Hopp til innhold

I sommar blir dette ein byggjeplass

Ein av dei mest særeigne turisthyttene som finst i landet blir denne sommaren omgjort til det som liknar ein byggjeplass. Men det må til skal ein bevare det over 120 år gamle Skålatårnet.

Skålatårnet

OPPGRADERING: Denne sommaren skal Skålatårnet få ei vel fortent oppgradering, fortel Bjørn Vike som skal vere med på arbeidet.

Foto: Sabine Exner

Byggmeister Bjørn Vike har allereie lagt ned tallause arbeidstimar på det historiske byggverket på Skåla i Loen. Denne sommaren blir det endå fleire.

Vike som er både eventyrar, ekspedisjonsleiar, hyttebyggar og fjellentusiast ser ikkje mørkt på det arbeidet ein no går i gang med.

– Det blir ei betydeleg oppgradering, noko tårnet verkeleg fortener, seier han til NRK.no.

Vil få bukt med lekkasjar

Over tid har alvorlege lekkasjeskader gjort betydelege skader på det spesielle tårnet. Vatn har trengt inn gjennom sprekkar i veggane, og litt etter litt har desse blitt tetta.

– Dei siste tre åra har vi tetta felt for felt på tårnet, og det har blitt mykje betre. I sommar skal vi ta den siste delen utvendig, og vi håpar at den omsorga vi gir vil gjere til at lekkasjane kan stoppe, seier Vike til NRK.no.

Tårnet vart bygd på slutten av 1800-talet av bønder og innbyggjarar i Loen. I utgangspunktet var det tenkt brukt til overnatting for fjellturistar, men i seinare tid har det blitt hevda at det var tiltenkt for behandling av tuberkuløse.

(Artikkelen held fram under biletet)

Skålatårnet i Loen

POPULÆRT: Skålatårnet i Loen er populært blant fjellfolk både sommar og vinter.

Foto: Harald Vangberg

Oppgradering både ute og inne

Bygginga av tårnet var mellom anna finansiert ved basar i Stryn og gåver frå Den Norske Turistforening (DNT) og Bergen Turlag. Det var også sistnemnde som tok kontakt med Bjørn Vike då taket på tårnet forsvann med vinden vinteren 2003.

– Eg og ein venn var akkurat tilbake frå ein skitur i Iran, og då vi landa på Gardermoen kom meldinga om vi kunne komme hjelpe, fortel Vike.

Og han var ikkje vond å be. Sidan har det blitt mange arbeidstimar på tårnet som ligg 1848 meter over havet.

I tillegg til å tette resten av hola utvendig, skal tårnet denne sommaren også få ei oppgradering innvendig.

– Tårnet har ikkje fått så mykje omsorg innvendig, så no skal golvet skiftast, det same skal kjøkken og ein del interiør, seier Vike.

– Det vil ikkje få eit nytt uttrykk, men det blir ei oppgradering.

– Ein byggjeplass

I samband med arbeidet vil tårnet framleis vere ope for publikum, men Vike åtvarar mot at folk vil merke det.

– Det blir veldig primitivt, og det blir ein byggjeplass. Må ein overnatte der, så går det sjølvsagt an, men det blir som å bu på ein byggjeplass, seier byggmeisteren.

– Ta turen likevel

Han håpar samtidig at flest mogleg vitjar Skåla og Skålatårnet, og seier naturopplevingane på toppen er heilt spesielle.

– Å jobbe på Skåla er ei sterk oppleving. For det første er engasjementet frå bygdefolket så sterkt, og det er inspirerande.

– Så har du utsikta frå tårnet, når tåka slepp taket. Det er så truleg vakkert, seier Vike.

Og skal du ta turen opp på fjellet denne sommaren må du gjerne ta med ei lita påskjønning til arbeidskarane på toppen, føreslår Vike humrande.

– Folk er hjarteleg velkomne, og dei må gjerne ta med ei avis og eit tebrød til oss der oppe, gliser han.