Hopp til innhold

Slik kom bulgararen over fjellet

Åtte av 18 dekk var sommardekk. – Han trekte litt på skuldrane og tenkte at det var greitt nok.

Bulgarar kom på sommardekk over fjellet.

SOMMARDEKK: Bulgararen hadde berre sommardekk på tilhengaren då han kom ned frå fjellet til Lærdal.

Foto: Statens vegvesen

Yrkessjåføren frå Bulgaria er nok vand med litt andre veg- og føreforhold enn han møtte over fjellet på veg mot Bergen.

På fjellovergangane var det vinterføre, men bulgararen kom med åtte sommardekk, mangla fem kjettingar og eitt slitt dekk då han vart stogga på E16 ved Håbakken i Lærdal.

– Alle dekka på tilhengaren var sommardekk. No skal ein ha vinterdekk på alle akslingar, seier Roger Per Løvlid i Statens vegvesen.

Dyre sommardekk

Sommardekk over fjellet

IKKJE BRA: Dette sommardekket er ikkje godt nok for norske vintervegar.

Foto: Statens vegvesen

– Og det er meldt dårleg vêr i fjellet, med dårlege føreforhold. Desto viktigare er det at køyretøya er godt skodde og har med seg kjettingar, held Løvlid fram.

Bulgararen fekk 750 kroner i gebyr per sommardekk og 1.000 kroner i gebyr for manglande kjettingar. Det same fekk grekaren som vart vinka inn på trafikkstasjonen med seks sommardekk på hengaren.

Begge fekk køyre vidare med pålegg om å sko seg for vinterføre, anten med vinterdekk eller kjettingar på sommardekka.

Fekk for lite kvile

Dårleg sikt frå frontruta.

SIKT: Tre førarar fekk bruksforbod på grunn av gjenstandar som hindrar sikta ut frontruta.

Foto: Statens vegvesen

Ein annan gresk sjåfør vart meld for grove brot på køyre- og kviletidsreglane.

Mellom anna lengste kvil på seks timar og ti minuttar i løpet av 24 timar. Lova seier minimum ni timar.

– Mellom to godkjende døgnnkviler køyrde han også 22 timar og fem minuttar. Du skal ha minimum ti timar køyretid. Dette er høvesvis grove brot. Når du køyrer så lenge utan skikkeleg kvil, så er du ikkje særskilt opplagd, seier Løvlid.

Hindra sikta

Føraren var også ein av totalt fem som fekk gebyr for manglande kjettingar.

– Dette var nok bilar som stort sett køyrer nede i Europa, men som fekk seg ein sjeldan tur til Norge. Men ein skal vere rusta for vinterføre, seier Løvlid.

Til slutt fekk eit utanlandsk vogntog bruksforbod for overlast. Han måtte laste om og betale 8.750 kroner i overlastgebyr før han fekk køyre vidare.