NRK Meny
Normal

Vegvesenet: – Ikkje utset turen over fjellet

Vegvesenet oppmodar no folk som skal over fjellovergangane om ikkje å utsetje turen, då uvêret skal slå til alt i ettermiddag. Meteorologane har sendt ut OBS-varsel om vanskelege køyreforhold i fjellet. Men også fly- og båtruter kan verte innstilte, åtvarar dei.

Sognefjellet

DÅRLEG SIKT: Slik skjer det ut på Sognefjellet.

Foto: skjermdump / Statens vegvesen

– Eg har nettopp sjekka vindmålarane, og det er ikkje så gale enno. Men dette kan endre seg fort, seier vaktoperatør Ketil Molvær hos Vegtrafikksentralen i Lærdal.

– Ut ifrå vêrvarselet kan dette endre seg fort. Vi oppmodar dei som skal over fjellet i dag om ikkje å utsetje turen. Dei må kome seg over så fort som mogeleg. Det er ikkje så galne meldingar i dag, men det skal verte verre til natta og i morgon, åtvarar Molvær like før klokka 13 torsdag.

Sjå oversikt over alle fjellovergangane nedst i saka.

Kraftige vindkast i nord

Meteorologisk institutt har sendt ut OBS-varsel om vanskelege køyreforhold i fjellet over 600 meter som gjeld fram til fredag kl. 18. På kysten skal det blåse full storm og sterk storm ved Stad. Lokalt er det venta kraftige vindkast, særleg nord på Vestlandet.

– Det er ruskevêr i vente. Det blei litt mindre vind enn det vi tenkte først. Det har vore oppi sterk kuling i dag, men det vart ikkje full storm. Vidare utover dagen ventar vi vestleg vind, og då blir det stiv til sterk kuling. Då vil vinden bli meir merkbar innover i landet, seier Kristin Seter, statsmeteorolog ved Vervarslinga på Vestlandet, i 13-tida.

Rv.13 Vikafjellet 14:21

KOLONNEKØYRING: Slik ser det ut på Vikafjellet klokka 14:21.

Foto: STATENS VEGVESEN /SKJERMDUMP

Allereie onsdag gjekk meteorologane ut og åtvara folk mot stormen som skal treffe Vestlandskysten i løpet av torsdag.

Med vinden kjem det nedbør og over 600 meter vil dette kome som snø. Det kan gje vanskelege køyreforhold i fjellet og alt no er det meldt om at det kan bli innført kolonnekøyring på kort varsel.

Slik er status på fjellovergangane i Sør-Norge klokka 21.00

  • E6 Dovrefjell: Stadvis vanskelege køyreforhold grunna regn som frys på bakken.

  • E16 Filefjell: Stadvis vanskelege køyreforhold grunna regn som frys på bakken.
  • E134 Haukelifjell: Snødekke.
  • Rv. 7 Hardangervidda: Kolonnekøyring grunna uvér.
  • Rv. 9 Hovden-Haukeli: Snødekke.
  • Rv. 13 Vikafjellet: Kolonnekøyring grunna uvér.
  • Rv. 15 Strynefjellet: Stadvis vanskelege køyreforhold grunna regn som frys på bakken.
  • Rv. 52 Hemsedalsfjellet: Snø- og isdekke, stadvis redusert sikt. Kolonnekøyring kan bli innført på kort varsel.
  • Fv. 50 Hol-Aurland: Snø- og isdekke, stadvis redusert sikt.
  • Fv. 53 Tyin-Årdal: Stadvis vanskelege køyreforhold grunna regn som frys på bakken.
  • Fv. 55 Sognefjellet: Stengt på grunn av uvér.
Laster Twitter-innhold
Laster Twitter-innhold
Storm på Stad

STAD: Det kan bli opp mot liten storm i vindkasta ved Stad, nord på Vestlandet.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.