Hopp til innhold

Slik skal dei ta vare på den over 100 år gamle stien

Sidan 2008 har det blitt lagt ned tallause arbeidstimar og fem millionar kroner på utbetringar av stien opp til Skålatårnet i Loen. No har sti-entusiastane skipa eit eige «Skålastilag» for å sikre at vegen blir teken godt vare på i åra som kjem.

Skåla Opp

TEK VARE PÅ STIEN: Også i åra framover må det leggjast ned mykje arbeid for å halde stien opp til Skålatårnet ved like.

Foto: Silje Gudda/NRK

– Når ein legg ned så mykje pengar i ein sti, så må ein ta vare på den i framtida. Om ikkje ville alt arbeidet som er lagt ned vere vegkasta, seier Knut Tjugen.

Har fått engasjementet inn i ordna former

Grunneigaren på Tjugen i Loen har vakse opp med det mektige fjellet like over seg. I mange år har han vore involvert i arbeidet med å ta vare på og utbetre stien, og no tek han det vidare i ny form.

Skålastilaget er skipa, og er samansett av grunneigarar, ein representant frå Reisemål Stryn og Nordfjord og ein representant frå Bergen og Hordaland turlag. Statens Naturoppsyn og styret for Jostedalsbreen nasjonalpark er med som faglege støttespelarar.

Knut Tjugen er valt som leiar, og saman med styret skal han sørge for at dei gjer det beste for å ta hand om stien vidare.

– Det er lagt ned mykje pengar og det har blitt ein bra sti. Skal vi ta vare på den i tida framover måtte vi få engasjementet inn i rette former, slik at vi enklare kan søkje om pengar til dømes, seier Tjugen til NRK.no.

(Artikkelen held fram under biletet)

Sherpaer jobbar med Skålastien i Loen

MYKJE JOBB: Sherpaer frå Nepal har mellom anna vore hyra inn for å utbetre stien oppover fjellskia i Loen.

Foto: Anne Rudsengen

Tusenvis går på den gamle stien kvart år

Det er over 100 år sidan dei første steinhellene vart lagt i terrenget for at folk lettare kunne ta seg opp til toppen av Skåla. Heilt tilbake i 1891 bygde doktor Hans Henrik Kloumann eit tårn høgt oppe på fjellet Skåla i Loen.

Skåla ligg på 1843 meter over havet og det er sagt at tanken var at den tynne lufta her skulle gjere folk med tuberkulose friske.

Motbakkeløpet Skåla Opp har blitt ei knallsterk merkevare for Nordfjord og Loen og løpet har dei siste åra samla vel 2000 til start. I løpet av eit år er det rundt 10.000 menneske oppe på fjellet.

Dei mange turgåarane fører til slitasje, både på stien og området rundt stien. Difor har det frå 2008 til og med 2012 blitt lagt ned svært mykje arbeid på stien. Mellom anna har nepalske sherpaer blitt hyra inn for å gjere delar av jobben.

Kan bli øydelagd

Resultatet av utbetringsarbeidet vart ein sti som vart meir robust og som toler slitasje og erosjon betre. Men sjølv om arbeidet altså vart fullført sist sommar, må stien haldast ved like både vår og haust i åra framover.

– Vi er heilt avhengige av å ha folk som ser etter stien, både vår og haust. Om våren er det til dømes snøsmelting, og då vil vatnet følgje stien om ikkje stikkrennene er opna hausten før, forklarar styreleiar i stilaget, Knut Tjugen.

Han seier dei leiger inn folk til å gjere dette arbeidet, og forklarar at stien i nokre av områda raskt kan bli øydelagd om ikkje vedlikehaldet blir teke på alvor.

– Vi må ha dette i faste former, så vi veit at det blir gjort, seier han.

(Artikkelen held fram under)

Video Trapp til fjells

TIL HIMMELS: Over 100 år etter at vegen opp til Skålatårnet ved Lodalen blei påbegynt, har stien dei sista åra blitt utbetra for fleire millionar kroner. Denne TV-saka er frå august 2010.

Har gått frå 70 til 10.000 besøkande

Stien opp til Skåla blir rekna som eit flott reisemål for både tilreisande og lokale. Tjugen har gjennom fleire tiår sett at fjellet har blitt stadig meir populært.

– Då eg va liten gut på 1950-talet var det kanskje 70–80 menneske opp på fjellet i løpet av ein sommar. Så det har utvikla seg veldig, no er det snakk om rundt 10.000 i løpet av eit år, seier Tjugen.

Han både trur og håpar at det ikkje blir så veldig mange fleire enn det.

– Eg trur nok talet vil halde seg på rundt 10.000 til 15.000, og eg trur ikkje stien vil tole så all verdas mykje meir på nokre av strekningane, seier han.

Tjugen seier Skålastilaget vil jobbe for at turglade skal kunne nyte godt av ein god sti i mange år framover.