Hopp til innhold

Sonen blei nekta pass av politiet: – Det er diskriminerande

Politiet meinte Hege sin son ikkje klarer å ta vare på seg sjølv i utlandet, og nekta han pass. Likestillings- og diskrimineringsombodet meiner lova må endrast.

Hege, passnekt, sønn

Hege meiner at son hennar blir diskriminert. Då passet hans gjekk ut, nekta Sør-Vest politidistrikt å gi han nytt.

Foto: Ingvild Stuedal Taranger / NRK

Dei tar frå han moglegheita til å oppleva verda, som er ein menneskerett for alle oss andre.

Hege sit på kjøkkenet sitt og ser på bunken av vedtak, avslag, legeerklæring og klager.

Son hennar har alltid hatt pass, men då det i fjor måtte fornyast, sa Sør-Vest politidistrikt nei.

– Eg blei sjokkert. Min første tanke var: «Kva er det dei held på med?»

Det er paragraf 5 i passlova som gjer at sonen ikkje fekk pass.

Son min har nokre diagnosar som gjer livet vanskelegare, men han har alltid hatt pass, og han reiser på ferie med oss. Det er diskriminerande at det blir relatert til diagnosar.

Hege, passnekt, sønn

Hege sin son blir ofte med familien på feriar til utlandet. Feriane er viktig for det sosiale livet hans.

Foto: Ingvild Stuedal Taranger / NRK

Politiet grunngir avslaget med utviklingshemming.

En ny søknad om pass kan ikke forventes innvilget så lenge det foreligger opplysninger om at du mest sannsynlig har en utviklingshemming som gjør at du ikke vil være i stand til å ta vare på deg selv i utlandet.

Sør-Vest politidistrikt

Legeerklæring tilrår at han får pass

Kroatia, Bosnia, Italia, Spania. Han blir ofte med på familieferiane, og kjekkast av alt er turane til Danmark.

Det er viktig for han å kunna reisa på desse feriane. Han har ikkje eit sosialt nettverk utanom oss.

Hege er verja til sonen, og ho har opplyst sonen om at det blir skrive om situasjonen hans. Sonen synest det er greitt.

Pass

Passloven §5 tredje ledd bokstav d er ein del av det førebyggjande arbeidet til politiet der formålet er å forhindra at personar som ikkje kan ta vare på seg sjølv, reiser til utlandet.

Foto: Ingvild Stuedal Taranger / NRK

I ei legeerklæring frå sonen til Hege sin fastlege står det at det har mykje å seia for helsa og livskvaliteten til sonen å ha høve til å reisa på ferie med familien.

Legen tilrår frå eit medisinsk perspektiv at han får pass med reiserett.

Men til lite nytte, for klaga blei avslått igjen.

Ikkje før fleire klager seinare og saka hamna hos Politidirektoratet fekk sonen endeleg innvilga pass.

Hege har brukt fleire tusen kroner på saka, mellom anna i advokatutgifter. Ho meiner det er viktig å løfta debatten rundt regelverket som tillèt passnekt.

Meiner lova må endrast

Eli Knøsen, fagdirektør i Likestillings- og diskrimineringsombodet, seier at det er i strid med menneskerettane at ein kan nekta pass på grunn av diagnose og funksjonsnedsetjing.

Det er absolutt ikkje greitt på nokon så helst måte. Eg blir ikkje berre trist, eg blir ordentleg forbanna. Det er inngripande i folks rørslefridom, og diskriminerande til dei grader.

Eli Knøsen, fagdirektør i Likestillings- og diskrimineringsombudet.

Eli Knøsen, fagdirektør i Likestillings- og diskrimineringsombodet, meiner me har eit lovverk som strir mot menneskerettar.

Foto: Thomas Eckhoff

CRPD-konvensjonen skal bidra til å motverka diskriminering på grunn av nedsett funksjonsevne.

Me har nettopp skrive ein stor rapport som handlar om norsk lovverk og korleis konvensjonen blir vareteken. Då er passlova ein av fleire lovar me meiner må endrast.

I rapporten til Likestillings og diskrimineringsombodet står følgjande:

«Slik den norske passlova er skriven, blir personar med utviklingshemming og alvorleg sinnsliding behandla ulikt i regelverket. Dette inneber at personar med desse diagnosane har mindre sjølvråderett og handlefridom når det gjeld å nyta rørslefridommen sin.»

Det er besynderleg at ein trur ein kan gjera som ein vil med denne gruppa, seier Knøsen.

Nekting av pass er eit inngripande tiltak

Dei siste fire åra har Sør-Vest politidistrikt treft rundt ti vedtak i året om passnekt på same grunnlag som for Hege sin son.

– Politiet har forståing for at det blir opplevd negativt å bli nekta pass ettersom det avgrensar moglegheita til å reisa utanlands. Terskelen for å nekta pass er derfor høg, seier Ketil Remman, fungerande leiar ved felles eining for utlending og forvaltning i Sør-Vest politidistrikt.

– Det er likevel viktig å understreka at sjølv om ein person blir nekta vanleg pass, så kan politiet likevel gi pass for ei enkeltreise, dersom det ligg sterke velferdsgrunnar føre, seier Remman.

Marit Nordsveen Bjørndal som er fungerande seksjonsleiar i Politidirektoratet seier dei er klar over at nekting av pass er eit inngripande tiltak.

– Det er viktig at begge vilkåra i føresegna er oppfylte for at nekting er heimla i lov. Dette inneber at det ikkje er tilstrekkeleg at vedkommande til dømes har ein diagnose som svarer til alvorleg sinnsliding. Vedkommande må også vera ute av stand til å ta vare på seg sjølv i utlandet.

Hei!

Har du tanker om saken du har lest, eller innspill til hva jeg burde skrive om? Send meg gjerne en e-post!