Hopp til innhold

Sjukehuset trur dei vil ta imot koronapasientar i desember

HAUKELAND UNIVERSITETSSJUKEHUS (NRK): Helse Bergen har laga eigne simuleringar av korleis koronaviruset kan spreie seg i vest. Ifølgje scenariet vil koronasjuke bli innlagd gjennom heile 2020.

Eivind Hansen

SJEFEN: Eivind Hansen, administrerande direktør i Helse Bergen kjem for å snakke med pressa etter styremøtet. Han blir følgd av kommunikasjonsdirektør Erik Vigander.

Foto: Therese Grimstad Pisani / NRK

Måndag hadde Helse Bergen det første styremøtet sidan starten på koronakrisa.

Mellom anna fekk styret høyre om estimata helseføretaket har for innleggingar av koronasmitta pasientar på sjukehuset.

Frå før er det kjent korleis Folkehelseinstituttet (FHI) trur sjukdommen vil utvikle seg på landsbasis. Dei reknar med at 2,2 millionar nordmenn kan bli smitta.

For helseføretaka er det viktig å førebu seg på kor mange som treng hjelp på sjukehus og kor mange som treng intensivplass.

Helse Bergen har no brukt modellane frå FHI til å rekne ut kva det betyr for deira sjukehus.

– Vi har gjort simuleringar og laga nokre modellar basert i samarbeid med Stavanger universitetssjukehus. Der ser vi at med dei tiltaka som er etablert i samfunnet no, vil ein kunne strekke det utover slik at tilstrøyminga til sjukehuset er meir kontrollert, seier Eivind Hansen, administrerande direktør i Helse Bergen.

Graf fra Helse Bergen om scenarier om antall innlagte på sykehus med Covid-19

TOPP I SOMMAR: Den blå stipla linja er Helse Bergen sitt scenario med dei tiltaka som gjeld i samfunnet og på sjukehuset i dag. Den viser at toppen vil kome i sommar, med rett under 200 innleggingar på same tid. Samstundes vil det framleis vere innleggingar i desember, dersom scenariet inntreff. Den svarte linja til venstre viser korleis det kunne gått utan tiltak, noko som ville betydd overbelasting for helsevesenet.

Foto: Helse Bergen

Scenario: Framleis innleggingar i desember

Estimatet frå Helse Bergen er usikkert, men gir sjukehuset ein verdifull innsikt for å planlegge framover.

Ein av grafane styret fekk presentert tok for seg innleggingar i Helse Bergen i fire forskjellige scenario:

  1. Ingen tiltak, med veldig rask og ukontrollert spreiing, som i Nord-Italia: Her vil over 1100 bli innlagde på same tid i midten av april.
  2. Middels tiltak: Topp på rundt 300 innlagde i slutten av mai.
  3. Kraftige tiltak fram til oktober: Vil halde talet på innleggingar lågt. Slepp ein opp igjen tiltaka i oktober, får vi ein ny kraftig topp i slutten av haustmånaden.
  4. Haukeland sitt eige scenario basert på tal frå FHI og dei tiltaka som er i Noreg no: Talet på innlagde vil halde seg under 200, med ein topp på midten av sommaren. Grafen viser at tiltaka vil halde fram ut året, og det framleis vil vere enkelte innleggingar i desember.

Helse Bergen reknar med at ein fjerdedel av dei som blir innlagt treng intensivbehandling.

Sjukehusdirektøren på Haukeland skildrar tiltaka som styresmaktene har innført som over middels.

– Vi ser for oss at dette kjem til å vare ved og at tilstrøyminga tar seg litt opp over tid. Modellen vi peiker på, ser vi realisere seg etter kvart som det blir fleire innlagde og fleire som får intensivbehandling, seier Hansen.

Han vil ikkje utdjupe kor lenge han trur sjukehuset vil vere i kriseberedskap.

Unngår ein dei store toppane, vil sjukehuset kunne hjelpe dei koronasjuke som treng hjelp.

Styremøte i Helse Bergen. Tom sal på grunn av koronaviruset

TOMT: Styremøtet i Helse Bergen føregjekk på telefon. Fem tilhøyrarar sat i ein sal og følgde møtet.

Foto: Therese Pisani / NRK

Scenario for intensivbehandling

Måndag var det 12 innlagde med koronasmitte i Helse Bergen. To av desse får intensivbehandling.

I scenariet for innlagde dei neste 14 dagane, viser estimatet at dei ikkje hadde rekna med at pasientar skulle få intensivbehandling før onsdag 25. mars. Allereie fredag 20. mars fekk éin pasient slik behandling.

Det uroar ikkje Hansen.

– Det er vanskeleg å tolke så tidleg. Modellen vil vise noko, realiteten noko anna. Eg trur ikkje den fullt ut vil føresjå situasjonen framover, men den gir oss ein idé. Det var viktig å gi styret eit inntrykk av korleis vi vurderer framtidsperspektivet på denne utviklinga.