Hopp til innhold

Juletrafikken: Fare for forseinkingar på Gardermoen

Frosttåke kan skape problem i flytrafikken fredag kveld. På vegen har køane ut frå Oslo gitt seg.

Travelt på Gardermoen på utfartsdagen 22. des. 2022

Lite vind kan gjere at frosttåke legg seg over Gardermoen fredag kveld.

Foto: Ingrid Kallin Lauritsen / NRK

Juletrafikken er i full gong og var du ein av dei mange som reiste heim på den store utfartsdagen torsdag, var det gode sjansar for at du kom deg dit du skulle.

Slik har det i det store og vore fredag, men det kan bli forseinkingar for dei som skal ut å fly i kveld.

Flytrafikken går som normalt dei fleste stader i landet kvelden før kvelden.

I Bergen, Trondheim og Stavanger ser det bra ut, men på Gardermoen kan innkommande frosttåke skape forseinkingar fredag kveld.

Lite vind gjer at det kan legge seg is på vingane og flya må då gjennom ein rutinemessig avising før dei kan lette.

– Folk kjem seg heim til jul, men litt seinare enn planlagt. Passasjerar må ta omsyn til informasjonen frå flyselskapet dei brukar, seier pressevakt i Avinor Øystein Løwer.

På Bodø lufthavn har det vore ein del forseinkingar etter at flyplassen vart heilt stengt fredag morgon.

Et Widerøe-fly kan sees gjennom et vindu med frost og snø på.

STENGT: Snøkaos på Bodø lufthamn der fleire hundre passasjerar er ramma.

Foto: Malin Nygård Solberg / NRK

Årsaka er kraftig vind og snøvêr. Bakkemannskapa har også trøbbel med avising av fly. Fleire fulle fly står på bakken medan dei ventar på betre forhold.

Klokka 10.00 opna flyplassen i Bodø igjen. Fredag kveld er trafikken nesten tilbake til normalen etter forseinkingar som har forplanta seg gjennom dagen.

Les eiga sak om flyplass-stenginga i Bodø:

Les også Store forsinkelser etter at uvær stengte Bodø lufthavn

Bodø lufthavn folk står og venter

Køane ut frå Oslo har gitt seg

Fredag ettermiddag var det køar både nordover på E6 og vestover mot Drammen på E18.

– Det er ekstra mykje trafikk på dei store hovudvegane grunna juleutfart. Det er spesielt stor trafikk på E6 nordover frå Oslo, opplyste Vegtrafikksentralen Øst i ettermiddag.

Fredag kveld går trafikken som normalt ut frå Oslo, også på E18 ved Telemarksporten, etter at vegen vart stengt etter ei ulukke like før klokka 15.

E18 Ulykke og lange køer Porsgrunn

På E18 ved Telemarksporten var det heilt stengt i eitt felt grunna ei trafikkulukke fredag ettermiddag. Vegen opna att kring 16.15, og trafikken går som normalt.

Foto: Theo Aasland Valen

Opna fjellovergangar

Fredag kveld er alle dei viktigaste fjellovergangane i landet opne. Det ser også lovande ut for julaftan.

1. juledag er det gult farevarsel for snøfokk som kan skape noko problem på fjellovergangane.

I Nordland er det uvêr og snøbyer som gjer trafikksituasjonen litt meir utfordrande enkelte stader.

Gult farevarsel i Nordland

FAREVARSEL: Gult farevarsel for snø i Nordland.

Foto: METEOROLOGISK INSTITUTT

På E6 over Saltfjellet vert det kolonnekøyring etter klokka 12, opplyser Statens vegvesen.

Det gjeld å vera på vakt når ein køyrer bil på denne årstida. Her ved Namdalseid i Trøndelag gjekk det nesten gale for både elg og bil.

Video: Tariq Alisubh

Beiarfjellet på fylkesveg 813 er stengt for trafikk grunna uvêr og dårleg sikt. Ferjesambandet Moskenes – Bodø er også innstilt vesle julaftan grunna uvêret.

Ikkje tida for sommardekk

Ved 13-tida fredag køyrde ein bil i grøfta på rv. 5 ved Kjøsnesfjorden i Jølster.

