Hopp til innhold

Slik skal «laksens eigen Face ID» skilja mellom oppdrettsfisk og villaks

Landets mest overvaka lakseelv tar i bruk pionermetodar for å redda den norske villaksen. No håpar forskarar at teknologien kan kjenna igjen kvar enkelt fisk.

Bruken av biometrisk identifisering, som fingeravtrykk og ansiktsform, har gjort kvardagen vår langt enklare.

Men det er ikkje berre menneske teknologien kan skilja mellom.

No trur Havforskingsinstituttet at ansiktsgjenkjenning av laks kan revolusjonera arbeidet med å skilja den norske villaksen og rømt oppdrettslaks.

Det kan vera avgjerande for villaksbestanden at ein får bukt med rømt oppdrettslaks.

– Den nye teknologien kan opna nye dører, meiner forskar Øystein Skaala.

Laks i fototunnel i Etne-elva.

SMIL TIL KAMERA: Denne laksen var 20 gram då han vart merka i elva i 2018. No er han tilbake, nesten ti kilo tung. Her blir han teke bilete av inne i fototunnelen.

Foto: Havforskingsinstituttet

Ein av fiskane som har vore gjennom tunnelen, er ein hann som var 20 gram tung då han vart merka i 2018. 11. mai kom han att, denne gongen nesten ti kilo tung.

– Når denne fisken var her stod me tre personar og tok bilete av han. Den er dei fleste laksefiskarar sine draum, seier Per Tommy Fjeldheim. Han leier Havforskingsinstituttet sin stasjon i Etneelva.

Registrerer manuelt i dag

I ein fototunnel ved elvemunningen slepp ein tilsett ved Havforskingsinstituttet ned ein liten laks.

Ved hjelp av fire kamera, skal teknologien bak fotomaskina læra seg skilnaden på ein villaks og ein rømt oppdrettslaks.

– Den mest krevjande operasjonen som me skal prøva å få til, er om den klarar å kjenna igjen individa også. Ansiktsgjenkjenning, som me kallar det på menneske, seier Skaala.

Øystein Skaala ved Havforskningsinstituttet

– EKSTREMT: Overvakinga av laksebestanden i Etneelva er ekstrem, seier forskar Øystein Skaala ved Havforskingsinstituttet.

Foto: Eli Bjelland / NRK

Om lag tusen bilete er samla inn sidan august i fjor. Fototunnel-prosjektet er eit gjort i samarbeid med Universitetet i Agder og selskapet Submerged.

Sidan 2013 har ei laksefelle stogga rømt oppdrettslaks frå å koma opp til villaksen sine gytestadar i Etneelva. Kvar enkelt fisk blir tatt opp av elva, merka og registrert.

– Det er eigentleg heilt ekstremt. Me får veldig presis informasjon, men det er arbeidskrevjande, seier forskaren.

Alt arbeidet med registrering av laksen i elva gjer stasjonen dyr å driva. I tillegg til to faste tilsette, er det fleire røktarar som jobbar nokre timar kvar dag når fella er i drift april til november.

Fiskefelle Etne

FELLE: Fiskefella i Etne har vore i drift dei siste åtte åra. Ho hindrar oppdrettslaks i å koma opp i elva, men er arbeidskrevjande å drifta.

Foto: Øystein Skaala / Havforskingsinstituttet

Stressar fisken mindre

Etneelva er den mest overvaka elva i Europa. I og med at laksefella er så arbeidskrevjande å drifta, er det nesten ingen andre stadar i heile verda som overvakar fiskebestandar så nøye. Det kan fotosystemet endra.

– I praksis vil det opna for at ein kan bruka dette systemet langs kysten og i elvar både i Noreg, resten av Europa og Nord-Amerika, der ein har bestandar av villaks, seier Skaala.

I tillegg er det truleg også betre for fisken å bli tatt bilete av enn å bli løfta ut av vatnet.

– No heisar me dei opp i ein pose og målar vekta på dei. Det er nok litt stress kopla til dette, sjølv om det går ganske fort. I ein fototunnel vil dei ha ein betre oppvandringstur i elva, seier Skaala.

Ein tilsett i Havforskingsinsituttet kikkar ned i ein fototunnel for laks i Etne-elva.

TUNNEL: Fiskane blir sleppte ned i denne tunnelen for å bli fotograferte.

Foto: Eli Bjelland / NRK