Hopp til innhold

– Herleg å feire landet vi elskar, med gode venner

– Det har vore heilt fantastisk, vi setter meir pris på det vi får no, seier ein feststemt gjeng i Bergen. Heile fylket har flagga og feira i dag!

Feirer nasjonaldagen i Bergen.

FLAGG OG SMIL: Veronica Westli, Marit Eikeskog og Bente Røberg var ute og spreidde liv og latter i dag.

Foto: Ida Yasin Andersen / NRK

Heile Vestland har flagga, sunge «Ja, vi elsker dette landet» for full hals, og feira 17. nasjonaldagen, trass i at feiringa har vore litt annleis i år.

Tre feststemte damer på Torgallmenningen i Bergen kan fortelje at dagen var roleg og fin.

Men til slutt klarte dei ikkje halda seg inne lenger.

– Vi hadde ein lang frukost, men så måtte vi berre ned til byen for å sjå bunader og flagg, seier, Veronica Westli.

Men Bergen var rekord-tomt i dag, og byen var ikkje til å kjenne igjen. Det stogga ikkje den glade gjengen frå å finne kjekke ting å sjå.

– Det er litt skattejakt då, ein jaktar på det som skjer, seier Westli.

Sjå bilete frå feiringa, sendt inn frå folk i heile fylket!

Syng for full på nasjonaldagen.

SJEKK BILETA: Regn, sol, vind og vêr. Det blei ei verdig 17. mai feiring for mange.

Foto: Ida Yasin Andersen / NRK

Trossa «dritvêret»

Blant dei alternative måtane å feire på var det gamle bilar på rekkje og rad i Førde. Kortesjen, full av veteranbilar rulla gjennom Førde sentrum, og køyrde vidare til sjukeheimen.

– Yeeehaw, roper Simon Vie gjennom megafonen.

Frå innsida i kortesja i Førde sentrum 17. mai 2020. Simon Vie (t.v.) og Tore Fossen er alltid med når det skjer positive ting i Førde.

ALLTID MED: Frå innsida i kortesjen i Førde sentrum 17. mai 2020. Simon Vie (t.v.) og Tore Fossen er alltid med når det skjer positive ting i Førde

Foto: Elise Kvien / NRK

Han og Tore Fossen sit i ein 70-tals Chevrolet, ein bil ein kan kjenne igjen frå Smokey and the Bandit-filmane.

Dei allierte seg med veteranbilklubben i Førde, og fekk i stand eit alternativt 17. mai-tog.

– Vi må feire grunnlovsdagen uansett, tenkjer eg, og dette er ein fin måte å gjere det på, seier

Trass i at vêret var surt, var det nok av folk som hadde møtt opp for å sjå bilane, og ikkje minst sjå dei kule bilane som trilla forbi.

– Det som gler meg mest at er det er så mange som har trossa dritvêret her, og som faktisk stiller opp, seier Fossen.

Etter paraden gjennom Førde sentrum drog delar av kortesjen vidare til Sande, Naustdal og andre bygder.

Hardingfele og allsong

Ida Mikkonen med hardingfele.
Foto: Ida Yasin Andersen / NRK

Reine toner flyt gjennom 17. mai lufta.

11 år gamle Ida Mikkonen er allereie ein ekspert på hardingfele. Det fekk ho i dag vise fram til heile Noreg, på den nasjonale 17. mai-sendinga på NRK1.

– Vanlegvis går eg til byen og et god mat, seier ho.

Men i år var det ikkje så mange å sjå i byen, og derfor fekk heller mange tusen heldige TV-sjåarar sjå og høyre Mikkonen spele, og deretter var det allsong av «Nystemten» frå balkongen.

Feirar mangfald

Dekontee Manyeah og Irene Kinunda er med i gruppa Fargespill, som arbeider for å løfte fram mangfald og ulike kulturar gjennom musikk og song.

– I dag skal eg stå å syngje nasjonalsongen med manna, seier Manyeah.

Dekontee Manyeah og Irene Kinunda.

NASJONALSONGEN: I 2014 song Dekontee Manyeah nasjonalsongen for ein fullstappa operasal i Oslo.

Foto: Ida Yasin Andersen / NRK

Dei to var ute for å feire dagen, i eit varierande vêr. Men det la ikkje ein dempar på stemninga deira.

– Eg feirar i dag at eg bur i eit fritt land, seier Irene Kinunda.

Ho er opphavleg frå Kongo, og kom til Noreg for 13 år sidan.

– 17. mai er viktig for alle som bur i Noreg fordi ting blei ikkje slik som dette av seg sjølve, seier ho.

Ho seier Bergen er ein veldig open by, og at ho opplever Noreg som mangfaldig.

– Det er kanskje verdas beste land, legg ho til med eit smil.