I morgon skal Fylkestinget i Sogn og Fjordane møtast om regionreforma, ei reform som har engasjert mange. På trass av at reforma har vore eit heitt samtaletema i haust, er ikkje endringane ho medfører uvanlege i eit historisk perspektiv.
TRE KAN BLI ÉIN: Sogn og Fjordane kan igjen bli del av det vi i dag kjenner som Hordaland. Men også Rogaland eller delar av fylket kan bli med.
Foto: Marie Stafsnes Osland / NRK– Dagens regionreform er på mange måtar som å gå tilbake til midten av 1700-talet, seier historikar Harald E. Tafjord.
Før strekte Bergenhus amt seg over dagens Hordaland og Sogn og Fjordane. I 1763 vart det delt i Nordre og Søndre Bergenhus, og då vart grensene for dagens Sogn og Fjordane streka opp. Kjensla av å høyre til eitt fylke, let likevel vente på seg.
IKKJE NYTT: – Dagens regionreform er på mange måtar å gå tilbake til 1763. Det er ikkje nytt å ha større einingar, seier historikar Harald Endre Tafjord
Foto: HØGSKULEN I VOLDATafjord seier innbyggjarane i området allereie på 900-talet hadde ein identitet som var tufta på kva fjord dei budde ved. Nokon felles identitet knytt til det som i dag utgjer fylket, fanst derimot ikkje.
– Det er jo fascinerande at det er fjordarmane som har gitt namn til folkegruppene. Dagens nemningar har opphavet sitt frå dei, seier historikar Harald E. Tafjord.
Tafjord fortel at nemninga «sogning»var i bruk allereie på 900-talet, medan «fjordingar» dukka opp på 1100-talet.
HERMANSVERK: Hotell Leikvang på Hermansverk før 1900.
– Sogn og Fjordane var nok åtskild av naturen, med ulike fjordløp og fjell som stengde mellom dei ulike delane. Dei var nordfjordingar og sogningar på den tida, og Sunnfjord var mest sannsynleg ein del av Sogn.
Det offentlege stod for utviklinga
Sogn og Fjordane skil seg historisk frå både Møre og Romsdal og Hordaland.
TETTARE FYLKE: – Folk veit meir om kva som skjer i andre delar av fylket i dag. Det har blitt ein tettare kommunikasjonsfellesskap, seier historikar Oddmund Løkensgard Hoel.
Foto: HØGSKULEN I SOGN OG FJORDANE– I Sogn og Fjordane fanst det ikkje byar som i nabofylka. Det som primært «er» Sogn og Fjordane for folk, er dei offentlege institusjonane. I mangel på private aktørar som kunne vere motorar i utviklinga, måtte det offentlege fylle tomrommet, seier han.
Han meiner at fylket gradvis har blitt viktigare for dei som budde i det.
– Etter kvart som offentleg sektor vart viktigare, vart Sogn og Fjordane viktigare for folk, seier han.
FØRDE: Hesteskyss ved Hafstad Hotell i Førde kring 1900.
Foto: © Fylkesarkivet«Dampen» frakta folk og fylkesidentitet
FLORØ: Slik såg Fugleskjera i Florø ut rundt 1900.
Sogn og Fjordane var vanskeleg å reise i. Skulle ein flytte på seg, måtte ein inn eller ut av ein fjord, fortel historikar Jan Anders Timberlid. Han meiner at skipinga av Amtsbåtane, altså Fylkesbåtane, var noko av det viktigaste for å skape ein felles identitet i området.
– Folk budde i kvar si grend og hadde ikkje sterke oppfatningar av noko fylkesidentitet. Då «dampen» kom, vart det ei førestilling om at vi var ein del av noko større, nemleg eit fylke, fortel han.