Hopp til innhold

Mistenkeleg salseksplosjon

Politiet informerte om reglar for nattjakt. Rett etter tok salet av lyddemparar fullstendig av.

Lyddempar
Foto: Cosmin Cosma / NRK

Før denne sesongen vart det vanlegvis selt to-tre lyddemparar til jaktrifler i året hjå familien Flo sine butikkar i Stryn og Volda. Men det var før politiet informerte om dei strenge reglane for nattjakt på eit jaktmøte.

- Salet har eksplodert, kort og greitt. Vi merka auka interesse etter jaktmøtet i Hornindal i vår då politibetjent Ole Tom Nord snakka om nattjakt og reglar rundt dette. Dei siste vekene no før jaktstart har salet verkeleg teke av. Leverandøren vi brukar seier vi no har vorte blant dei største forhandlarane i landet av lyddemparar , fortel Vidar Flo til avisa Fjordingen.

Heilt lovleg

Lyddemparar er eit fullt lovleg jakthjelpemiddel som bidreg til å redusere rekylet når du skyt, det fjernar munningsflammen som enkelte kan bli blenda av - og ikkje minst: Men ein lyddempar er det langt færre som høyrer at nokon skyt.

- Mange av dei som kjøper slikt utstyr gjer det for å jakte som før, men på ein betre og sikrare måte. For nokre av desse skjer nok dette i gråsona av det som er lovleg, seier Flo.

- Gir det deg ein dårleg følelse, spør Fjordingen.

- Nei, på ingen måte. Lyddemparar er utstyr som gir sikrare jakt, svarer Flo.

Politiet ikkje overraska

Politibetjent Ole Tom Nord, som kan vere forklaringa på salsutviklinga, seier han er overraska over omfanget dette salet no har fått.

- Hadde eg ikkje høyrt slike rykte hadde eg blitt overraske det og, seier Nord, som også har høyrt om stort sal av lyddemparar andre stader i Nærleiken. Han vil likevel ikkje spekulere i årsaka.