MÅLØY: Utanfor Rema 1000 på Måløy Brygge stoppa handlande opp.
Foto: Bjarne EldevikVÅTEDALEN: Mange markerte eitt minutts stille ved å køyre ut til sida.
Foto: Helene MettenesFØRDE: Folk stoppa opp på skywalken mellom handelshusa.
Foto: Vidar Gudvangen / NRKI Sogndal samla mange seg til ei stille stund i Kommunehusparken.
Inne på butikkar og kjøpesenter rundt om i fylket stoppa praten opp og folk stod i ro klokka 12, slik folk gjorde over heile Norden.
Både i Sverige, Danmark, Finland og Island gjekk styresmaktene ut og oppmoda om eitt minutts stille til minne om offera på Utøya og i regjeringskvartalet i Oslo.
I NRK vart det stille i radio, mens fjernsynet stille viste bilete frå markeringa på Universitetsplassen i Oslo sentrum. Ved NRK Sogn og Fjordane sitt hovudkontor i Førde samla alle tilsette seg til eitt minutts stille.
- LES OGSÅ: Heile Norge stod stille
I Førde sentrum stoppa enkelte bilistar opp midt i hovudvegane, men mange bilistar respekterte ikkje oppmodinga som gjekk ut over radio om å stoppe opp. Inne på kjøpesentera og ute på gatene var det likevel stille i byen.
- SAMLESIDE: Alt om terrorangrepa
FØRDE: Enkelte bilista stoppa for å markere stilla, som her ved Handelshuset. Men på langt nær alle respekterte oppmodinga om å stoppe opp.
Foto: Vidar Gudvangen / NRK