Hopp til innhold

Slik reagerer Stortinget på den nye forsvarsplanen

Målet til regjeringa er at «alle» på Stortinget skal seie ja til den nye langtidsplanen til Forsvaret, men det er ikkje sikkert.

Sjøforsvaret

NY PLAN: – Vi treng eit sterkt sjøforsvar som kan vere til stades i havområda våre og førebygge konflikt og vareta norsk innverknad og handlingsrom, seier forsvarsminister Bjørn Arild Gram (Sp).

Foto: Sjøforsvaret

Statsminister Jonas Gahr Støre gjorde eit poeng av at han ønskte seg eit breiast mogleg forlik da han la fram den nye langtidsplanen for Forsvaret.

Det har ein verdi i seg sjølv at vi viser verda at vi kan stå saman. Vår urolege tid krev det av oss, sa han.

Han rosa samtidig opposisjonen på Stortinget for å ha komme med «kloke» innspel til arbeidet.

I mai 2020 kom langtidsplan-forslaget til Solberg-regjeringa i retur frå Stortinget, og Støre-regjeringa har lagt politisk prestisje i at det ikkje skal gjenta seg.

Kor mange som seier ja til den nye «Støre-planen» er likevel ikkje gitt. Ein foreløpig ringerunde viser at støtta på Stortinget er brei, men ikkje utan atterhald.

Det er venta at Stortinget vil vedta planen før sommaren.

Stortinget behandler habilitetssakene

Ein foreløpig ringerunde viser at støtta til planen på Stortinget er brei, men ikkje utan atterhald.

Foto: Javad Parsa / NTB

– Vi er ikkje i mål

Denne langtidsplanen er eit godt utgangspunkt for forhandlingar om eit breitt forlik, men vi er ikkje i mål, seier Guri Melby i Venstre.

Eg er usikker på om det regjeringa legg opp til er nok.

Ho legg til at det «kviler eit tungt ansvar på oss stortingspolitikarar som nå skal inn i viktige forhandlingar».

I dag kjem ny langtidsplan for Forsvaret. Blir Noreg meir militarisert?

Langtidsplanen er den første heilskaplege responsen på at logikken til den kalde krigen er på retur. I Politisk kvartar i dag tidleg fekk regjeringa ros frå tidlegare forsvarsminister Ine Eriksen Søreide (H) for «konstruktive samtalar» i forkant av framlegginga.

Vi ønsker å bidra til eit forlik

«Regjeringa går normalt til SV for å få fleirtal. Samtidig vil det vere eit poeng å få Høgre om bord for å sikre at planen blir også gjennomført ved eit maktskifte», skriv Lars Nehru Sand i ein kommentar.

Leiar for Utanriks- og forsvarskomiteen på Stortinget, Ine Eriksen Søreide, seier at Høgre vil «gå grundig gjennom heilskapen i forslaget» og dei vil sjå nærare på «den konkrete innretninga, innfasinga og finansieringa».

– Men vi ønsker å bidra til eit forlik. Det er også grunnen til at vi bad regjeringa ta initiativ til samtalar med partia på Stortinget før planen blei lagt fram.

Forsvarspolitisk talsmann for Frp, Christian Tybring-Gjedde, seier til NRK at han «ser fram til å gjere planen enda betre».

At regjeringa ikkje kan vise til kor pengane skal hentast frå, er urovekkande. Utan konkrete prioriteringar, er eg redd planen kan bli eit luftslott.

På tolv år skal forsvarsbudsjetta nesten doblast samanlikna med i dag. Totalt blir Forsvaret styrkt med 600 milliardar kroner.

Kommunestyre og fylkestingsval 2023
Lise Åserud / NTB

Guri Melby, Venstre

– Å styrke forsvaret av Noreg og samtidig gjere Ukraina i stand til å vinne over Putin, er det viktigaste vi kan gjere for vår eigen tryggleik. Regjeringas langtidsplan i dag er eit godt rammeverk på vegen, men eg fryktar det manglar ei akuttforståing om den alvorlege sikkerheitspolitiske situasjonen Europa og Noreg står midt oppe i, i dag.

SVs landsmøte på Gardermoen
Ole BergRusten / NTB

Ingrid Fiskaa, SV

– Det er bra at regjeringa vil styrke Forsvarets grunnmur og ha meir personell. Men det hjelper ikkje å kalle inn fleire vernepliktige og tilsette fleire befal dersom mange erfarne tilsette sluttar. Eg fryktar at nye, store investeringar raskt kan bli eit pengesluk utan reell styrking av forsvarsevna dersom me ikkje også stoppar privatiseringa og byråkratiseringa i Forsvaret.

Munnleg spørjetime i Stortinget
Javad Parsa / NTB

Bjørnar Moxnes, Raudt

– Meir personell er bra, men det trengst meir. LTP er ikkje berre eit spørsmål om «meir forsvar», Stortinget skal også avgjere kva slags forsvar vi skal ha. Raudt vil ha eit uthaldande og kostnadseffektivt forsvar som er rigga for å forsvare Noreg. Derfor ønsker vi ein høgare ambisjon på langtrekkande luftvern, som dekker meir enn eitt område.