Årsaka til uhellet som skjedde like vest for Fjærlandstunnelen er ukjend, men politiet opplyser at bilen hadde sommardekk.

– Då skal det ikkje mykje til før det kan gå gale på vintertid, seier operasjonsleiar Tore André Brakstad.

Den utanlandsregistrerte bilen gjekk rundt fleire gonger før den stoppa i ein bekk. Føraren var åleine i bilen.

– Han var oppegåande og medviten, men vart sendt til sjukehus for sjekk, seier Brakstad.

Bil i grøfta på rv. 5 ved Kjøsnesfjorden

Bilen gjekk rundt fleire gongar før den stogga i ein bekk.

Foto: Ragnvald Søgnesang

Gult farevarsel

Også i Molde har det vore litt utfordringar på flyplassen.

Ifølge Dagbladet var ikkje rullebanen klar for landing fordi det var for glatt. Passasjerar på eit fly frå Oslo som skulle til Molde vart flydd til Ålesund, for å så bli bussa vidare, skriv avisa.

– Det er gode forhold for landing no, men snøbyer har skapt nokre utfordringar tidlegare i dag, seier Arnt Sandvik ved Molde lufthavn til NRK.

Klokka 09.00 klarte eit Widerøe-fly frå Bergen å lande i Molde.

Flyproblemer

AVISING: Men ikkje lenger avvisning på Molde Lufthamn Årø, sjølv om snøbyer har skapt utfordringar på flyplassen og to fightar blei kansellert.

Foto: Roar Strøm / NRK

Det er sendt ut gult farevarsel for snøvêr fredag. Farevarselet gjeld for Møre og Romsdal, Trøndelag, Nordland og deler av Tromsø.

Det er nemleg venta 10–25 cm snø på 24 timar, og på grunn av kraftig vind i nord er det også venta lokal snøfokk.

Meteorologane tilrår folk å rekne ekstra tid til transport og køyring.

Nesten ein million set seg i bilen

Ei undersøking forsikringsselskapet Fremtind har fått utført syner at nesten 1.7 million nordmenn oppgir at dei skal på reise i jula. 950.000 av dei vil bruke bilen.

– Dagen med mest trafikk er torsdagen, fortalde Therese Hofstad-Nielsen, skadeførebyggar i Fremtind.

Tek du bilen over fjellet til jul har du kanskje allereie funne tipsa til «vintervegens helt», bilbergaren Bjørn Lægreid.

– Med lav vintersol må ein vere budd på at det kan vere glatt utover ettermiddagen. Det er og store lokale forskjellar, seier trafikkoperatør Ronny Sleire.

Kjetil Olsen og hunden Lykke

Med bilen full av pinnekjøtt, hummar, julegåver og hunden Lykke ligg det an til ein fin juleferie for Kjetil Olsen og hunden Lykke.

Foto: Sunniva Skurtveit / NRK

Dropp innpakka julegåver som handbagasje

Over 130.000 menneske skal reise frå dei seks største flyplassane i Noreg torsdag.

– Det vil truleg ikkje bli den store trengselen på flyplassane, seier Øystein Løwer, pressevakt i Avinor.

For at alt skal gå smertefritt har Løwer nokre triks i ermet.

– Vær budd til kontrollen, ta ut laptopen og legg flytande i eigen pose. Nøklane kan du la ligge i jakkelomma og sende heile jakka gjennom kontrollen.

Men ein ting vil han ikkje sjå i sikkerheitskontrollen.

– Ikkje ta med innpakka julegåver som handbagasje, seier Løwer.

Om du ikkje har pakka den inn sjølv, kan du bli bedd om å pakke den opp. Sjølv om det er nokre dagar til julaftan.

Er du så heldig at du har fått noko som ikkje er lov ta med på flyet, kan du måtte gå jula i møte utan gåva.

Folk som reiser til jul

Reisande på Oslo Sentralbanestasjon

Mange reiser innom Gardermoen i dag.

Travelt på Gardermoen, men langt frå reisetoppen i 2019.

Oslo busstasjon

Det var travelt på busstasjonen i Oslo i dag.

Foto: Bård Nafstad / NRK
Gardermoen

Over 130.000 mennesker skal fly i dag.