Hopp til innhold

Høyanger blir truleg prøvekanin for skulemodell med 13 årstrinn

Det er venta ein kraftig nedgang i elevtalet ved dei vidaregåande skulane. No kan dei bli slått saman med barne- og ungdomsskular.

Høyanger vidaregåande skule

FRAMTIDAS SKULE: Høyanger går i front for å drøfte det som kan bli framtidas skule her i fylket, nemleg ei samanslåing av vidaregåande og barne- og ungdomsskular

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Høyanger kommune ser ut til å bli prøvekanin når fylkeskommunen no arbeider med å lage ein skulebruksplan. Det skriv avisa Firda.

Må spare millionar

Bakgrunnen er at elevtalet i den vidaregåande skulen i Sogn og Fjordane er venta redusert med 200-300 elevar i perioden 2012 til 2016 og med 400-600 elevar i perioden 2012 til 2024.

Fylkesrådmannen tilrår at ein i arbeidet med skulebruksplanen må synleggjere ei økonomisk innsparing. Han tilrår ei innsparing på 39-53 millionar kroner i perioden fram til 2016 og ei innsparing på 64-88 millionar kroner i perioden fram til 2024.

Dagens opplæringstilbod må tilpassast framtidas elevtal, og dette vil gjerast anten ved tettare samarbeid mellom dei ulike skulane eller samanslåing.

Høyanger blir først ut

Fylkeskommunen ønskjer at Høyanger kommune er med på å greie ut ein modell for 1-13 skule i Høyanger. Kommunen har saman med Høyanger vidaregåande skule allereie begynt å drøfte korleis dei kan få til eit utvida skulesamarbeid. Det skriv Firda.

– I Europa er normalen at ungdomsskulesteget og vidaregåande er eit felles løp. Eg trur det kan ha klare vinstar også her hos oss. Ikkje minst for mindre skular, seier Høyanger-rektor Ottar Hjetland til avisa.

Hjetland trur ei slik formalisering av skulen kan ha mange fordelar, ved til dømes å dele dyrt utstyr som laboratorium. Han meiner også at ei omorganisering er betre enn nedlegging og sentralisering.

– Blir Høyanger og Dale vidaregåande skule lagt ned, må fleire hundre elevar over til andre skular. Det vil bli eit kjempepress i Førde, som igjen kan føre til at fylkeskommunen må byggje ein fjerde skule der, eller utvide Hafstad og Øyrane, seier Hjetland.

Aktuelt for fleire skular

I tillegg til Høyanger, har også dei vidaregåande skulane i Dale, Årdal, Stryn og Eid uttrykt at det kan vere aktuelt å drøfte ei organisering i 1-13 eller 8-13 skule, skriv Firda.