Hopp til innhold

No er Skålatårnet klart for sommaren

Etter fleire tusen timar med arbeid for å restaurere tårnet på toppen av Skåla, er det no endeleg klart til å ta imot spreke turistar.

Skålatårnet og Bjørn Vike

FERDIG: Byggmeister Bjørn Vike (t.h.) seier Skålatårnet no er klart for sommarturistane.

Foto: privat


– Det har vore eit omfattande arbeid. Skålatårnet er eit gamalt byggverk som står på ein uhyre vêrutsett plass oppå Skåla, seier byggmeister Bjørn Vike.

21. mai starta Bergen turlag med det omfattande arbeidet med å oppgradere Skålatårnet. I dei siste åra har det vore mykje lekkasje i murkonstruksjonen.

– Vi har i dei siste tre åra tetta utvendig. I går sette vi punktum for det arbeidet og

Skålatårnet

SKÅLATÅRNET: Klart for sommarturistane.

Foto: privat

var ferdige med det arbeidet, fortel Vike.

Han seier at håpet er at det no ikkje skal komme noko vatn, eller minst mogleg vatn inn gjennom veggane i tårnet.

– No er i alle fall tårnet klart til å ta i mot folk. Då møter dei eit tårn som ser flott ut og som har fått den omsorga som det fortener, seier han.

Tårnet har plass til mellom 25–30 personar, men Vike seier det skal vere plass til alle som kjem.

Taket blåste av

– Mitt første møte med Skålatårnet var for ti år sidan. Då kom eg frå ein skitur i Iran og fekk melding frå Bergen Turlag at heile taket og delar av murane hadde blåst av på tårnet. Det var min start med arbeidet på tårnet, fortel

Skålatårnet Kjøkkenkrok

KOSELEG: No kan turistane berre komme, seier Bjørn Vike.

Foto: privat

byggmeisteren.

Då hadde dei ein vår med der dei måtte bygge opp att tårnet, taket og murkonstruksjonen.

– No i det siste har det vore til og frå tårnet med vedlikehald, men dei siste tre åra har vi hatt ein omfattande jobb.

Vike legg til at det er ein veldig kort sesong ein får arbeida der.

– Vi kunne ikkje ha frost når vi heldt på med murarbeidet. Seinast på måndag kom det ti centimeter med nysnø på Skålatårnet. Frå slutten av mai til midten av juni er den ideelle tida å jobbe der, og det har vi gjort dei siste åra.

Mange tusen timar

– I år har vi målt alle overflatar innvendig, skifta golv, nytt lekkert kjøkken og vaska og rydda tårnet. No har det i alle fall fått omsorg. Turistane er allereie i gang. Dei som trenar til Skåla Opp dei møtte vi nesten kvar dag og kom sveitte opp.

Skålatårnet Kjøkken

NYTT KJØKKEN: Fleire tusen timar med arbeid har blitt lagt ned på Skålatårnet.

Foto: privat

– Kor mange timar trur du er lagt ned i arbeidet med å oppgradere tårnet?

– Det er mange tusen timar, eg har ikkje oversikt, men det er veldig mange timar som har blitt lagt ned på Skålatårnet, fortel Vike.

Han seier dei er letta av å endeleg vere ferdig med arbeidet.

– For det har vore mykje logistikk og planlegging og eit vêravhengig prosjekt. Ein er og avhengig av helikopter og velvilje i bygda.

Han har merka at folk i bygdene rundt er opptekne av tårnet og glade for at det blir teke vare på.

Vandring i kulturhistorie

– Det å gå på Skåla er ei vandring i kulturhistorie, og det er ein fryd å gå den flott vegen opp til Skålatårnet og møte det byggverket der oppe. Helst i sol. Det er ei oppleving du aldri vil gløyme, fortel byggmeister Vike.

Han fortel at det å setje att noko ein veit andre set pris på er ein av dei tinga som er kjekt ved å vere byggmeister og jobbe i fjellet.

– Eg vil seie det er ei glede å reise frå eit tårn som ser så fint ut som det gjer no. Og ikkje minst å etterlate det til andre som må ta vare på det i framtida

Bjørn Vike Skålatårnet

BYGGMEISTER: Bjørn Vike tykkjer tårnet har blitt fint.

Foto: privat