Hopp til innhold

Skal du køyra i jula? Her er ti tips for deg som skal over vinterfjellet

Bilen er fullpakka for heimreise. Men er du godt nok førebudd om det blir snø og kolonnekøyring? Køyrer du med elbil er det nokre ekstra ting du må hugsa på.

Kolonne Haukeli

Vintervêret endrar seg fort og plutseleg kan det bli kolonnekøyring.

Foto: Kristin Helgeland Hauge / NRK

Her får du gode tips frå bilbergar Bjørn Lægreid, kjent frå TV-serien «Vinterveiens helter«» og frå rådgjevar Jan Harry Svendsen i Norges Automobil-Forbund (Naf).

Bjørn Lægreid i Vinterveiens helter

Bilbergar Bjørn Lægreid har godt tips til deg som skal over vinterfjellet.

Foto: NATIONAL GEOGRAPHIC TV / ITV STUDIOS NORWAY AS

Slik førebur du deg til turen:

Sjekk vêrmeldinga

Det første du bør sjekka er vêret. Hald deg gjerne oppdatert på yr.

– Om det er meldt veldig dårleg vêr så bør du ta ei vurdering om du skal ta turen eller kan utsetta den, seier Svendsen.

Fullada batteri eller full tank

Sørg for å ha full tank eller fullada batteri før du reiser. Sjekk gjerne Naf-kartet for oversikt over lade- og drivstoffstasjonar.

Har du elbil så er det lurt å finna ladaren som er nærast fjellet. Køyr batteriet varmt før du lader. Då bruker du kortast mogleg tid på ladinga.

Det er og viktig å hugsa på at du kjem kortare med elbilen om vinteren kontra sommaren.

Svendsen seier at i rekkeviddetestane til Naf er det ganske store forskjellar på sommarføre og vinterføre for elbilar.

– Elbilane toler ikkje så godt kulde, så det er viktig at den heile tida er fullada med straum, seier Lægreid.

NAF Reiseplanleggar

På NAF sin reiseplanleggar så kan du sjekke kor næraste ladestasjon er.

Illustrasjon: Skjermbilde NAF

Ha lykt og spade lett tilgjengeleg

Ha ei lykt som ikkje er avhengig av straum frå bilen. Ha gjerne spade om du skulle køyra deg fast. Ha og refleksvest lett tilgjengeleg.

– Det er og viktig med gode og reine lys på bilen. Fyll opp med spylevæska som toler kuldegrader, seier Lægreid.

Ta fram slepekroken

Det er ikkje kjekt å leita etter slepekroken i sterk vind og snø.

Ta slepekroken fram gjerne før du pakker i bilen, slik at den ikkje ligg gøymd under all bagasje om det plutseleg er behov for den.

Varme klede og vintersko, mat og drikke

– Sørg for å ha med varme klede til alle, og at dei er lett tilgjengelege, seier Svendsen.

Om det blir venting og kolonnekøyring, så kan det ta lengre tid enn du trur. Mat og varm drikka kan vera avgjerande. Ikkje minst for utolmodige born.

Og med blodsukkeret på plass er det lettare å halda på den gode stemninga om bord. Då får sjåføren og konsentrera seg om å køyra forsvarleg.

Jenny Dalvik står ved bommen ved Kvænangsfjellet og venter på kolonne. 17.01.2022

I januar sat bilist Jenny Dalvik ved bommen ved Kvænangsfjellet på E6 og venta på kolonne.

Foto: Raymond Karlsen

Hald deg oppdatert

Sjekk gjerne trafikkinformasjon til Statens vegvesen. På dagar med mykje trafikk kan det vera lang ventetid for å få køyra i kolonne. Det er difor lurt å sjekka trafikkmeldingar og vurdera andre køyreruter om det er mogeleg.

Bilar i kø og som ventar på på kolonne på Hardangervidda

Bilar i kø og som ventar på kolonne på Riksveg 7 Hardangervidda.

Foto: Jon Kenneth Heltne

Ta deg god tid

– Ikkje stress. Det er vanskeleg å vita kor lang tid turen tar om vinteren, seier Lægreid.

Plutseleg kan vêret og føret endra seg.

I desember i fjor stod oppimot 2500 bilar fast i kø på E18 ved Tvedestrand grunna snøvêr.

Bilistane stod fleire timar i kø og bilane var i ferd med å gå tomme for straum. Det vart delt ut teppe, varm drikke og mat. Fleire vart evakuerte av Røde Kors og politi.

Les også: Politiet etter snøkaoset på E18: – Dette kan vi ikke oppleve på nytt

Kø på E18 i Tvedestrand
Kø på E18 i Tvedestrand

Om du hamnar i kolonnekøyring:

Høyr på brøytemannskapa

– Brøytemannskapa er der for å vareta din tryggleik, seier Svendsen.

Dei veit korleis forholda er over fjellet og kor mange det er forsvarleg å ha med i kvar kolonne.

Mannskapa kan avvisa bilistar som ikkje er godt nok førebudd.

– Følg kolonnen og ikkje køyr ut eller forsøk å snu. Om du må stoppa eller det blir stopp i kolonnen, må du ikkje bevega deg bort frå bilen. Det kan vera farleg, seier Svendsen.

Følg med og sett på nødblink

Følg med på bilen føre deg når du køyrer. Hald jamn fart.

– Hald litt avstand og køyr forsiktig. Det kan plutseleg bli glatt, seier Lægreid.

Bruk gjerne tåkelys, og sett på varselblink.

Pass på varmen i bilen

Skulle kolonnen bli ståande fast i ein tunnel har elbilen fordel med at varmeapparatet framleis kan gå, utan farlege avgassar som frå bensin- eller dieselmotor.

– Men då må du sjølvsagt ha nok straum. Å varma opp bilen kostar rekkevidd, seier Svendsen.

Men samtidig er det ikkje lurt å skru opp varmeapparatet for mykje.

– Om det blir for varmt så fryser frontruta og då ser du ingenting. Då er det lurt å bruka kaldluft på frontruta, legger Lægreid til.

Til slutt er det berre å ønskja deg god tur og køyr forsiktig.

Jan Harry Svendsen, rådgjevar NAF

Jan Harry Svendsen er rådgjevar i Naf.

Foto: Arne Fosland / NRK