Hopp til innhold

Slik spelar Sogndal i eliteserien 2017

Sogndal startar borte og avsluttar heime. Sjå kor og når Sogndal spelar sine kampar neste sesong her.

Eirik Bakke
Foto: Magnus Gamlem/NRK

Måndag kveld vart oppsettet for eliteserien 2017 offentleggjort. Der vart det klart at Sogndal Fotball må reise til Østfold for å møte Sarpsborg 08 i første serierunde.

– Eg er fornøgd med at vi spelar borte i den første runden og får heimekamp i den siste. Bortsett frå det er det litt hipp som happ kva tid vi møter kven, vi skal møte alle to gongar uansett, seier Sogndal-trenar, Eirik Bakke til NRK.

I siste serierunde kjem Vålerenga på besøk til Fosshaugane. Sjå datoane for alle Sogndal sine kampar nedst i saka.

– Skal øydelegge stemninga

Bakke trekker fram første serierunde og kampane mot Brann som dei største for han sjølv og supporterane.

16. mai er den store festdagen for norsk fotball, og også i år må Sogndal spele på bortebane. Men det er heilt greitt for Bakke.

– Vi er nok det einaste laget som ønskjer å spele borte då. Dei største klubbane må få ha heimekamp den dagen. Vi skal til Molde og har planer om å øydelegge stemninga i 17. mai-toget der, seier han.

Sogndal sine kampar i eliteserien 2017:

  • 2. april: Sarpsborg – Sogndal
  • 5. april: Sogndal – Stabæk
  • 9. april: Tromsø – Stabæk
  • 17. april: Sogndal – Strømsgodset
  • 23. april: Vålerenga – Sogndal
  • 30. april: Sogndal – Lillestrøm
  • 7. mai: Haugesund – Sogndal
  • 13. mai: Sogndal – Viking
  • 16. mai: Molde – Sogndal
  • 20. mai: Sogndal – Brann
  • 28. mai: Kristiansund – Sogndal
  • 4. juni: Sogndal – Sandefjord
  • 18. juni: Sogndal – Odd
  • 25. juni: Rosenborg – Sogndal
  • 2. juli: Sogndal – Aalesund
  • 9. juli: Viking – Sogndal
  • 15. juli: Sogndal – Rosenborg
  • 6. august: Odd – Sogndal
  • 13. august: Sandefjord – Sogndal
  • 20. august: Sogndal – Kristiansund
  • 10. september: Brann – Sogndal
  • 17. september: Sogndal – Haugesund
  • 24. september: Aalesund – Sogndal
  • 1. oktober: Sogndal–Molde
  • 15. oktober: Lillestrøm–Sogndal
  • 22. oktober: Sogndal–Sarpsborg
  • 29. oktober: Strømsgodset–Sogndal
  • 5. november: Sogndal–Tromsø
  • 19. november: Stabæk–Sogndal
  • 26. november: Sogndal–Vålerenga