Hopp til innhold

Venninner arrangerte fakkeltog

Rundt 1000 møtte opp i Sogndal for å minnast ofra og pårørande etter terrorhandlingane i Oslo og på Utøya fredag.

21 år gamle Henrikke Andersen er ei av to venninner som tok initiativet til markeringa. Ho er rørt over oppmøtet.

– Det var flott å sjå at så mange møtte fram. Det er så trist det som har skjedd, så det kjendest godt å vere samla, fortel ho.

Måndag kveld var det markeringar over heile landet og fleire hundre tusen personar gjekk i fakkeltog for å vise omsorg og omtanke og vise avsky mot terror etter at 76 personar blei drepne i terrorangrepa.

– Vi vise at vi bryr oss

Fakkeltog i Førde

TENDE LYS: Over heile landet har det vore minnemarkeringar og fakkeltog.

Foto: Ole Andre Rekkedal/NRK

Det er Andersen som i lag med Linda Asheim ønskte å ha ei markering også i Sogndal.

– Vi sakna eit tog i Sogndal og ville difor samle folk etter desse tunge dagane. Det er viktig å vise omsorg og at ein bryr seg etter vondskapen som har skjedd i Oslo og på Utøya.

Viktig å ikkje miste håpet

Fakkeltoget gjekk frå kulturhuset til kommunehuset og dei to 21-åringane leia toget.

– Ordførar Jarle Aarvoll heldt appell og prest Kjell Olav Nordheim kom med mange fine ord i denne tunge tida.

Til slutt var det allsong med «Til Ungdommen». Etterpå var det mange som la ned blomar og tende lys.

– Det er viktig å ikkje miste håpet, for kjærleiken er størst av alt, seier ho.