Hopp til innhold

No slår «Dagmar» til for fullt

Ved Kråkenes fyr har vinden ved 20.00-tida komme opp i vindkast på 53 meter i sekundet. Først ved midnatt er det venta at vinden skal løye.

Fjordbase i Florø

VIND: Slik såg det ut ved Fjordbase i Florø kvelden første juledag.

Foto: NRK-tipsar

Meteorologisk institutt melder om sørvestleg sterk storm opp i 30 m/s langs kysten av Sogn og Fjordane, med orkan ved Stad.

Operasjonssentralen til politiet i Sogn og Fjordane har no hendene fulle med meldingar frå innringarar alt som skjer i uvêret i fylket.

Sender varsel om ekstremvêr

Først utpå kvelden er det venta at vindforholda skal roe seg noko. I mellomtida må folk i Sogn og Fjordane bu seg på at «Dagmar» har slått til for fullt.

Den sterkaste vinden er venta første juledag i perioden mellom kl 20 og 23. Høg vasstand kombinert med høge bølgjer er venta samstundes, med flo om lag klokka 23.

Meteorologisk institutt sender no ut varsel om ekstremvêr også i Sogn og Fjordane.

Så sterkt bles det klokka 19

Stormsenteret ligg no i havet nord for Møre og Romsdal. Den sterkaste vinden har byrja å komme inn i området Nordfjord og Møre og Romsdal.

– Eg var nettopp ein tur nede ved sjøen for å sjekke fortøyningane på båten før det verste sette inn, og finn det rett å seie at det er farleg å bevege seg ute, fortel Svein Rune Krakereid frå Selje til firda.no.

Han fortel at det er vanskeleg til og med for vaksne å halde seg på beina i uvêret og kan rapportere om bygningsmateriale, bosdunkar og mykje forskjellig som fyk rundt i vinden.

Her er vinden på utsette stader rundt klokka 19:00.

  • Ytterøyane fyr: opp til 27/35 m/s (middelvind/vindkast i m/s)
  • Kråkenes fyr opp til 45/53
  • Svinøy fyr 35/47
  • Ona fyr 38/56
  • Molde flyplass 18/27
  • Vigra flyplass 22/33
  • Ørsta/Volda 22/33
  • Sandane lufthhamn 24/38

HER FINN DU VERVARSELET FOR FYLKET