Munnleg spørjetime på Stortinget
Annika Byrde / NTB

Rasmus Hansson, MDG

– Førstelinja i forsvaret av Noregs fridom går foreløpig i Ukraina. Ukraina-krigen lærer oss at motstå eit angrep i våre dagar krev langtrekkande luftforsvar og presisjonsvåpen, eit omfattande droneforsvar og eit avansert elektronisk forsvar. Det er rett av regjeringa å satse på dette, under dette å utvikle Andøya flystasjon som base for dronar.

DagInge Ulstein
William Jobling / NRK

Dag Inge Ulstein, KrF

– For oss har det vore viktig å få inn ei stor satsing på luftvern, cyber og hybride truslar, og ikkje minst ei styrking av Heimevernet. Det ser ut som vi har fått gode gjennomslag. Vi er også glad for at innspelet vårt om å bevare Kjevik som ein viktig base i Sør-Noreg blei lytta til. Dette er avgjerande for beredskapen i heile landsdelen.

Odin Johannessen Direktør i Næringslivets sikkerheitsråd.
Moment Studio

Odin Johannessen, direktør i Næringslivets sikkerheitsråd

– Dette er ein svært viktig og historisk dag. Regjeringa viser med denne planen evne og vilje til å bygge opp igjen Forsvaret, og det er tatt omsyn til både Forsvarskommisjonen og Forsvarssjefens oppfordringar. I tillegg synest planen å sikre ein god balanse mellom investering og drift – ein vesentleg føresetnad for å skape det forsvaret vi treng.

Torbjørn Bongo
Oyvind Bye Skille

Torbjørn Bongo, Noregs offisers- og spesialistforbund

– Regjeringas forslag er ei tydeleg og krevjande satsing på Forsvaret i åra som kjem. Ei satsing som er høgst påkravd gitt ein forverra sikkerheitspolitiske situasjon og den alvorlege tilstanden i Forsvaret. Men satsinga er ikkje utan utfordringar.

LOleiar Peggy Hessen Følsvik
ISMAIL BURAK AKKAN / NRK

Peggy Hessen Følsvik, LO-leiar

– I ei farlegare verd må vi prioritere det viktigaste først. Det er derfor heilt nødvendig at regjeringa nå legg opp til at vi kvart år i mange år framover skal prioritere forsvar og sikkerheit. Dette er viktige prioriteringar som har store kostnader, og som vil krevje mykje av oss alle. Det har derfor ein stor verdi at regjeringa har lagt grunnlaget for eit breitt politisk fleirtal på Stortinget.

Erlend Hagenes
Utsyn

Erlend Hagenes, Sjef Øvelse Nord

– Politikarane og delar av forsvarsstaben har dei siste åra brukt alle høve til å sable ned forsvarssjefen, sjølv når han legg fram dei rimelegaste alternativa til auka satsing på Forsvaret. Sjølv når Kristoffersen snakkar med låg innestemme, blir han hysja ned. Det er viktig at Kristoffersen blir høyrd på nå på ein annan måte enn før. Desse 600 milliardane er eit minimum av kva som trengst

YSleder HansErik Skjæggerud under ein konferanse i 2022.
Terje Pedersen / NTB

Hans-Erik Skjæggerud, YS-leiar

– Dette er vel og bra, men viss vi verkeleg skal styrke Forsvaret må det satsast enda meir. Det trengst raske og verknadsfulle grep for å halde på kompetansen. Regjeringa har moglegheita nå, viss den politiske viljen er der.

Ein dyr avslutning på epoken da vi investerte mest mogleg i fred

– Forsvarets langtidsplan varslar eit stort, dyrt, men nødvendig løft for norsk forsvarsevne, seier Rasmus Hansson, stortingsrepresentant for Miljøpartiet Dei Grøne.

Han kallar det ein «ein uendeleg trist og dyr avslutning på epoken da vi investerte mest mogleg i fredeleg samkvem og minst mogleg i krig».

Les også Ny brigade i sør skal forsvare hovedstaden

qp9I56fI4SY

Putins vanvitige krigstørste har snudd Europa på hovudet, og med det Noregs forsvarsbehov.

Fregatt-satsinga er han meir usikker på.

Regjeringa har sine gode grunnar, men vi må ta med i tenkinga om marinen kor effektive Ukrainas nye sjødronar har vore mot den russiske svartehavsflåten. Fregattar er viktige i fredstid, men kanskje mindre viktige i ein krig.

I 2022 – på «Marinens dag» i Russland – signerte Vladimir Putin ein ny doktrine som vert tolka som ei militarisering av den russiske fiskeflåten.

I talen uttalte Putin at han vil sikre russiske interesser «med fastleik og med alle middel», og viste til Peter Den store som gjorde Russland til ei sjømakt.

Knut Storberget leidde forsvarskommisjonen som i fjor anbefalte ei kraftig styrking av forsvarsevna til Noreg.

– Eg må gi honnør til regjeringa som følger opp, både i tenking, struktur og volum, seier han.

– Regjeringa ser nødvendigheita av eit breiare samarbeid mellom det sivile og militære.

Storberget meiner gjennomføringa av planen vil by på to utfordringar:

– Det har vore krevjande å gjennomføre blant anna innkjøp i Forsvaret tidlegare. I så måte er ei så stor satsing ei kjempeutfordring for det norske forsvaret.

– Det andre er å sjå trusselbildet i samanheng. Å få brukt desse ressursane i heile krisespekteret.

Knut Storberget

– Eg må gi honnør til regjeringa som følger opp, både i tenking, struktur og volum, seier Knut Storberget.

Foto: Reidar Gregersen / NRK