Hopp til innhold

Her får ungdommar med helseutfordringar fri

HULDEFOSSEN (NRK): – Friske folk har ofte vanskeleg for å forstå korleis det er å vera sjuk, seier Anna Grønsberg Ljøsne. Ho er heldig som har funne sin stad.

Møte for ungdom med langvarige helseplager

SAMANSVEISA GJENG: Det er ein samansveisa gjeng på samlinga, men håper at fleire vil vera med.

Foto: Astrid-Amalie Hetland / NRK

Anna Grønsberg Ljøsne frå Førde er arbeidsufør. Ho har Cerebral parese og epilepsi. Før møteplassen for ungdom med langvarige helseutfordringar starta opp måtte 27-åringen bruka nesten fire timar med buss kvar veg dersom ho ville delta på liknande arrangement.

I større byar finst det fleire tilbod enn på små plassar, ofte gjennom ulike interesseorganisasjonar.

Etter fleire førespurnadar vart møteplassen starta opp av Camilla Søvig i Friskliv og Frivilligsenteret i Sunnfjord kommune. Det er eit lågterskeltilbod for dei som vegrar seg for å delta på andre sosiale arrangement.

Ein fristad

For ungdommane i gruppa er møta ein fristad der dei slepp å tenka på helseplagene sine.

– Det er ikkje eit tema me snakkar om, med mindre nokon har veldig lyst. Her er me for å ha det koseleg.

Anna Grønsberg Ljøsne frå møtegruppa for ungdom med langvarige helseutfordringar

EIN FRISTAD: Anna Grønsberg Ljøsne synest det er fint med ein stad ho vert forstått og ikkje treng å tenka på helseutfordringane sine.

Foto: Astrid-Amalie Hetland / NRK

Ungdommane i gruppa er samde om at det er viktig at slike lågterskeltilbod finst.

– Nokon kan slita veldig med å koma seg ut. Folk ser kanskje annleis på dei, eller dømer dei fordi dei har den og den sjukdommen. Det er veldig dumt, men diverre er det slik, fortel Grønsberg Ljøsne.

Varierte aktivitetar

Møteplassen har samlingar annankvar veke og det er deltakarane sjølv som vel kva dei skal gjera frå gong til gong.

Ho fortel med stor iver kva dei gjer på møta. Det kan vera alt frå å spela spel til å gå tur.

For to gonger sidan pynta dei kubbelys og sist gong besøkte dei den frivillige vaksne på jobb på ambulansestasjonen. Denne gongen skal dei til ein gapahuk på Mo og grilla pølser.

Engasjert frivillig

Helge Ullebust er med som frivillig og har eit brennande engasjement for møteplassen.

– Dette er ein gjeng med folk du berre er nøydd til å verta glad i!

Helge Ullebust griller pølser

FRIVILLIG: Helge Ullebust er med som frivillig, men synest gruppa er ganske sjølvdriven.

Foto: Astrid-Amalie Hetland / NRK

Han merkar at gruppa er viktig for deltakarane.

– Ungdommane møter opp gong etter gong og eg ser korleis dei vert meir og meir trygge og opne for kvar samling dei er på.

Tilbodet har allereie vore i drift i nesten eit halvt år og både deltakarane og Ullebust håpar at alle som treng det vil koma til dei.

Even Tonning Johannesen bekreftar det Ullebust seier.

– For meg betyr gruppa å vera sosial, treffa nye folk og få nye vener.

Han synest gruppa er ein fin stad, både for folk med ulike behov og diagnosar og for folk som ikkje har så stor sosial krins rundt seg.

Ingrid Taline og Even Tonning Johannessen spikkar pølsepinnar

KONSENTRERT: Ingrid Taline og Even Tonning Johannessen spikkar pølsepinnar til grillinga.

Foto: Astrid-Amalie Hetland / NRK

Eit lite tiltak med mykje meining

– Det er berre to timar annankvar veke, men me kjem oss ut. Det er to timar me får vera sosiale i staden for å sitta aleine heime, påpeiker Grønsberg Ljøsne.