbar jolepynt.

– Me har sett ein trend dei siste åra, der ein lagar dekorasjonar av naturmateriale. Tørt naturmateriale i kombinasjon med levande ljos er svært brannfarleg, seier Søtorp.

Seinast søndag vart det branntilløp i ei leilegheit i Bergen, då eit telys sette fyr på ein juledekorasjon på eit nattbord.

Brannfare

BRANNFARLEG: Levande ljos og brennbare materiale er ein farleg kombinasjon.

Foto: NRK

Kristian Lund Solheim i Førde er svært glad i å pynte til jol. I leilegheita til han og sambuaren på Vie har jolepynten vore oppe sidan starten av november.

Han meiner levande ljos gir den beste stemninga, men er svært bevisst på branntryggleiken.

– Me sjekkar at det ikkje står noko i vegen, og så brukar me ikkje høge ljos. Og så blæs me dei sjølvsagt ut!

Kristian Lund Solheim

Kristian Lund Solheim pyntar til jol tidleg i november.

Foto: Ingrid Byggland / NRK

Han er trygg på at heimen er godt sikra for brann.

– Ein kan ikkje gå å tenke på at ein redd for brann. Eg vel å leggje vekk den tanken, og heller førebygge for at det ikkje skal skje, seier han.

Levande ljos, matlaging og auka press på elektriske anlegg er blant grunnane til at desember er den verste brannmånaden i året.

Les også Noen har større sjanse for å dø i brann enn andre: Odd (78) er én av dem

Odd Gram

Sjekk og sløkk!

Om du har belysning som er litt eldre, bør du sjå over at alt er i orden. Sjekk pærer og leidningar før du brukar det, og kjenn på ljosa av og til.

Er ljosa unormalt varme eller er misfarga, bør det vere ein automatisk refleks i oss, at den ikkje kan brukast lenger, seier Søtorp.

Mange synest det er fint at adventsstjerner og anna belysning står på om natta, men det generelle rådet frå Brannvernforeininga er å sløkkje belysninga når ein legg seg eller reiser vekk.

– Det er ikkje så mange som er ute midt på natta for å kikke på kva naboen har hengande oppe, flirer Søtorp.

Ha det som ein god rutine at du tar deg ein liten runde i huset før du legg deg, og sjekk at alt er sløkt.

Eit liv blir gjerne spegla av gjenstandar, bilete og minner ein har i heimen sin. Det er verdt å ta vare på si eiga historie, så det bør vere ein god motivasjon for å ha god brannsikkerheit der ein bur, avsluttar Søtorp.

Sløkkjer du adventsstjerna om natta?