Hopp til innhold

Skulle registrere om bilen til Solveig: – Som å stange hovudet i veggen

Solveig Ommedal (87) sitt gamle førarkort kan vere god nok identifikasjon for politiet, men ikkje for Statens vegvesen.

solveig og sivert jan ommedal

VANSKELEG: Solveig og Sivert Jan Ommedal er fortvila over eit tungvint system for dei som står utanfor identifikasjonspapir.

Foto: astrid solheim korsvoll / nrk

– Dette blir veldig tungvint for oss som er langt oppi åttiåra. Eg skulle ønske det var lettare. Dette er uhaldbart.

Solveig Ommedal er 87 år gamal, blind og dårleg til beins. Ho bur på omsorgsheim i den vesle bygda Hyen i Gloppen kommune.

Ho er ei av mange i Noreg som ikkje har BankID eller anna gyldig legitimasjon.

Det kan føre til ei rekkje utfordringar.

I Solveig sitt tilfelle gjeld det omregistrering av ein bil i fjor, noko sonen Sivert Jan Ommedal prøvde å hjelpe henne med.

– Men eg føler eg står og stangar hovudet inn i ein vegg. Eg kjem ingen veg, seier Sivert Jan.

– Eit firkanta system

For utan bank-id kan du ikkje logge deg inn hos Vegvesenet og fikse omregistreringa på nett.

Sivert Jan kontakta difor trafikkstasjonen og fekk presentert ei reserveløysing: Mora kunne sjølv kome i skranken på trafikkstasjonen, som ligg ein times køyring unna.

– Eg bad tynt om mor kunne få sleppe dette. Det er ikkje så enkelt å reise når du er blind og oppi åra.

Han fekk ja til dette. Om han tok med seg alt av nødvendige papir, kunne han møte oppå trafikkstasjon.

Men då han kom fram i skranken og la fram alt av papir, blei han avvist.

Moras einaste identifikasjonspapir, eit gamalt førarkort som gjekk ut i 1988, haldt ikkje.

førarkortet til solveig ommedal
Foto: astrid solheim korsvoll / nrk

– Men kva gjer vi då, spurte eg ho i skranken, fortel Sivert Jan.

Nei, då måtte mora reise til politiet og skaffe seg pass, var beskjeden han fekk.

Solveig og Sivert Jan synest ikkje dette er ei god løysing, ikkje minst 87-åringen sjølv.

– Når du er blind verkar det inn på heile kroppen. Ein ting er å sitte i ein bil, men så skal du inn og ut av ei bygning. Om det er trapper blir det vanskeleg. Det blir veldig tungvint, seier Solveig.

Dei er begge frustrerte over eit «firkanta» system, særleg når kroppen ikkje samarbeider og du bur langt unna ein politistasjon.

– Det er jo berre trist. Det einaste mor treng ID for, er for omregistrering av ein bil. Vi syntest det var så vanskeleg heile greia at vi gav oss på det, fortel Sivert Jan.

Vegvesenet seier nei, politiet seier ja

Men nyleg fekk nordfjordingen høyre noko som fekk irritasjonen til å blusse opp att.

Det viser seg nemleg at politiet er meir lempelege enn trafikkstasjonane når det gjeld å godta gamle førarkort som legitimasjon.

– Vegvesenet godtek ikkje sin eigen identifikasjon, men politiet kan gjere det. Det betyr at ho kunne gått til politiet med førarkortet og fått eit pass som ho kunne brukt til absolutt alt. Også hos trafikkstasjonane. Det er bakvendtland, seier Sivert Jan.

Kristi Fürstenberg, seksjonssjef ved forvaltningsseksjonen i Vest politidistrikt, bekreftar dette.

Norsk pass, gammel type

Ikkje alle har identifikasjonspapir. Det kan skape utfordringar når dei skal få pass eller ID-kort. Saksbehandlaren må vere sikker på at dei har rette vedkommande framfor seg, og intervju, gamle førarkort m.m. kan vere ein del av eit totalbilete som gir deg pass.

Foto: Martin Torstveit / NRK

Frå tid til anna møter politiet folk som av ulike årsaker manglar ID.

– Gamle førarkorta kan vere eit moment på vektskåla når vi skriv ut pass til desse.

Kor mange dette gjeld, har ikkje Politidirektoratet oversikt over.

Fürstenberg seier dei brukar fleire metodar for å fastslå at folk er den dei påstår. Intervju, attestar, skattekort, og til dømes gamle førarkort.

– Vi har eit ansvar for å bidra til at alle får identifikasjonspapir, seier ho, og fortel at dei no har fått mobile passkontor.

Desse «pass-koffertane» reiser dei ut med til folk som ikkje greie å kome seg til politiet.

I Vest politidistrikt kom to slike pass-koffertar på plass i august 2022. Så langt har dei blitt nytta i underkant av ti gonger.

Vegvesenet: – Vi har eit godt system

Seksjonssjef Sigfred Sivertsen i Statens vegvesen seier dei har ordningar der folk utan identifikasjonspapir kan søke om unntak. Då må dei ha dokumentasjon frå helsepersonell.

– Kvifor fekk ikkje familien Ommedal opplysningar om denne ordninga?

– Om dei ikkje fekk det, så må vi beklage. Vi meiner vi har laga eit system som skal fange opp desse tilfella, seier Sivertsen.

Årsak til at dei trafikkstasjonane ikkje godtek gamle førarkort, er at dei ikkje har dei sikkerheitselementa som krevst i dag, forklarar han.

– Familien Ommedal synest det verkar rart at det gamle førarkortet kan nyttast hos politiet, men at de som har laga førarkortet ikkje godtek det?

– Eg forstår at nokon kan synest det verkar rart, men det er sånn det er. Vi meiner vi har ei god ordning der folk kan søke unntak om dei treng det.

Håper på meir forståing

Sivert Jan Ommedal håper Statens vegvesen endrar kurs, og at dei i likskap med politiet kan sjå på eit totalbilete for å fastslå identitet.

– Dei som jobbar med dette må ha litt meir innleving. Dei bør bli rundare i kantane. Det handlar om respekt for dei eldre og for dei pårørande som vil hjelpe. No er det så vanskeleg at ein berre gir opp.

– Har du forståing for at dei også må ha sine metodar å kontrollerer opplysningar på?

– Ja, eg forstår at reglar er reglar, men det er ikkje alltid dei passar for alle. Det er ikkje alle som har BankID eller like lett for å kome seg rundt.

For familien blei enden på visa at forsikringsselskapet har kome dei i møte med ei ordning. Bilen står i eit dødsbu etter faren, og det kan den halde fram med i eit par år til.

– Men så må vi finne ei løysing, seier Sivert Jan Ommedal.