Hopp til innhold

Ho har jobben få andre ville ha takla

Ho har jobben ingen andre vil ha, og som få ville ha takla. Ved sjølvmord i Sogn og Fjordane er det ho som vaskar og ryddar opp. Uansett kva syn som møter ho.

ILLUSTRASJONSFOTO SELVMORD

TØFF JOBB: Rundt 500 personar tek sitt eige liv i Norge kvart år. NRK Sogn og Fjordane har møtt kvinna som vaskar og ryddar opp etter slike tragiske hendingar. (Illustrasjonsbilete)

Foto: Sara Johannessen / SCANPIX

Sjølv seier ho at ho søv godt om natta, men vedgår likevel at tragediane blir i tankane ei tid etter oppdraget er fullført.

NRK Sogn og Fjordane har møtt kvinna som vaskar huset der nokon har enda livet sitt på tragisk vis.

- Kanskje er eg litt sterk som klarer det. Eg tenkjer ikkje på detaljane, det er vasking, seier kvinna.

- Eg seier «uff» når eg vert oppringt

Det har gått nokre månader sidan førre oppdrag. Sidan nokon valde å ta livet sitt på ein måte som sette fysiske spor. Blodige spor. Spor som må fjernast frå heimen deira. Med grønsåpe, Jif, varmt vatn og klut.

Når tragedien er eit faktum, etter at politiet har gjort sine undersøkingar og den døde kroppen er frakta vekk, så ringer gravferdsbyrået til ei spesiell kvinne i Sunnfjord.

- Eg kan ikkje seie anna enn uff når han ringjer meg. Når han ringer om andre oppdrag seier han med ein gong at det ikkje er eit slikt oppdrag denne gongen, fortel kvinna til NRK.no.

- Det har vore mykje blod

Det er sjeldne oppdrag, kanskje ein gong i året. Nokre år er det ingen. Men når telefonen først kjem, så veit ho aldri kva som ventar.

Ikkje anna enn at det skil seg frå den daglege jobben som ”frilans vaskekjerring”, som ho sjølv kallar seg. Ikkje anna enn at det er trist, sterkt, vanskeleg og utriveleg.

- Det har sjølvsagt vore mykje blod. Det er blod i bøtta når eg vaskar, fortel kvinna.

Det er noko av det tøffaste med jobben vedgår ho.

- Eg reagerer på å slå ut blodet til nokon, og synst ikkje ein skal slå det ut i toalettet. Eg synst ein skal slå det ut i hagen, og det gjer eg.

- Kvifor det?

- Det er jo ein del av ein person.

Klarte ikkje seie nei til jobben

Det er menneskelege skjebnar ho er vitne til. Difor vil ikkje kvinna stå fram med namn i media.

Ho vil ikkje at etterlatne skal vite at det er nettopp ho som vaska vekk siste spor etter deira familiemedlem. Ho vil ikkje at folk skal vite at ho veit. At ho har sett. At ho har vore vitne til noko som vi sjeldan snakkar høgt om.

Men sjølve jobben pratar ho gjerne om. Ein jobb ho fekk via ein ho kjente i eit gravferdsbyrå. Ein jobb ho ikkje klarte å seie nei til.

- Det er fordi nokon må gjere det og eg trur eg likar utfordringar. Der det ikkje viser at eg har vore, der vil eg ikkje vere, seier kvinna.

(Artikkelen held fram under jobben)

Politisperring

SPERRING: Kvinna frå Sunnfjord har kryssa fleire politisperringar på veg til vaskeoppdrag som er triste og vanskelege.

Foto: Rainer Prang / NRK

Tøffe vaskejobbar

Det ho er vitne til, kan vere tøft sjølv for dei som skal vere trena til å takle slikt.

Førre gong fekk ho spørsmål då ho kryssa politisperringa. Politimannen i uniform hadde eit åtvarande blikk.

- Han spurde meg om eg trudde eg klarte dette og sa det var ein veldig stygg jobb. Ja, svara eg han. Eg trur det går bra denne gongen og, fortel ho.

- Kom heim med hjernemasse under skoa

Oppdraget var tøft. I aller høgste grad. Men ho reiser ikkje frå huset før det er gullande reint. Ikkje før dei fysiske spora etter tragedien er vaska vekk.

Men sjølv om ho meiner jobb er jobb, så vart biletet frå nettopp denne dagen verande på netthinna.

- Det påverka meg ei stund, det var ein forferdeleg tragedie. Det er litt ekkelt når du kjem heim med hjernemasse under skoa og må vaske dei på undersida.

- Kva tenkjer du om det?

- Eg vaskar skoa eg. Men det er spesielt.

- Det er verdt det

Ho veit ikkje kor tid neste oppdrag kjem. Det kan kome om eit år, om ein månad, eller kanskje kimar telefonen allereie i ettermiddag. Men ho kjem til å gå på med friskt mot, uansett.

For desse oppdraga gjev meining. Når sorga er som størst for dei rundt, så bidreg ho på sin måte. Det er kanskje ikkje noko avgjerande bidrag, men det er hennar bidrag.

- Det er verdt det. Eg føler eg hjelper dei litt.